fredag 31. desember 2010

Godt Nytt hageår.

★ 。* 。*。* 。* 。* 。* 。* 。*。* 。* 。*。* ★
╔═════════ ೋღ❤ღೋ ═════════╗
ೋ Godt Nytt hageår! Snart kjeme våren ೋ
╚═════════ ೋღ❤ღೋ ═════════╝
★ 。* 。*。* 。* 。* 。* 。* 。*。* 。* 。*。* ★

fredag 24. desember 2010

God Jul :)

Eg ønsker alle som er innom her
ei Riktig God Jul c",)


søndag 5. desember 2010

En fin 2. søndag i advent, i vinterdrakt :)

Først vil eg ønske alle en strålande flott 2. søndag i advent :)


Hos oss har vi fått ett kvitt teppe på knappe 5 cm i natt,
det gir fin stemning i juleforberedelsane :)

Har hatt meg ei runde rundt i hagen og knipsa litt vinterbilder.

 Vi har til og med hatt besøk av ørna i dag.
Den flaug rett over hustaket til naboen.
Mitt bilde vart ikkje nærbilde då, 
det teke litt tid å finne kameraet ;)








fredag 3. desember 2010

Ett skritt nærmare jula :)

 Endelig er sprossane til kjøkkenvinduet mitt på plass :)
Flinke sonen min har laga dei til meg,
etter ønske og beskrivlse/mål frå meg.
Siste dagane har det hengt til maling/tørking på kjøkkenet,
mellom benk/skap og kjøkkenvifta.....


Men i dag er det på plass, og eg kunne henge opp dei 
tre første hjerta i adventskalendaren min :)
Var/er veldig glad i skomakar Andersen :)


Til og med utafrå vart det fint :)

Eg hadde tenkt å male dei raude å ha dei oppe berre i juletida.
Men heldigvis for at dei vart malte kvite og kan vere i vinduet
året rundt. For det litt for store vinduet mitt vart plutselig mykje 
mindre og koseligare. Hylla i vinduet blir nok også malt kvit,
men det får vente til etter jul :)

Kosar meg no i førjulstida; høyrer masse julemusikk, 
eter (opp) julekaker, bakar litt og puslar med litt julegaver :)

Ha ei fin førjulstid alle sammen :)

fredag 26. november 2010

Bake kake søte :)

No e det baking det går i her hos meg :)
Har laga 3 sortar siste dagane,
og den eine sorten må bakast på nytt - det blir fort tomt gitt.
He en stor kar som kjem innom no og då,
'he du noke gode cookies' mamma' ;) 
Og det he ej selvfølgelig :)


Litt prøvesmaking må til :)

søndag 21. november 2010

Blomstring i dag, Oktoberbergknapp og Kinasøte :)

Ett par som lurte i forrige innlegg på om
blomstringa var over hos meg ;)
Neida det er den ikkje :)
Oktoberbergknappen er fremdeles flott.
Og Kinasøten tinar opp i sola kvar dag og lyser blått :)


Blomstring i oktober-november :)

No har frosten 'tatt' hagen min,
men det er ikkje lenge sidan det var blomstring her.
Eller heilt fritt er det ikkje,
Oktoberbergknappen lyser like raudt endå,
og Kinasøta tinar og lyser blått i sola kvar dag :)

Ønsker du sein haustblomstring er desse 
staudene klare favorittar i hagen :)

Her er bilder tatt i 31. oktober:
Oktoberbergknapp
Kinasøte
Høstsolbrud 'Moerheim beauty'
Sølvevigknapp
Matrem
Revebjelle 'Strawberry foxglove'
Blodstorkenebb
Aurikkel

søndag 3. oktober 2010

Nyklipt plen og fremdeles blomstring i hagen :)

I dag regna det,
og då er eg glad for at eg klipte plenen i går :)
Fikk skikkelig hageånda over meg,
klipte plen, klipte kantanr inn til beda, renska i beda :)
Deilig å få tatt hagen skikkelig før
hausten setter inn for fullt :)


Det er fremdeles en del blomstring i hagen min,
men heilt klart litt meir nærsynt nyting.
For hausfargane og visning pregar nok beda mine også :)
Men innimellom lyser det opp flotte stauder i blomst :)




Og Kinasøta den er i ferd med å bli fantastisk no,
den blåfargen lyser virkelig opp i beda :)


Hadde oss også en kjekk tur nedi fjørå 
å spidda pølser i går ettermiddag :)
Har blitt nokre fine turar dit ned siste måneden.
Deilig at vi har hatt sånt flott ver i det siste :)

Ha ein fine søndag :)

fredag 1. oktober 2010

Støtt 'Rosa sløyfe-aksjonen 2010' :)


Send ROSA til 2242,
og få ei rosa sløyfe på mobilen.
Det koster 30 kroner.

tirsdag 7. september 2010

Min sommartur - Bergen, Lillehammer, Eikesdalen, Atlanterhavsveien og blomster.. :)

So har sommaren gått, som en røyk..............
Men eg har hatt en virkelig opplevelsesrik ferie,
på godt og 'vondt' - eller iallefall en skremmeande opplevelse!!
Naturopplevelsane har stått i kø, og eg har tøyd ett par grenser
og virkelig overraska meg sjøl med å tørre.... ;)

Forrige innlegg enda på Svidalsneset ved Jølstravatnet, for nøyaktig 6 veker sidan :)
Sommaren har gått fort, og blogging har vorte prioritert vekk.
Men no skal eg prøve å ta ei oppsummering av sommaren min,
med både opplevelsa og blomster :)
Turen vidare frå Svidalsneset gikk til Bergen :)
Der har eg bodd i ti år, so det var som å komme heimatt det :)
Eg er veldig glad i Bergen, spesielt i Åsane - for det var der eg bodde <3
I Åsane bodde vi hos storesystå te lissjetausa i huset :)
Kjempekoselig veke med både små og store tura :)
Vi hadde oss en tur med Fløybana, vi vandra på torget, 
såg på yrande båtliv og spaserte ved Tyskebrygga -
og selvfølgelig en tur på Peppes Pizza på Zakariasbryggen,
mmmmmmmmmmmm nyyyydelig pizza :)  



























Vidare frå Bergen gikk ferden østover.....
Første stopp var Eidfjord, ei fin perle i Hardanger :)
Vi hadde berre ett stopp på ett par timar,
men vi rakk både is og å kike oss rundt :)
Hotellet i Eidfjord.














Vi hadde også ett stopp for å kike på Vøringfossen,
en skremmande og flott opplevelse.
Eg likar meg egentlig ikkje ved sånne høgder,
men likevel kjekt å få med seg :)


















Vi overnatta ei natt på Hardangervidda,
på en rasteplass ved Halnefjorden,
vi og ett par bobilar frå Nederland :)
Ei nydelig utsikt når vi våkna om morgonen, storslått natur :)













Vi hadde oss ei veke i Tunhovd, der vi besøkte familie og venner :),
før ferden gikk vidare mot Lillehammer :)
Vi kjørte over Golsfjellet, muligens norges verste vei - hol i hol i hol i hol.....

Utsikt utover Valdres :)











På Lillehammer låg vi på Lillehammer camping, den ligg fint til ved Mjøsa.
Lillehammer er en flott by, kjem gjerne hit igjen.
Utsikta frå vogna vår på campingen.

















Badeplassen ved campingplassen.














For meg som er glad i blomster, Lillehammer blomstrar :)


















Hadde oss en tur oppi Lysgårdsbakkane.
Tok til og med stolheisa opp,
eg med min høgdeskrekk ;)))) Flink :)))))



















Kornåker, nyyyydelig :)













På veien vidare nordover stansa vi med Ingrid frå Lora i Lesja kommune,
henne kjenner eg frå hagegal. Ho hadde en flott og innholdsrik hage.
Og ei kjekk dame å besøke - stoppar gjerne fleire gongar vi :)
 Frå hagen til Ingrid.



















Turen gikk vidare til Vike langs Eikesdalsvatnet.
Og her fikk vi oppleve virkelig storslått natur, høge fjell og ville veiar!!
Men for ei idyllisk perle :) - sommarstid iallefall, er nok litt usikker på om 
eg ville trives her vinterstid ;) Men en flott plass :)


















Vi hadde oss en heftig biltur til fjell mens vi var her inne.
trudde eg skulle berre litt opp i en fjellvei
og hente noken so hadde vore til fjells ;)

Og biltur vart det, noke villare enn eg hadde tenkt meg......
Eg har en fryktelig høgdeskrekk,
trives vel ikkje når eg mister kontrollen uansett grunn egentlig....
Og her mista eg kontrollen ja, var rett og slett livredd - 
fabulerte både om helikopter (med min flyskrekk hi hi)
og kanskje berre bli verande der eg var......

Vel etter ei stund på kafeen ved Aursjødammen, 
klarte eg å komme so pass til hektene at eg kom meg nedatt,
klarte til og med å stoppe ett par gongar for å ta litt bilder ;)
























Fram til 1991 var ferje den einaste måten å komme seg til Eikesdalen.
Då kom det veg til bygda.
Dette er siste ferja som gikk her, den tok 8 bilar.
Ferja før tok 4 bilar ;)














Ein tur for å oppleve Atlanterhavsvegen vart det også :)
Masse flott natur :)


















vi kjørte om Molde på vei heim i strålande sol.
Det var stor båttraffik den dagen, 
båtar som var på vei heim frå Nordsjøstivalen i Elnesvågen.


















Midtfjords møtte vi andre ferja som traffikerer på Moldefjorden :)






Vi kom heim etter litt over 3 veker på tur,
til en vill og frodig hage - der var det mykje å ta fatt på ;)
Sol og flott ver var det også, so vi var nokre turar på stranda :)


















En del blomstring i august :)
Høstsolbrud - Helenium 'Moerheim beauty'
og Daglilje - Hemerocallis 'Frans hals'.


















Eg sådde blandt anna Auriklar frå sjølsanka frø
i beg. av juni, med godt resultat :)
Må vere nesten 100 % spiring :) Eg har no 115 prikla småttisar :)
Ellers har eg knaska sukkererter i store mengder kvar dag, nam nam :)


















Trebåtfestivalen i Ulsteinvik har eg også fått med meg,
masse flotte trebåtar :)


















Fjelltur har eg hatt :) og tur på sjøen i båten, 14 fots med påhengs :)
Vi har hatt nydelig sommarver i det siste, utrulig deilig :)
På Melshornet, 668 moh.
























Fisk vart det også :)


















Blomstring i hagen no i september :)


















































Det vart langt dette her, med masse bilder :)
Men det var vanskelig å luke vekk :)

Ha en flott høst, forhåpentligvis med flott ver framover :)