søndag 31. januar 2010

Titt titt, her er eg :) Ei oppsummering av januar.

Vart ei lita bloggtørke her ja :)
Men januar er heller ikkje min største hagemåned.

No har vi kome til siste dagen i januar,
og det lakkar sakte mot vår,
eg kjenner at det rykker litt i hagesjela mi no.
Men med all den snøen vi har her,
er det ennå ei stund til eg kan starte mi haging.
Dei frøa eg sår, sår eg når det nærmar seg litt meir sommar.

Men litt naturopplevelsar har eg no hatt i januar då,
både snø og temperaturmessig :)
Ein sånn vinter er det leeeeenge sidan eg har opplevd,
og flott har det vore :)
Men no treng det ikkje ramle meir kvitt frå oven,
det helde med det vi har på bakken no.

Eg startar oppsummeringa i feil ende:
I DAG:

I dag har sola varma skikkelig,
so eg har for første gong i år såtte ute og kosa meg,
med strikk og kaffe :)


Nabokjerringa måtte vel tru eg var litt sprø,
men ho kjenner no meg.
Ho har sagt at eg er den einaste ho har sett 
som lukar beda med ein kaffaekopp i handa også so.... :D

Vel det var deilig å sitte ute,
heilt til sola gikk ned brrrrrrrrrrr -
metallstrikkepinnar er KALDE :)


Litt bilder frå januar:

3.januar:
Snø har vi som sagt hatt nok av:

 

Og det fortsatte, her 4. januar:


Men so gav snøveret seg, og vinterveret vart nydelig :)
Vi har gått litt på ski,
her frå lysløypa på Leikong :)
Ei kjempeflott lysløye.
Ei trolsk stemning å gå på ski i mærket,
berre opplyst av gule lys :)








Frøboksa var også innom meg.
Piå mi syns det vart spennande.
Nokre frø fant eg, og nokre putta eg oppi.

 

 

Fredag og lørdag satte det igjen igang med ett voldsomt snøver,
greit med litt sidan den snøen som låg
hadde blitt ganske skitten og stygg.
Men det får vere en måte med alt - NO ER DET NOK!!

I dag tidlig: morgenstemning :)
Utsikta frå stovevinduet mitt.


Hagen ligg bada i strålande sol.
Vi er so heldige at sola er i hagen gjennom heile vinteren,
men merkar veldig godt no at sola varmar godt :)

 

Ha ei fin veke folkens :)
Kjem innom her meir etterkvart,
kanskje når snøklokkene kjem ;)
Men dokke må ikkje tru at eg ligg og søv når det er tørke her inne :)
for der er eg i aller høgste grad aktiv.

fredag 1. januar 2010

Fjorårets siste dag og nyårets første dag i hagen.

Har tatt litt bilder rundt i hagen på fjorårets siste dag,
og på det nye årets første dag.

Ett par roseknuppar som ikkje rakk å sprette ut
før frosten kom, like før jul.



Bær på Bulkemispel.

 

Vi hadde maaassevis av snø å måke i går,
etter ett par dager vekke på julebesøk.

 

Det er mange år sidan hagen har vore så nedsnødd i romjula.



En Astilbekvast titta opp frå snøen.



Månen kjem opp nyttårskvelden.



Bilder frå 1.januar 2010.

Små isjuklar heng ned frå taket.

 

I dag låg hagen bada i sol :)

 

I det sola holdt på å gå ned.

 

Sola held på å gå ned - 14.40.
I dag kom den opp ca 12.15 hos meg.

 

Vi gikk oss en tur på ettermiddagen i dag,
piå mi gikk på ski :)

 

Godt Nytt År :)