søndag 27. september 2009

Klematis 'ville de lyon' og frilandstomater :)

No er 'ville de lyon' nydelig :)
Men den deler ett stativ, sammen med 'multi blue',
som held på å bryte sammen.
Eg laga det sjøl av rogn-greiner for ett par år sidan,
og no er greinene ganske tørre og sprø.
Stativet har fått seg ett par sterke stormar i sommar/haust,
litt meir enn det har tålt.
Eg veit eg må lage nytt stativ eller flytte den en annen plass.
Dei veks i ei potte, so det er greit nok.
Men eg må finne ut kvar den skal stå,
og eg MÅ ha litt bedre ver for å ORKE ut å gjere det.
Får håpe den får blomstre frå seg før stativet bryt heilt sammen,
for ryk staivet slitnar greinene også.
 For ett par dagar sidan rusla eg og piå mi
ei runde rundt i hagen, mellom ett par regnbyger.
Såg litt på blomster her og der,
so stod kjøkkenhagen for tur - litt å sjå der og.
Knaska litt sukkererter, og nokre gulrøtter.

So måtte vi sjå litt på tomatplantane også,
sjøl om vi hadde avskrevet all tomatavling i år.
Vi skulle til å gå vidare når piå mi sa eg måtte komme
og sjå kva ho hadde funne inni tomatplantane.
Trudde det var en edderkopp eller ett anna insekt.

Men jammen var det tomatar ho hadde funne :)
Ca 15 stk - frå 6-7 mm til ca 4-5 cm i diameter.
Dei to største var bifftomatar.
On nokre cherrytomatar på ca 2 cm var der også.
So desse skal eg prøve å modne inne, sammen med epler.
Eg modna tomatar sammen med epler i fjor også, det fungerte fint.

Då veit eg, at får eg til tomatar ute
i dette veret som har vore i sommar,
då får eg det nok til med bedre sommarver også.
Hadde egentlig avskrevet tomatar en gang for alle.
Men prøvar nok igjen :)




lørdag 26. september 2009

Røtter av Alex Haley for 25 kr :)


I dag var en innom en bruktbutikk i Syvde.
Der var gamle bøker i massevis,
og plutselig kom eg over ei bok eg har leit lenge etter :)

Eg har også leita etter denne boka
på bruktbutikkar på nettet uten hell.
Systå mi fant den brukt på nettet for nokre år sidan.

I dag var eg heldig - for 25 kr!!! :D

Serien gikk på NRK i 1978, då var eg berre 10 år,
og selvfølgelig for lita til å sjå den.
Men eg prøvde meg på å 'vere sjuk'
og få ligge på sofaen under ett pledd ;)
Men mamma gjønåskua meg fort - hi hi.
Og då var det marsj i seng gitt :)

Men eg hadde alltid lyst å sjå den.
I 2000 eller 2001 gikk den på NRK2 i reprise.
Eller var det begge åra??
Iallefall såg eg den då på ett lite tv med dårlige signal,
mest i kornete svart/kvitt.


søndag 20. september 2009

Krabber og fårikål :)

I helga har vi vore i Syvde på helgebesøk :)
Vi og piå vår har kosa oss inn med mormor og besten
.......
I går kveld var vi 6 stk rundt bordet
og hadde ett bedre måltid med krabber og kvitvin :)
Dei fikk masse krabber, så dei måtte kokast i fleire omgongar.
 Piå mi syns nok dei var lit skumle.
Litt større enn dei vi fangar i fjøra ;)
 
I mange sine auger er eg nok litt pinglete,
eg eter altså berre krabbeklør :D
Men med sånne mengder med krabber,
og når alle dei andre et alt -
då kan eg berre fråtse med god samvittighet :)
I dag stod nydelig fårikål på menyen :)
Ett skikkelig herremåltid. 
På veien inn til Syvde, i Årvik, står denne verna telefonkiosken. Det står vel 100 stk rundt om i landet.
 So på vei heim i dag oppdagar vi dette skiltet.
Det har stått der i alle år uten at vi egentlig har 'sett' det.
Dette skiltet er ganske kult syns eg.
Skal tru kor gammalt det er ?


Ha ein fin søndagskveld :)


fredag 18. september 2009

Høst i hagen, men endå har eg litt blomstring :)

I dag har vi hatt eit fantastisk ver :)
Varmt og lettskya.
Men uansett so må nok sjøl eg innsjå at hausten
har inntatt hagen min.
.......
Litt blomstring har eg likevel endå :)
.......
I dag spratt første blomst på Clematis 'ville de lyon' ut :)
Og den er FULL av knuppar.

 Ein aldri so 'liten' collage av blomstringa eg fant i hagen i dag :)

Sjøl om hausten har inntatt hagen min,
innholder den ett eldorado av objekter
for meg som også elskar å fotografere.
Det er ikkje mindre kjekt å ta bilder av ting og tang som er på hell.
.......
Dagliljer som er i ferd med å spre frøa sine.
 Prestekragar er kjempeflotte å fotografere no.
Dei er egentlig finare på bilde når dei har visna,
enn når dei er i full blomst.
Kryp du lenge nok langs bakken med fotoapparatet
finn du mykje flott å feste til  'filmrullen' :)
 Sopp, stubbe og visne bregner :)


Kryssar fingrane for ein ny flott dag i mårgå :)

Og jippi, endelig er fredagsunderholdninga på plass igjen -
'beat for beat' og 'nytt på nytt' :)


tirsdag 15. september 2009

I går fanga eg sommardagen :)

I går hadde vi en flott dag,
minte mykje om ei varm seinsommardag :)
.......
Temperaturen var varm og deilig
og sola stråla frå knallblå himmel heile dagen.
.......
Då måtte eg berre fange 'sola' og himmelen på bilde :)
.......
Solsikke.
 
Helenium 'moerheim beauty'.
Stokkrose.
 
 Crocosmia
 
 I dag hadde vi også ein ok dag, men noke meir vind enn i går.
Ettermiddagen i går var sånn passe hektisk,
so plenen rakk vi ikkje å slå.
.......
I dag kom eg heim til nyslått plen - ett fantastisk syn :)
.......
No i kveld har det igjen pissregna,
men no er iallefall plenen nyslått og fin :)

søndag 13. september 2009

Hagebesøk av Magnar, Torill og Lotta.

I dag formiddag hadde eg ett koselig hagebesøk :)
Magnar og hans fru, Torill - frå Harstad 
og Lotta som bor på samme plass som meg :)
Magnar og Torill er på vei nordover
frå ei rundreise lenger sør på vestlandet.
Og eg var so heldig at dei hadde tid
til å komme innom meg og hagen min :)
.......
No er ikkje hagen akkurat noke å skryte av,
vekkregna og høstlig som den er,
men det er no uansett koselig
og vandre rundt sammen med likesinna :)
.......
Og tenke seg til - vi som har hatt regn i vekesvis -
fikk en dag med oppholdsver - akkurat som bestilt ;)
.......
Det vart tid både til litt koselig hageprat
og servering før dei måtte farte vidare til Surnadal.
På menyen stod fiskesuppe og eplekake med vaniljeis :)
Og som Torill sa: dei hadde smakt verre  ;)  :D
.......
Torill var litt uheldig med brillene sine 
rett før dei kom fram til meg,
eine brillestanga knakk av.
Men med hjelp av gubben i huset
og litt gaffatape var brillene nesten som nye ;)
Torill var iallefall storfornøgde :D
Torill, Magnar, Ole Ingar (gubben min) og Lotta inntek fiskesuppa :)
 Etter fiskesuppa var det varm eplekake med vaniljeis.
Er so heldig at eg har epletre i hagen min.
Og sånne litt sure epler er kjempegode å bruke til eplekake.
Dagens bukett på bordet:
Prestekrage, crocosmia, astilbe chinensis, Artemisia,
Oktoberbergknapp, Lavendel og Akssøyleblomst.
Litt norske navn og litt latinske ;)
Takker for kjempekoselig besøk,
kjekt å ha en kropp å henge på bildet
eg har 'prata' med på hagegal i mange år :)
.......
Kanskje reiser eg til Harstad
og besøker hagen til Magnar og Torill også en gang :)
Ha en fin søndag alle som tittar innom her :)

tirsdag 8. september 2009

Det er ikkje størelsen det kjem an på ;)

Ute e det skikkelig ruskever no.
Det er venta storm utover natta,
so alt ute i hagen er basta og bundet.
Og båten har gubben tatt opp på land.

I vår sådde eg både agurk- og tomatfrø.
Men eg var ikkje særlig optimist,
for eg hadde ingen plass å ha dei innomhus.
Og det har heller ikkje vorte særlig vellukka.

Men her hin dagen oppdaga eg plutselig denne lissje agurken.
Og eg har alltid hørt at det er ikkje størrelsen det kjem an på ;)
Ein agurk er ein agurk :D

Edderkoppar har vi overalt rundtom i hagen.
Piå mi ville pynte nettet her med en liten blomst.
Og den hang fint den ei stund,
heilt til sjefen sjøl kom og rydda opp.
Den jobba ei lita stund, og vips falt blomsten ned frå nettet.
Det var fasinerandes å sjå på :)


No i kveld kom gubben med denne sneglen - grøss og gru.
Har lagt bilde av den inn på hagegal,
og både eg og der inne trur det er en Boasnegle,
eller kanskje fetteren ;)
Men uansett so er den meir brun enn om den var svart -
so den er arkivert i SALT!!
Fremdeles har eg litt blomstring i hagen min,
om enn meir nærsynt enn det var i sommar.

Tre auriklar blomstrar på nytt :)
Den oppe i høgre hjørne er egentlig heilt kvit,
men var ganske skitten stakkar.

Desse nebba blomstrar no.
Geranium cinereum ballerina, nede i høgre, hjørne har blomstra
heile sommaren uten opphold.
Ellers blomstrar det litt her og der rundt omkring.
Håpar vi snart får noken fine dagar,
sånn at vi kan få nyte hagen litt før alt er en saga-blott for i år.








Ha ei fin veke alle sammen :)