onsdag 15. juni 2011

Eg fant en stein :)

I ettermiddag hadde vi flott hagever,
ikkje akkurat sol men oppholdsver og varmt.
Fikk tatt masse kantar inn til bed og litt anna hist og her.
Eg trur eg har 2-300 meter med kantar i hagen.... 
og det er masse det, for eg river alt med hand ;))
Har hatt nokre kantsakser, men har aldri funnet ei eg har likt.
Og kantklippar blir ikkje aktuelt, for eg kan ikkje fordra
grasrusk inni beda ;)) Litt sær?? Javel ;))
Alle beda mine er kanta med ståande skiferstein, 
so då kjem eg ikkje inntil med plenklipparen heller.

Vel i ettermiddag skulle eg ut og rake opp alt kanterusk,
og få det vekk fra plenen. Plutselig hadde eg begynt med
noke heilt anna... eg har sett ett lite glimt av en stein 
borti hagen her.... nesten heilt dekt av mose/torv og div.
krypande blomster/ugras. Eg letta litt på torva og såg at
dette var en ganske stor stein under der. Inni skuffa og fant en kniv....
Og vips, etter litt arbeid hadde eg funne ein fin
'settesegnedogkikenedoverhagenogutoversjøen'-stein :)



Rundt stubben har eg fått tatt skikkelig også i dag :)

mandag 13. juni 2011

Nebb, Akeleier og anna blomstring :)

Sjøl om eg ikkje vil skryte av noken varme hittil denne 
sommaren (som heldigvis berre so vidt har begynt), 
so blomstrar det på kvar ei tue rundt i hagen no. 

Feks ein Iris her, som vil blomstre for første gong i år :)


Sommaren 2008 sådde eg 3 sortar Akeleier. 
Er egentlig ikkje so veldig glad i Akeleiene, 
mest pga den voldsomme frøspredninga. Derfor ville 
eg kun ha spesielt fine Akeleier. So eg vart veldig skuffa 
i fjor når den første akeleia spratt ut, 
og det var ei sånn vanlig og enkel blå-lilla Akeleie. 


Vel, den fikk stå og i år begynte også fleire Akeleier å sette 
knuppar. Og gjett om eg vart glad når ei etter ei spratt ut. 
Det var kun den eine som ikkje vart som 'morfrøa' :)

Her er resten av dei som eg sådde:
Aquilegia clematiflora


Aquilegia 'nora barlow'


Aquilegia vulgaris 'ruby port'


Nye nebb i hagen min :)

Rosestorkenebb - G. maccrorrhizum.


Himalayastorkenebb - G. himalayense 'birch double'


Blodstorkenebb - G. sanguineum.


Lewisia longipetala 'little plum' 


Diverse anna blomstring her og der:








Her står rosestorkenebba i forkant klar til å kvele 
skvallerkålen som kjem snikande frå naboen!!!!!

søndag 5. juni 2011

Nebb og Akeleier :)

Då er det nebbetid i hagen min :)
I tillegg til primulaene mine, 
står nebba mine i ei særklasse i hegen min :)








Sådde nokre Pratenser for ett par år sidan og alle untatt
en vart grønblada. Denne har stått litt dårlig til, so den
har ikkje vokst noke særlig eller blomstra.
I år har den fått ega potte i bedet, so vekse den bra.
blir spennande å sjå den når den blomstrar :)


For ett par år sida sådde eg også 3 sortar akeleier,
der opphavet var 
'Nora barlow', vilgaris 'ruby port' og clematiflora :)
i fjor (og no i år) blomstra en sort.... ikkje det eg 
hadde sådd... men grei nok. Var litt skuffa...

I år har en til sprotte ut,
og det er nok heilt klart A. clematiflora :))))


Endå en står med knoppar, blir artig å sjå kordan den blir :)


En til frøsådd liten sak står med knoppar :)
Delphinium nudicaule


Har satt ned fleire kirgisløka, men har ikkje fått 
blomstring, før i år.... på EN!!
Kordan skal desse plantast?? Noken som veit.
Det kjem opp nokre puslete blad, so blir ikkje 
det noke meir. So dumt, for dei er nydelige :)


Spaniablåstjernene tittar fram frå steinhella :)


Og ein liten frøsådd stemorsblomst :)