torsdag 19. november 2009

Dag to av årets julevask :)

Feriedag nr 2 er over,
og eg har kome ett laaangt skritt vidare i min julevask :)
Eg har fått vaska stova, gangen og badet frå tak til golv.
Og inni alle skap :)
Alle vindu og speil er vaska og pussa.
Dei er pussa med silkepapir,
kjempeflott å pusse med, null loing :)


 
I mårgå skal piå mi i barnehagen og boda mi på loftet står for tur.
Skulle egentlig begynne med den i går,
men med piå mi heime ville det virke mot si hensikt.
For eg har tenkt å late att augene og kaste,
og der er vi nok ikkje enige, piå mi og eg ;)

So då er det best å gjere det når ho er i barnehagen - hi hi.

Ellers har vi kosa oss med mandarin i dag



dei første dette året.
Dei både lukta og smaka jul, nam nam :)

Ha ein fin kveld :)

onsdag 18. november 2009

Julevask :)

Den første av 3 feriedagar er over,
og kjøkkenet mitt er ferdig nedvaska til jul :)
Frå innerst i alle skap til 'krokar og kræ'.,

No luktar det deilig av Ajax her.



So no blir det deilig å få sette seg ned og slappe av
med  en kaffekopp og slenge beina på bordet ;)

Julekakeboksene er også vaska
og klare til å bli fylte med småkaker :)
Her har vi julemannspanna mi.


Vart litt amputert denne første feriedagen min,
for i helga fikk lissjetuppå mi skarlagensfeber.
Men no har ho fått antibiotika og er snart klar for barnehagen  :)

I mårgå blir det nye tak med vaskefilla for meg :),
mens julemusikken fyller huset :)

Ha ein fin kveld folkens :)

lørdag 14. november 2009

Ny Jule-cd av Sissel og Odd :)

Ny jule-cd på meg i dag - JIPPI :)















Denne var på Coop-tilbud no,
men coop-kort har eg ikkje....

Men det har mamma :D
og denne helga er vi på Syvde-besøk,
so då kjøpte eg denne cd'en,
og fikk den for medlemspris med mamma sitt kort :)

Har jule-cd'ar i mengder,
men so høyrer eg også julemusikk
i kvar ledige stund heile desember :)

Prøvar å ikkje starte med julemusikkspelinga
før 1.søndag i advent.
Men det spørs om eg ikkje tjuvstartar litt i år,
har planer om skikkelig julevask i slutten av neste veke ;)
og det går nok raskare med litt juleinspirasjon :)

Ha ei fin helg alle som er innom :)

søndag 8. november 2009

Farsdagsmiddagen steikt på grue ved sjøen

En fin og innholdsrik farsdag er over for i år :)
Dagen starta med farsdagskort
(og enkle gaver, er ikkje so opptatt av
å støtte handelsstanden på sånne dagar)
frå piå til papsen, på senga :)

I år hoppa vi over frokost på senga,
men overraska heller papsen med en god frokost :)

På formiddagen vart det litt 'jobbing'
med nokre møblar vi holder på å fikse på.
Det var fint pussever,
so då var det ut med møbane for pussing.
Bilder av det kjem eg tilbake med når dei er ferdige.

Middagen i dag var ein overraskelse frå piå til papsen.
Ho valgte å lage den på bål i fjøra :)
På menyen i dag stod det fisk og ris.
Høyres kanskje kjedelig ut det,
men nei - det er nyyyydelig :)

Risen kokte vi (naturris, boil in bag) før vi gikk nedi fjøra.
Torskefiletar la vi i folie, krydra med peppermiks og salt.
La på en 'klatt' med meierismør og masse brokkoliblanding.
Pakka pakkane godt inn.

Vi brente ett lite bål nedi fjøra med grillkull i botnen

sånn at det skulle vere nok glør å steike fisken oppå.
Fiskepakkane låg på glørne ca 20 minutt.


Nytes!!
Kan absolutt anbefales :)


Kan middagen bli bedre
når en attpå den deilige maten har ei sånn utsikt??



 

Etter middagen kosa vi oss heime med deilig gelekake :)


Og cup-finalen mellom Ålesund og Molde.
Vi lot ikkje ein fotballkamp ødelegge en god middag i fjøra,
derfor tok vi opp kampen.
Kjempespennande kamp, med fortjent seier til Ålesund.
Rart gitt, eg som absolutt ikkje er interessert i fotball,
eg var den som ropa høgast når Ålesund skåra - hi hi.

Kaka var forresten pynta med denne duppe-dingsen frå TupperWare.



Den har lagt i ei skuff sida eg fikk den - ubrukelig.
Men den var faktisk kjempegod :)
* ingen grising med kremen,
* plass til mykje krem inni den,
* god å sprøyte med
* null svinn av kremen.
Så finnes den i skuffer rundtomkring, finn den fram og bruk den :)

fredag 6. november 2009

Dagens blomstring - forbausande mykje :)

Siste dagane har vi hatt eit flott seinhaustver :)
Og det er deilig etter den våte sommaren vi hadde i år.

I dag kom eg meg heim frå jobb før det mørkna ute,
og tok meg ei knipserunde i hagen.

Og det var forbausande mykje blomster ute,
når eg leita litt innimellom.

En som virkelig er flott,
er min Clematis 'ville de lyon'.
Den blomstrar og blomstrar
og har endå massevis av knoppar :)


Og her er resten av blomstringa i dag:









søndag 1. november 2009

Ei fantastisk helg på Bjorli :)

Denne helga har eg vore på Bjorli, i ei flott hytte :)

Der har eg og piå mi vore
sammen med ei veninne og ungane hennar.

Vi har kosa oss skikkelig heile helga,
lange late dagar og god mat.
Ungane har også fått aka seg masse,
på lørdagen aka dei ved trekket, i snø frå snøkanon.
I dag tidlig våkna vi til snø,
ca 5 cm hadde det kome iløpet av natta :)
(Men veret i dag var sol og rundt null grader)


Då var det fram med skia, dei trakka rundt
både på terassen og rundt hytta:)
Dei var ute allerede rett etter frokost :)

Litt ut på dagen i dag reiste vi heim.
 Det var kjekt med snø og litt forsmak på vinteren,
men godt å komme heim til 13 VARME grader.