Kjenner at lysta til å gjere noke ute i hagen,
kjeme stadig oftare og varer lenger og lenger :)
Har hatt meg ett par ettermiddagar denne veka,
der eg ser resultat av det eg har gjort :)
Eg har ca 20 store bregner, rundt om i hagen,
som er litt av eit slit å få fjerna. Har starta på den jobben,
og 5-6 stykker er klare for å sende opp årets nye skudd :)
Dei er frodige og flotte syns eg, so dei skal få fortsette
å 'bo' i hagen min :)
Tidligare i vår rydda eg i beda på vestsida,
men en storm kom å bles alt rusk og rask
i ett virr varr rundt omkring, før eg rakk å fjerne det.
Alt dette har eg fått raka sammen og fjerna no :)
So var det rundt, og på stubbebedet som vart 'vårpussa' på
torsdag :) Deilig å sjå når det er gjort.... nyte nyte :)
So er eg kjempeglad for at fjorårets sådd,
som vart sådd aaaalt for sein på sommaren
har klart seg veldig bra gjennom vinteren :)
Eg hadde 115 frøplantar av sjølsanka aurikkelfrø
i haust, no har eg telt iallefall 70-80 stk som
ser friske og flotte ut :) Blir spennande om eg får
ein ny sort, for desse er vel langt frå frøekte :)
Også 3 andre frøplantar ser fine ut,
sjøl om dei er noke små :)
Først denne, som eg trudde var ei sommarblomster...
sådde den egentlig ved en feiltagelse...
eller var det en annen kanskje ;)
Eg har iallefall 2-3 småplantar av denne :)
So ei Anemone, som eg for øyeblikket ikkje
hugsar kva det er for ei :)
Og so heucheraene min, ukjente akkurat no dei og :)
Men friske og fine :)
So har eg eithasseltre... eller en lite 'nøtte'frøplante :)
Oppdaga i fjor haust at ei hasselnøtt, sikkert frå
ein dekorasjon hadde spira ute. Eg satte frøplanten
i ei potte, og no kjem der små nye skudd.
Blir spennande å følge med på kva som skjer med den.
Kanskje får eg hasselnøtter på den etterkvart ;)
Det blomstrar forsiktig i hagen min,
og kvar dag er som ei skattejakt :)
Og blomssterknoppar dukkar opp overalt :)
Eg er veeeeldig glad for at eg har masse primulaer :)
Eg har knoppar på mange av Auriklane mine no :)
Smågullkorg-knopp.
Ein Primula.
Lilla kuleprimula.
Ellers spirar det overalt, finner stadig noke nytt :)
må ut og kike litt kvar dag.
Vårvortemelk.
Storstjerneskjerm.
Meconopsis 'Lingholm'
Denne har stått tørt ilag med husveggen i mange år.
Den har blomstra med 3-4 blomster kvart år,
men aldri blitt noke større. I fjor grov eg den opp
og delte den i 7 små plantar, og flytta den ut i beda.
Eg ser no at iallefall 5 av dei plantane har overlevd
og kjem opp hårete og fine :) So då får eg håpe at
dei vil trivest bedre enn inn med tørre husveggen :)
Akeleie.
Staudestokkrose.
Fikk denne med Solfrid i fjor, og gledar meg til
den blir stor og flott. Den har eggeskalfarga blomster
og blir sikkert flott ilag med min sjølsådde Cephalaria
gigantea, Solknapp. Også den med eggeskalfarga blomster.
Cephalaria gigantea, Solknapp.
Solbrud 'Helenium 'moerheim beauty'.
Også denne har eg fått av Solfrid.
den har blitt mykje større enn i fjor, JIPPI.
Nydelige rustraude blomster om hausten :)
Og so til slutt ei naturlig sammenplanting:
Markjordbær, Skyggesildre og ei til
Sildre som eg i farta ikkje hugsar navnet på.
Ha ein fin vår :)