mandag 5. oktober 2009

Kosehøsting i kjøkkenhagen :)

En liten tur nedom kjøkkenhagen min,
innimellom haglskura.

Eg tok inn dei 4 tomatane som kanskje
kan bli modne ved hjelp av ett par epler.
Store er dei ikkje, men morsomt om dei blir modne.

Ellers tok eg inn nokre fine
gulrøtter og sukkererter til å knaske på :)
Gulrøtter og sukkererter har eg endå mengder av ute.


Hage... nei takk :(

Å neida, eg har ikkje gitt opp hagen for godt -
men for i år er det SLUTT!!
Ser gjennom vindua at Oktoberbergknappen er nydelig
og Clematis 'ville de lyon' er nydelig -
om enn pitte litt våte.

Men etter omtrent samenhengande regn sidan begynnelsen av juli
 er eg metta (eller trutna) av alt regnet.
Dei første dagane er det morsomt 'å hoppe i søledammar',
men etter 3 mnd er ikkje det like morsomt lenger ;)

Vi har heldigvis ikkje hatt snø heilt ned i fjøra her,
men sjøl her har fjelltoppane vore kvite.
Og haglbyger har vi hatt nok av i det siste.

Litt vanskelig å feste hagl og regn på bilde,
men på bilda under her hadde vi
regn- og haglbyger uten sidestykke i ettermiddag.






 Med so mykje ruskever,
må vi finne på desto meir innendørsaktivitetar.
Det er alltid kjekt å leike med dukkene.
'Lage mat og servere' og sånne leikar.
No har vi også begynt å samle på tom matemballasje.
Alt frå geværpatroner (frå besten),
til mammas B-vitaminer og Nutrilett-sjkolade ;)
Nok syting no ;),
ønsker alle ei flott ny veke med nye muligheter :)


søndag 27. september 2009

Klematis 'ville de lyon' og frilandstomater :)

No er 'ville de lyon' nydelig :)
Men den deler ett stativ, sammen med 'multi blue',
som held på å bryte sammen.
Eg laga det sjøl av rogn-greiner for ett par år sidan,
og no er greinene ganske tørre og sprø.
Stativet har fått seg ett par sterke stormar i sommar/haust,
litt meir enn det har tålt.
Eg veit eg må lage nytt stativ eller flytte den en annen plass.
Dei veks i ei potte, so det er greit nok.
Men eg må finne ut kvar den skal stå,
og eg MÅ ha litt bedre ver for å ORKE ut å gjere det.
Får håpe den får blomstre frå seg før stativet bryt heilt sammen,
for ryk staivet slitnar greinene også.
 For ett par dagar sidan rusla eg og piå mi
ei runde rundt i hagen, mellom ett par regnbyger.
Såg litt på blomster her og der,
so stod kjøkkenhagen for tur - litt å sjå der og.
Knaska litt sukkererter, og nokre gulrøtter.

So måtte vi sjå litt på tomatplantane også,
sjøl om vi hadde avskrevet all tomatavling i år.
Vi skulle til å gå vidare når piå mi sa eg måtte komme
og sjå kva ho hadde funne inni tomatplantane.
Trudde det var en edderkopp eller ett anna insekt.

Men jammen var det tomatar ho hadde funne :)
Ca 15 stk - frå 6-7 mm til ca 4-5 cm i diameter.
Dei to største var bifftomatar.
On nokre cherrytomatar på ca 2 cm var der også.
So desse skal eg prøve å modne inne, sammen med epler.
Eg modna tomatar sammen med epler i fjor også, det fungerte fint.

Då veit eg, at får eg til tomatar ute
i dette veret som har vore i sommar,
då får eg det nok til med bedre sommarver også.
Hadde egentlig avskrevet tomatar en gang for alle.
Men prøvar nok igjen :)




lørdag 26. september 2009

Røtter av Alex Haley for 25 kr :)


I dag var en innom en bruktbutikk i Syvde.
Der var gamle bøker i massevis,
og plutselig kom eg over ei bok eg har leit lenge etter :)

Eg har også leita etter denne boka
på bruktbutikkar på nettet uten hell.
Systå mi fant den brukt på nettet for nokre år sidan.

I dag var eg heldig - for 25 kr!!! :D

Serien gikk på NRK i 1978, då var eg berre 10 år,
og selvfølgelig for lita til å sjå den.
Men eg prøvde meg på å 'vere sjuk'
og få ligge på sofaen under ett pledd ;)
Men mamma gjønåskua meg fort - hi hi.
Og då var det marsj i seng gitt :)

Men eg hadde alltid lyst å sjå den.
I 2000 eller 2001 gikk den på NRK2 i reprise.
Eller var det begge åra??
Iallefall såg eg den då på ett lite tv med dårlige signal,
mest i kornete svart/kvitt.


søndag 20. september 2009

Krabber og fårikål :)

I helga har vi vore i Syvde på helgebesøk :)
Vi og piå vår har kosa oss inn med mormor og besten
.......
I går kveld var vi 6 stk rundt bordet
og hadde ett bedre måltid med krabber og kvitvin :)
Dei fikk masse krabber, så dei måtte kokast i fleire omgongar.
 Piå mi syns nok dei var lit skumle.
Litt større enn dei vi fangar i fjøra ;)
 
I mange sine auger er eg nok litt pinglete,
eg eter altså berre krabbeklør :D
Men med sånne mengder med krabber,
og når alle dei andre et alt -
då kan eg berre fråtse med god samvittighet :)
I dag stod nydelig fårikål på menyen :)
Ett skikkelig herremåltid. 
På veien inn til Syvde, i Årvik, står denne verna telefonkiosken. Det står vel 100 stk rundt om i landet.
 So på vei heim i dag oppdagar vi dette skiltet.
Det har stått der i alle år uten at vi egentlig har 'sett' det.
Dette skiltet er ganske kult syns eg.
Skal tru kor gammalt det er ?


Ha ein fin søndagskveld :)


fredag 18. september 2009

Høst i hagen, men endå har eg litt blomstring :)

I dag har vi hatt eit fantastisk ver :)
Varmt og lettskya.
Men uansett so må nok sjøl eg innsjå at hausten
har inntatt hagen min.
.......
Litt blomstring har eg likevel endå :)
.......
I dag spratt første blomst på Clematis 'ville de lyon' ut :)
Og den er FULL av knuppar.

 Ein aldri so 'liten' collage av blomstringa eg fant i hagen i dag :)

Sjøl om hausten har inntatt hagen min,
innholder den ett eldorado av objekter
for meg som også elskar å fotografere.
Det er ikkje mindre kjekt å ta bilder av ting og tang som er på hell.
.......
Dagliljer som er i ferd med å spre frøa sine.
 Prestekragar er kjempeflotte å fotografere no.
Dei er egentlig finare på bilde når dei har visna,
enn når dei er i full blomst.
Kryp du lenge nok langs bakken med fotoapparatet
finn du mykje flott å feste til  'filmrullen' :)
 Sopp, stubbe og visne bregner :)


Kryssar fingrane for ein ny flott dag i mårgå :)

Og jippi, endelig er fredagsunderholdninga på plass igjen -
'beat for beat' og 'nytt på nytt' :)


tirsdag 15. september 2009

I går fanga eg sommardagen :)

I går hadde vi en flott dag,
minte mykje om ei varm seinsommardag :)
.......
Temperaturen var varm og deilig
og sola stråla frå knallblå himmel heile dagen.
.......
Då måtte eg berre fange 'sola' og himmelen på bilde :)
.......
Solsikke.
 
Helenium 'moerheim beauty'.
Stokkrose.
 
 Crocosmia
 
 I dag hadde vi også ein ok dag, men noke meir vind enn i går.
Ettermiddagen i går var sånn passe hektisk,
so plenen rakk vi ikkje å slå.
.......
I dag kom eg heim til nyslått plen - ett fantastisk syn :)
.......
No i kveld har det igjen pissregna,
men no er iallefall plenen nyslått og fin :)