søndag 23. januar 2011

Snøklokkespirar i hagen min i dag.

Jada, eg veit at det vil komme snø monge gongar til i løpet av vinteren....
Men FOR ett deilig syn når eg i dag fant årets første snøklokkespirar.
Hagen min er snøfri for øyeblikket, men ikkje telefri.
Men langs muren der snøklokkene mine veks, finnes lite tele i jorda.

Ja ja, meir snø eller ei.... snart kjeme våren <3


søndag 16. januar 2011

Mildver og snøsmelting, Auriklar og heucheraer under vatn :(

Hagen min bere preg av mildver og snøsmelting.


Må seie at når vi fremdeles har januar, 
er det mykje bedre med fint vinterver
og passelige mengder med snø.

Trur nok at småttisane mine ute også hadde hatt best av det.
Må seie at eg er litt bekymra for Auriklane og Heucheraene mine,
dei står under delvis is og vatn no. Og pottene er frosne faste, 
so det er ingenting å gjere med no.

Vel, dei ser fremdeles friske ut i farge, 
so eg får håpe at dei tåler so pass hardhendt behandling.

Aurikkkelbabyane mine. 115 stk i haust, 
spennande å sjå kor mange som overlever vinteren.


Heucherababyane mine, står heil under vatn :(
Stakkars små <3

søndag 2. januar 2011

Vinterkvit hage i mørkenatta :)

Ute er det fremdeles vinterkvitt og det er flott det.
Her på Sunnmøre er vi ikkje akkurat utskjemde med kvit vinter.
Men eg kjenner at eg begynner å lengte etter vår og spiring :)
Er fryktelig spent på kordan det har gått med all sådden min frå i fjor. 
Det var mykje kald berrfrost her før snøen kom, 
og en del av dei små pottene mine stod med vatn som fraus. 
Eg er mest spent på alle aurikkelbabyane mine,
kordan dei har tålt en sånn start på livet. 
Vel det er vel litt av spenninga det med å drive med hage :) 

Nyåret starta med ett skikkelig ruskever her på nordvestlandet. 
Storm og regn ruska opp i all den flotte kvite vinteren vi hadde hatt so lenge. 
Men i dag har vi fått ett nytt kvitt dryss over oss. 
Hadde meg ei lita fotorunde i ahgen etter at mørket kom i kveld :) 

Kvitt og fint, men under der ligg våren <3













fredag 31. desember 2010

Godt Nytt hageår.

★ 。* 。*。* 。* 。* 。* 。* 。*。* 。* 。*。* ★
╔═════════ ೋღ❤ღೋ ═════════╗
ೋ Godt Nytt hageår! Snart kjeme våren ೋ
╚═════════ ೋღ❤ღೋ ═════════╝
★ 。* 。*。* 。* 。* 。* 。* 。*。* 。* 。*。* ★

fredag 24. desember 2010

God Jul :)

Eg ønsker alle som er innom her
ei Riktig God Jul c",)


søndag 5. desember 2010

En fin 2. søndag i advent, i vinterdrakt :)

Først vil eg ønske alle en strålande flott 2. søndag i advent :)


Hos oss har vi fått ett kvitt teppe på knappe 5 cm i natt,
det gir fin stemning i juleforberedelsane :)

Har hatt meg ei runde rundt i hagen og knipsa litt vinterbilder.

 Vi har til og med hatt besøk av ørna i dag.
Den flaug rett over hustaket til naboen.
Mitt bilde vart ikkje nærbilde då, 
det teke litt tid å finne kameraet ;)








fredag 3. desember 2010

Ett skritt nærmare jula :)

 Endelig er sprossane til kjøkkenvinduet mitt på plass :)
Flinke sonen min har laga dei til meg,
etter ønske og beskrivlse/mål frå meg.
Siste dagane har det hengt til maling/tørking på kjøkkenet,
mellom benk/skap og kjøkkenvifta.....


Men i dag er det på plass, og eg kunne henge opp dei 
tre første hjerta i adventskalendaren min :)
Var/er veldig glad i skomakar Andersen :)


Til og med utafrå vart det fint :)

Eg hadde tenkt å male dei raude å ha dei oppe berre i juletida.
Men heldigvis for at dei vart malte kvite og kan vere i vinduet
året rundt. For det litt for store vinduet mitt vart plutselig mykje 
mindre og koseligare. Hylla i vinduet blir nok også malt kvit,
men det får vente til etter jul :)

Kosar meg no i førjulstida; høyrer masse julemusikk, 
eter (opp) julekaker, bakar litt og puslar med litt julegaver :)

Ha ei fin førjulstid alle sammen :)