onsdag 8. juli 2009

Blomstring...... :)

No har vi hatt ett par dagar med litt ustabilt ruskever.
Ikkje noke nedbør, men kald sur vind og en del skyer.

Før det hadde vi ei periode med skikkelig sommarver.

Uansett ver, hagen blomstrar i kvar ein krok, og det er fantastisk å sjå.
Eg knipsar og knipsar,
men tida til å legge dei inn på pc og nett finn eg ikkje alltid.
Derfor blir det litt i rykk og napp.

I går kveld når eg skulle ha meg ei lita runde fant eg denne lissje pjusken i eine bedet mitt.
Han hadde nok vore på prøvetur og kræsjlanda litt.
Eg tok nokre bilder av han, og stakkaren var nok litt redd.
Etter ein liten halvtime på butikken gikk eg og kika til pjusken igjen,
og då låg han stiv på ryggen stakkaren.
So den hadde nok hatt et ganske ublidt møte med bakken.


Denne skjærsminen er naboen sin,
men kva gjer det når eg har stor glede av rik blomstring over muren min :)

Lychnis coronaria vart sådd i forfjor,
men blomstrar først i år.
Den er flott og treng ingen form for oppbinding :)

Iris og Ridderspore.
Riddersporane mine,
som alltid har vore so flotte er so godt som borte i år.
Det er so vidt det har kome opp bladverk og kun 2 blomsterspir har eg fått.
Skjønna ikkje kva som har skjedd.

Eg har samla litt frø kvart år, so eg har sådd og har mange nye småspirar allerede.
So neste år har eg forhåpentligvis meir blomstring.

Men på Irisane mine har eg fått full uttelling :).
Dei vart flytta i fjor og då blomstra berre en blå.

Steppesalvie foran kvit astilbe.

Ei ukjent rose sammen med en Geranium, enten oxonianum eller endressii.

Heuchera 'Chocolate Ruffles' foran ei raud Astilbe.

Det er frodigt rundt stubbebedet mitt.
Tenke seg til at når vi flytta hit var dette hageavfallsplassen...
Midt i glaninga frå ytterdøra...




Clematis 'warsawka nike'.
Denne har vokst oppetter ett gammalt epletre i hagen.
Der har blomstrane vorte delvis oppspist
etterkvart som dei har sprotte ut kvart år.

I fjor haust flytta eg den,
so no veks den i 'friluft' oppetter terasserekkverket og er kjempeflott.
Det var ingen stor flytteoperasjon, for den veks i ei stor trekasse.

I fjor sådde eg
Digitalis x mertonensis 'strawberry foxglove'.
Eg fikk tre flotte rosettar.
Den eine blomstrar no, nummer to er 'på vei',
og nummer tre ser ut til å vente til neste år.

Eg har allerede sådd nye frø også,
og småplantane veks fint :)
Den ukjente raude rosa sammen med
Corydalis elata, nellik og stjerneklokke.

Største bedet på vestsida.

Hm, på fredag MÅ eg få tid til å lage ett ABC-innlegg, for 3 veker.

Ha ein fortsatt flott sommar alle som måtte titte innom :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar