mandag 25. april 2011

En flott hagedag :)

Dagen i dag starta med sol, og allerede før sola titta 
innom hagen var tempen oppe i 15 grader :)
Det var deilig å starte dagen med kaffe og frokost ute i sola :)

Og ute i hagen var eg/vi heile dagen :),
sjøl om sola takka for seg i 12-tida og
berre var innom på kortare eller lengre visittar etter det.
Bortsett frå litt masse vind innimellom,
var det en varm dag, 18-20 grader også etter at sola for :)

Eg fikk gjort masse hagearbeid i dag,
Eg fikk fjerna alle restar etter forrige års blomstring og vekst.
Alle bregner og Montbretia (Værhane) er klipt ned.
Montbretia er ikkje god å fjerne, det er so lett å prøve å rive den...
med det resultat at eg alltid har ei eller fleire flis i fingrane...
ja ja, i dag vart det berre to.......

I fjor satte eg ned småplantar av Astilber langs store delar 
av muren mot naboen. Når eg fikk rive vekk litt gras rundt 
der i dag, såg eg at mesteparten av plantane har klart seg.
Då blir etterkvart plenklippen litt enklare ut mot kantane. 
Då blir det berre å klippe inntill Astilbene.
Dette har eg gjort med stort hell andre plassar i hagen også :)

På ett område der Skvallerkålen frå nabotomta er litt 
påtrengande, har eg planta fleire sjølsådde rosestorkenebb.
Desse skal vistnok ha ett såpass robust rotnett,
at dei klarer å utkonkurrere røttene til Skvallerkålen.
Eg har ett par sesongar no plukka og plukka alle
Skvallerkålblada som har titta opp av jorda i dette området.
Rosestorkenebba ser ut til å vere flotte og robuste no,
so dei har nok fått godt etablerte røtter.
Men enn so lenge vil eg fortsette å plukke alle
blad av Skvallerkålen som viser seg.

Litt fotografering har det også blitt denne dagen,
alt nytt liv må forevigast :)
I dag har blant anna 2 av Kubjellene sprotte ut :)

Og skogen er grønn, det er herrrlig når bjørka
har sprotte ut :)


Kubjeller har sprotte ut :)



Ett par nye auriklar i dag.




Smågullkorg.



Litt oversiktsbilder av beda mine no i slutten av april:

To bed på vestsida i hagen....



Bedet langs sørveggen........


Bedet langs vestveggen .....

  
Opp langs trapp, på nordsida.......


Opp langs veien:
No er det hageskrinneblomsten som prydar.
Etterkvart vil Vårfloksen blomstre.....
Og seinare på sommaren er det ei rosa Astilbe sin tur :)


Mine 4 Lewisiaer:
Oppe tv: Ukjent akkurat no. Oppe th: L. tweedyii
Nede tv: L. cotyledon Nede th: L. brachycalyx


Skoa mine har so vidt begynt å spire :)


Tausa mi plukkar seg en liten bukett i hagen :)


Og.... hadde det ikkje vore 1. påskedag i dag,
då hadde eg garantert klipt plenen i dag :)
Det verste eg veit er når hagen er rydda og 
plenen er laaaang og uryddig ;))

søndag 24. april 2011

Ei fin påske'helg' i Syvde, og vel heime - Primulablomstring :)

Vi har hatt oss ett par flotte dagar i Syvde.
Og vi har vore maks heldige med veret :)

Den dagen vi kom gikk vi oss en fin tur opp til fossen 
der Årdalselva og Skredelva møtest.
Masse flott natur - små elvar, mosegrodde steinar, 
grunnmuren av ett kammalt kvernhus.
Det er berre fantasien som setter stoppar 
for kva som kan vere ein opplevelse på ein sånn tur.

Til og med ein dråpe på ei grein kan vere ein
flott opplevelse :)






Ein liten regndråpe fanga i gran-nålene :)


Den andre dagen starta faktisk litt kaldt, 
berre 1,8 grader og frosne bilar!!!
Men dagen vart nyyydelig og vi tok oss en tur på fjellet.

Målet for turen var Årdalen, og ei koselig lita hytte der :)
En super fjelltur på alle måtar:
nydelig ver, lite nok snø til å kunne gå mest på berr mark :)
Kjekke folk, 6 'store' og 4 'små',
God mat - grønsaksuppe med pølser i og kaffe på kaffekjelen :)

Hadde nokre koselige timar ved hytta,
for min del mest i solveggen :)))

Utsikt utover den flotte heimbygda mi: Syvde ♥


Nydelig turterreng :)


Årdalsbu ♥


Det spisse fjellet midt på bildet: Høgenipa.


Tausa mi reddar en koloni av froskeegg,
som en tullete frosk hadde lagt midt på stien :)
Ho er ikkje redd for å ta borti sånt, tøffe jenta mi ♥


I dag, som var siste dagen vi var der inne,
vart vi 'heime' rundt huset.
dei små leika seg med dukker, bamsar og dukkevogn.
Vi litt større kosa oss på terrassen i den varme, deilige sola :)
Og middagen vart grilla og ete i solveggen :)

En herrrlig dag for alle solhungrige sjeler :)

På heimvegen måtte vi stoppe på veg opp frå Larsnes 
og ta bilde av ein fantastisk himmel ♥


Og bonusen var å komme heim til ein endå meir
blomstrande hage enn når eg for frå den ♥


Auriklar er noko heilt eget, og eg blir nesten 
som ett barn når dei startar blomstringa si om våren ♥ 
Eg er glad i alle andre Primulaer også, 
men Auriklane er litt spesielle syns eg :) 
Også den første Kusymra om våren er flott :)






Årets første Kusymre ♥




mandag 18. april 2011

Årets første Aurikkel i blomst, og masse meir :)

I dag var der endelig oppholdsver, etter mange dagar med ruskever. Og då måtte eg ha ei runde med kameraet. Det er kjekt å ta bilder av blomster og plantar fulle av regndråpar :)

I går spratt årets første Aurikkel ut, og massevis av knoppar er klare for blomstring :) Og det er også fleire Primulaer i startgropa no :) Den som ønsker tidlig og variert blomstring om våren, bør absolutt velge Primula i hagen :) Variasjonen innen farger er kjempestor, frå kvitt til nyansar innen gult, raudt, blått, lilla, rosa, oransje og sikkert fleire. Det finnes i lave tuer, høge etasjer, kuler, klaser... ja nesten uendelig :)

Og no startar Primula-showet i hagen min :)









Her har vi ein liten krabat. Ja, liten er den, og det ser ikkje ut som den skal bli større heller :(( I fjor var den akkurat sånn, og då fikk den masse skjellsand blanda inn i molda. Men den er akkurat like puslete i år også. Den står i sol, men i vandrande skygge frå ett stort epletre til midt på dagen. eg har so lyst å få den (eg har vel 5-6 småplantar, men berre den eine har blomster).


Lungeurt, søt med sine to fargar :)


Her har eg fanga regndråpane :)
Regndråpar i blomster er fasinerande :)
Det kan gi mykje bedre motiv enn blomster som står i full sol.