søndag 30. mai 2010

Hagelaget frå eid på hagevandring i hagen min :)

I går var hagelaget frå Nordfjordeid på besøk i hagen min :)
Det er første gang eg har hagevandring her,
so eg både grudde meg og gleda meg......

Men det var ialefall ingenting å grue seg til,
det var ein flott gjeng som kom - berre koselige folk :)
16 stk kom frå Eid, og naboen kom også bortom :)





2-3 timar går veldig fort når ein har det kjekt i lag,
det vart både hageprat, mat/kaffepause og utlodning :)



Eg fikk meg ein nydelig rosa femtunge
som takk for at dei fikk vandre i hagen min :)
Tusen takk for den, den var nydelig.
den har no fått seg heim i ein gammal sinkskål/balje :)


Eg vant også ein erteblomst i utlodninga, artig :)

Litt plantebytte var det også,
eg og Hajal bytta litt Auriklar :)
Og frå ElinG vanka det også ett par godbitar,
ein Oxalis Ione Hecker og ein Lewisia longipetala 'little plum' :)
Nydelige begge to :)
Frå Herdis fikk eg ein Fjellflokk Polemonium caeruleum.

Etter at besøket var over hos meg,
var det tid for hagebesøk på Haddal - 
hos Terje Haddal og i hagen til mor hans, Oddbjørg.


Terje Haddal hadde mykje flotte Rhododendron
i hagen sin, og blandt anna ein nydelig gul Aurikkel 


...som eg var so heldig å få med meg litt av :)
Eg delte med to andre som vart veldig glade -
eller ka seie du Hajal ;)

Oddbjørg Haddal hadde veldig mange flotte Primula,
blandt anna Auriklar :) 

Det var ein flott og innholdsrik dag.
Veret var også ganske bra -
sjøl om vinden var litt kald av og til.

Det var artig å treffe nye folk,
og kjekt å treffe igjen dei 4 
som eg kjenner frå før via hagegal :)

So litt ny blomstring hos meg...
Ein geranium Phaeum - Brunstorkenebb.


I dag har eg eg vore ute i hagen heile dagen :)
Har planta det nye eg fikk,
samt planta litt her og der frå 'barnehagen min' :)

Ha ein fortsatt fin søndagskveld folkens :)

1 kommentar:

  1. Dette såg kjekt ut..
    Du har ein flott hage..
    Såg deg i avisa.. :-)

    SvarSlett