tirsdag 2. juni 2009

Pinsetur til Syvde med Kostarikjedagane og fjelltur.

Vi reiste til Syvde i pinsehelga.

Der hadde vi strålande sol og en herlig sommarvarme heile helga :)

Og det kom som bestilt, for i Syvde arrangerte dei Kostarikjedagane for første gong.

I 'gamle dagar' når mennene i bygda var på fiske, hadde dei ei attåtnæring i bygda. Dei laga kostar av bjørkeris, som dei reiste uti øyane og solgte. Og då vart Bygda på folkemunne kalla Kostarikjet av befolkninga uti øyå. Og Syvdingane gikk under navnet Syvdskostane :)

Det var allsidig underholdning heile helga.

Både lørdag og søndag kunne dei frammøtte nyte gratis frokost i sentrum, ein flott og koselig start på dagen :)

Ellers var det kunstmaling for barn,kunsten vart seinare utstilt i 'Kostateltet'.

Det var anna kunstutstilling, fjellturar, 'historiske' vandringar eit par stadar i bygda, lokale talent fikk utfolde seg på scena, sandvolleyballkampar, orgelkonsert i kirka......

Det var 'fjellløp' - 'Blåfelden rett opp', eit høgt og bratt fjell i Syvde. Løpet foregikk både i mosjonsklasse og som konkurranse. Det var nok ei utfordring i seg sjøl, og varmen gjorde det nok endå hardare. Vi som ikkje sprang kunne sjå frå målområdet på storskjerm i Kostateltet :)

Ellers var det kjekt å treffe folk ute i sommarvarmen :)

Ei helg med eit program for dei fleste :)

.......

På mandagen hadde vi oss en familietur opp i Nordalsfjella.

Dagen starta med litt gråver, men det la ingen dempar på turlysta. Alle gikk ivrig oppover, både store og små, vi var 9 stykker som gikk :)

Veret vart etterkvart ganske bra :)

Vi køyrde opp fjellvegen, som tok oss ett godt stykke opp i 'fjellheimen'.

Utsikta frå parkeringsplassen, utover Syvde.

Ei bru som vi måtte over.

Det var mykje flotte svaberg i elvane.

Vi ser nedover elva :)

Og vi ser oppover elva :)

Og ei anna elv, eller er det den same berre lenger opp tru??

Vi nærmar oss iallefall hytta :)

Over her so var det berre siste kneika opp til hytta.

Utedoen var kjempeflott :)

Legg merke til det bittelissje trekanta vinduet oppe på venstre side :)

På baksida ser du at ein del av veggen på utedoen er ein diger stein :)

Når vi kom opp på hytta kosa vi oss med pølser, kjeks og kaffe.

Vi kosa oss litt ute, og litt inne med yatzy :)

Når vi hadde vore ei stund på hytta gikk vi litt vidare oppover.

Her ser vi ned på hytta og utedoen :)

Og vi ser nedover elva :)

Når vi kom opp på Brandefjell (eller huskar eg navnet heilt feil no tru?) var vi himla høgt opp. Det var nok ikkje berre eg som fikk ett sug i magen då. Her står vi ca 700 meter 'høgt oppe' og ser ned på huset til mormor og besten, som vi var på besøk hos i pinsa :)

Og når vi gikk litt lenger ut 'på pynten' fikk vi ei fantastisk utsikt ut over Syvde :)

Utsikta 'tok pusten' frå meg :)

Når vi kom nedatt til hytta vart det meir kaffe og ein sjokoladebit på alle :)

Litt fotografering i gras og lyng vart det også.

Ein 'gullsopp'

Her ser vi litt ukjent lyng, blåbærkart, skogstjerne, fjellmarikåpe, tepperot, blærelyng, molteblomst, skrubbebærblomst, ein fiol (trur eg) og myrull.


Når vi kom nedatt, seint på ettermiddagen, var det klart for heimreis.

Ei kjempekoselig pinsehelg hadde vi :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar