søndag 21. juni 2009

Strandakvarium og roseknoppar.

For tredje dag var vi i fjøra og laga oss strandakvarium i dag :)
Og det har vore til glede for både store og små :)

Det er utrulg kva ein lærer og ser
når ein puttar det ein finn under steinar og tang oppi ei plastboks.

Vi fant selvfølgelig steinar og tang og tare.
Krabber i mengder, både store og små.
Og dei finst i ett utall fargar og ulike mønster :)

2 sjøstjerner fant vi også :)
Og en lang sak,
som piå mi var bombesikker på at var ein ål -
og kven veit :)

Tanglus og ett par raude geleaktige greier, som var 'hårete' i vatn.

Og skjell, både med og uten sniglar inne.

Det var fasinerande å sjå kordan sjøstjernene bevega seg.
Ganske fort faktisk.


Og gjett kva krabbene og sjøstjernene eter?
Jau,nemlig tanglus.
Det hadde ikkje eg vist om vi ikkje hadde samla alt i ei boks.

Berre sjå denne krabba under her kor den gomlar i seg :D

Dette skjellet her var ganske stilig,
utstyrt med auger og munn :)
Ser ut som han kjem frå 'Tare Mare by'.

Når vi var ferdige å plukke og studere
tømte vi det utatt i fjøra.

Litt blomstring også.

Eg ventar på at rosene mine skal sprette ut.
Spesielt spent er eg på dei to stiklingsformerte rosene mine.
Om ett par dagar no :)


Geranium cantabrigiense 'biokovo' spratt ut
for ett par dagar sidan - den 19.juni.

Ett par nydelige primulaer blomstrar.
Må finne ut eksakt navn.


Og til slutt Prydsvinerot.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar