fredag 4. desember 2009

Ett par dagar med mykje baking :)

I går og i dag har eg virkelig fått gjort masse :)

Stemningsrapport fra dagens bakebord :)



Her er det ingen dødtid, ventar eg på eit brett i ovnen
blir det tid til litt strikking også- hi hi.
 
Har hatt ett par feriedagar igjen, og dei har blitt brukt mest til baking,
akkurat som planlagt :)

I går laga eg og piå mi Serinakaker og sjokoladestenger.



 

Serinakaker er lissjepiå og gubben sin favoritt,
Sjokoladestenger er eldstesonen sin favoritt :)

som er rekna som julemat her i huset :)



Deretter vart det ein porsjon med Havreflarn,
som eg likar veldig godt :)




Ut på dagen i dag sendte eg gubben til slakteren
for å kjøpe svinelever og spekk.
No ligg levera i vatn, klar til å bli til leverpostei i mårgå :)

So må eg vise eine adventskalendervinduet vårt :)
1 nytt hjerte kvar dag.



Henger også opp hjerter i kjøkkenevinduet :)
Stadig meir pynta fram mot jul.




mandag 30. november 2009

Adventskalendaren heng full av pakkar :)

No har eg hengt opp adventskalendaren eg sydde til piå mi i fjor.
Akkurat denne kalendaren er det kun piå mi som har,
mønsteret har eg laga sjøl :)



Den heng full av pakkar på kjøkkendøra.



Ho var veldig spent når ho la seg i kveld.
Gledar seg stort både til adventskalendar og 'Jul i Svingen' :)

søndag 29. november 2009

Skapet mitt er heilt ferdig, før- og etterbilder + litt blomstring :)

Jippi, skapet mitt er montert :)



Og i dag kom knottane på dører og skuffe :)



Eg har sydd små dukar til å legge i hyllene,
sånn at dei ikkje blir so fort oppstripa.



Her er ett par førbilder av skapet.



Eg har fjerna sprossene på skapet.



Og limet var noke skit å fjerne :(
Eg måtte skjere inntil med en skarp kniv.



Eg har etterpå vaska med zalo, jif og plasterfjernar,
men det e en film på ruta som ikkje vil vekk.

Noken som har ett tips??

Etterkvart skal eg sy tynne blondegardiner
til å ha inni dørene.

Ellers har vi hatt en fin adventssøndag i dag :)
Vi har hatt besøk av mormor og besten sida i går -
altså mormor og besten til piå mi :)

Adventslys har vi tent, både til frokost,



og til middag -
som også var bursdagsmiddag til besten :)



 Etterpå var vi på kaffebesøk hos systå mi,
der vi feira bursdagane til begge :) tantejentene mine der i huset  :)

Og so til slutt:
til tross for at vi har fåt ei passe dose med snø sida i går kveld,
har eg endå litt blomstring i hagen her :)

Stokkrosa mi:

 
Ei lita raud rose:

 
Klematis 'Ville de Lyon'



Ha ein fortsatt fin adventssøndag :)


lørdag 28. november 2009

Det er advent i stova :)

No er det advent i stova mi.
Eg er fremdeles ikkje heilt i mål med skapet mitt,
men reknar med at vi får montert det iløpet av dagen.

Men litt adventsstæsj har eg leita fram.
Julegardinene kom opp på torsdag,
og i dag har eg satt opp 7armalysestaken i kjøkkenvinduet...



... og stjerna har eg hengt opp i stova.



Eg har også fått dei lilla lysa i advsntsstaken.



Eg har pynta lysa med streng -
talla frå 1 - 4 :)



Har også leita fram nissehuene,
dei heng på sofaen.


 
Lissjepiå mi syns det er kjekt å vere nisse :)
So no blir det mest raude klede framover,
og nissehua på hodet.

torsdag 26. november 2009

Jippi, skapet er ferdig malt......

... og stereo/TV-benken har fått fleire strøk :) :)



Har nettopp malt siste strøk på topp og bein, sjokoladebrun.



Føler at alt foregår i feil og tilfeldig rekkefølge her for tida ;)
Iallefall oppi all maling
so fikk eg tapa kjøkkenvinduet mitt i går kveld,
og julegardinene fikk eg opp i stad :)



Ha ein fin kveld :)

tirsdag 24. november 2009

Stova mi i dag....

Sånn ser det ut i stova mi
1 mnd før julaften og rett før advent :)


Eg er ferdig med alt det antikkvite på skapet,
har 'berre' det sjokoladebrune igjen.
Og det er ikkje so mykje :)

No står stereo/tv-benken for tur.
(til venstre i bildet)

mandag 23. november 2009

Julemannbakst... :)

Fredagen, den 3. dagen min av 'ferien' min,
vart det litt mindre vasking og litt meir rydding :)

På søndagen (altså i går) stod det baking på timeplanen.
Nemlig julemanna :)
Vi fikk besøk og hjelp av ei flinke tantejente :)

Jentene, tuppå mi og tantejenta mi,
var veldig flinke å trykke ut julemannane :)


Og for første gang,
iallefall på mange år er alle julemannar malte :)

Her var jentene i sving med malepenselen :)


Praktisk når den eine er høgrehendt og de andre venstrehendt :)

Alle julemannar blir malte før steiking, med tynn pensel.


Ikkje som i 'gamle dagar', med fyrstikk etter steiking ;)

Under kjevling og steiking var aldri kaffekoppen min langt unna,


.... litt avhengig kanskje ;)

Det vart laga både små julemanna...


og store julemanna...



 
Her har vi heile 'produksjonen' :)


Avkjølt i julemannspanna :)



Når kvelden kom og eg egentlig skulle
sette meg ned og slappe av litt,
sånn etter 'Tore på sporet',....
då begynte eg å male på ett skap :)

Vart med andre ord lite avslapning og seint i seng, som vanlig ;)

I ettermiddag tok eg andre strøk på skapet.

Bilder følger når eg er ferdig med malinga :)

Ha en fortsatt fin kveld :)