mandag 8. desember 2008

Lefsebaking jula 2008

Eg har ikkje begynt den store pyntinga endå,
men i kjøkkenvinduet mitt
kjem det opp eit hjerte kvar dag fram til julafta :)


I fjor baka eg tynnelefse for første gong, og eg syns det gikk veldig bra.
Var vel nesten verdensmester, når eg tenker meg om.
Hørte mange skrekkhistorier
om kor vanskelig det er å kjevle tynne nok lefser osv.
Men eg gikk (sammen med 5 andre) på med dødsforakt.
Vi hadde med oss ei bakstekjerring frå bygda her,
som har baka og solgt lefser i ein mannsalder.
Litt kyndig veiledning er det kjekt å få :)
.......
Eg mestra bakinga bra, fikk skryt for det :)
Og i fjor gikk også steiking, dynking og smøring bra.
.......
Og i år ville eg prøve åleine.
kanskje mest fordi vi ikkje fant ei helg
som passa å treffes til felles bakst.
Men dette hadde eg gjort før, so dette kunne eg.
.......
Vel, baksteunderlaget er viktg,
og mitt er bra - ein kraftig seglduk :),
klipt til og sydd av en lokal seglmaker.

Og kjevlinga gikk også kjempebra,
kanskje eg er eit naturtalent :D

Flott bakstepinne har eg og,
so dette bar heller ikkje på problem.


Lefsene vart tynne og ganske jevne i størrelse :)


Kjevling og steiking gikk som ein leik :)


Brent mjøl vart kosta av takka etterkvart



Og stabelen vart etterkvart fin, 26 lefser til slutt :)



Ein liten kaffetår vart det også undervegs i steikinga :)


Når eg var ferdig å steike var eg forundra over at golvet var so mjølfritt,
for det går ganske hardt for seg av mjølpakken under kjevling.
.......
Og svaret på det fikk eg når eg såg meg under beina :D
.......
Då kom eg på at eg hadde tenkt å ha på meg sko.... :)


OG SÅ BEGYNT MARERITTET....
.......
Lefsene var så sprø,
at dei falt i bitar berre eg såg på dei...
Eg huska ikkje det kvidder av kva eg hadde gjort i fjor.
.......
Eg prøvde forsiktig å dynke dei.....
eg trykte forsiktig på med ein tynn våt klut....
Eg prøvde å vri litt vatn over dei....
Alt var like mislykka....
.......
Eg ringte til mamma...
Gråten sat i halse då,
for mamma hadde egentlig ikkje noke godt råd i etterkant...
Men til neste år legg eg eit fuktig klede
mellom kvar 4-5 lefse mens eg steiker...
Og det har eg skrevet opp iboka.
.......
Den eine lefsa etter den andre gikk i bosset....
Eg prøvde mykje rart...
Til slutt prøvde eg å legge våte klede mellom kvar lese,
og lot dei ligge i 30-40 min.
Då begynte ting å gå min veg igjen.
.......
Etter nokre timar med fortvilelse og og mange håplause forsøk,
har eg no 15 av ialt 26 lefser i frysaren.
.......
Trist at so mykje gjekk til spille,
men eg har mange gode lefser vi kan nyte i jula tross alt.
.......
Og en ting er sikkert at en skal ikkje skryte på seg
at ein kan steike lefser før en har prøvd minst en gong aleine uten kyndig hjelp :)
.......
Neste år prøver eg på nytt....
Og tek med meg dei erfaringane eg gjorde i år... :)