søndag 30. mai 2010

Hagelaget frå eid på hagevandring i hagen min :)

I går var hagelaget frå Nordfjordeid på besøk i hagen min :)
Det er første gang eg har hagevandring her,
so eg både grudde meg og gleda meg......

Men det var ialefall ingenting å grue seg til,
det var ein flott gjeng som kom - berre koselige folk :)
16 stk kom frå Eid, og naboen kom også bortom :)





2-3 timar går veldig fort når ein har det kjekt i lag,
det vart både hageprat, mat/kaffepause og utlodning :)



Eg fikk meg ein nydelig rosa femtunge
som takk for at dei fikk vandre i hagen min :)
Tusen takk for den, den var nydelig.
den har no fått seg heim i ein gammal sinkskål/balje :)


Eg vant også ein erteblomst i utlodninga, artig :)

Litt plantebytte var det også,
eg og Hajal bytta litt Auriklar :)
Og frå ElinG vanka det også ett par godbitar,
ein Oxalis Ione Hecker og ein Lewisia longipetala 'little plum' :)
Nydelige begge to :)
Frå Herdis fikk eg ein Fjellflokk Polemonium caeruleum.

Etter at besøket var over hos meg,
var det tid for hagebesøk på Haddal - 
hos Terje Haddal og i hagen til mor hans, Oddbjørg.


Terje Haddal hadde mykje flotte Rhododendron
i hagen sin, og blandt anna ein nydelig gul Aurikkel 


...som eg var so heldig å få med meg litt av :)
Eg delte med to andre som vart veldig glade -
eller ka seie du Hajal ;)

Oddbjørg Haddal hadde veldig mange flotte Primula,
blandt anna Auriklar :) 

Det var ein flott og innholdsrik dag.
Veret var også ganske bra -
sjøl om vinden var litt kald av og til.

Det var artig å treffe nye folk,
og kjekt å treffe igjen dei 4 
som eg kjenner frå før via hagegal :)

So litt ny blomstring hos meg...
Ein geranium Phaeum - Brunstorkenebb.


I dag har eg eg vore ute i hagen heile dagen :)
Har planta det nye eg fikk,
samt planta litt her og der frå 'barnehagen min' :)

Ha ein fortsatt fin søndagskveld folkens :)

onsdag 26. mai 2010

Hagevandring i Årvik, i en Rhododendronhage :)

I dag har eg vore med Hareid og Ulstein hagelag på hagevandring :)
Det var ei heilt ny erfaring for meg, men absolutt ei positiv erfaring :)

Vi besøkte Jonvar Aarvik sin hage i Årvik.
Han hadde masse flotte Rhododendronar :)
Om ett par veker vil eg tru der er endå flottare enn i dag.

Om eg ikkje huskar heilt feil,
har han 150 (eller var det 200) Rhododendronar :)

Her er dei Rhoddisane som var utsprotne i dag :)


Denne Rhododendronen er poda med to forskjellige sortar,
ein raud og ein kvit :)














Ein flott hage som det var verdt å besøke :)
Han kom med ett tips om formering av Rhododendron.
Trur eg huskar kordan det var - det må prøvast ut,
so kan eg ta bilder og beskrive seinare :)

Ha ei fortsatt fin veke :)

mandag 24. mai 2010

Jippi, storkenebba er i gong :)))))

Ja då er startskuddet for storkenebba mine gått :)))
Årets første er Geranium cinereum 'ballerina'.
Det brukar å vere G. Phaeum,
men i år vart den altså slått på målstreken :)
Men den er full av knoppar den og :)

'Geranium Cinereum ballerina':


Praktlevisiaen min har også fått sin første blomst :)
Og eg er glad den er full av knoppar, for den er nyyydelig :)

'Lewisia twedyii':


Klokkevalmuesøsteren min ser ut til å få berre en knopp i år...

'Meconopsis quintuplinervia':


So har min ukjente litte bladrosett sprotte ut :))))
Med nydelige lilla 'klokker' :)
Veit ennå ikkje kva det er..... Gudeblom ser no ikkje sånn ut??
Hm... kan det vere ei type primula??,
men har dei sånne blad?? Kanskje...??

Edit: Har no mest sannsynlig fått den identifisert på Hagegal:

'Primula deorum' :)



So er det tida for Eggeblom (Ballblom), Duppsoleie og Vårvortemelk :)

'Trollius cultorum', Ranunculus aconitifolius 'flore plena' og 
'Euphoria polychroma'.
I forgrunnen ei tue med Kusymre 'Primula vulgaris':


Tuene med Hagesildre blomstrar overdådigt no :)
Den raude (rosa) har massevis av fargenyansar :)

'Saxifraga arendsii':



Også Hageputene er nydelige :)

'Aubrieta cultorum':


Då var pinsa over for i år.
Ha ei fin ny veke folkens :)

onsdag 19. mai 2010

Har fylt nyebedet mitt i dag, men ei rolig stund.... nei ikkje i dag....

Aller først.... en lekker sak har sprotte ut i dag :)
En fylt Aurikkel :)


Rett ut i hagen etter jobb, herrrlig :)
Skulle plante i nyebedet mitt -
og tenkte at det var berre å plante det.....
men det var faktisk litt vanskelig å begynne.
Nesten som når du flytta inni nytt hus,
du står der litt forvirra og veit ikkje heilt kar du skal starte ;)

Men når eg først hadde planta takløk rundt steinen..


...var det litt lettare å sette i gang med resten :)

Den einaste kjøpte planten i bedet er denne,
en Kalifornialevisia 'Lewisia cotyledon'.
Den kjøpte eg ein dag eg berre skulle kike litt på plantar ;)


Litt over 70 stauder har eg planta,
nokre er frøsådde som desse:
Riddersporer, Revebjeller, Kvitmure, 
Akeleier, Kortusa og en Storkenebb.


Resten av dei staudene eg har planta
har eg delt frå andre stauder rundt om i beda mine.
Eg er veldig heldig som kan gjere det sånn 
når eg skal plante i ett nytt bed. Ellers blir det fort dyrt.

Har prøvd å tenke litt vår, sommar og haust når eg planta.
Våren: Hageprimula, Kuleprimula og Auriklar :)
Sommar: Akeleier, Riddersporer, Revebjeller, Jonsoksolbrud,
Astilber, Storkenebb, Balblom og Kvitmure.
Seinsommar/Haust: Høstfloks og Kinasøte.

Har planta en del anna også, som eg ikkje kjem på i farta.

Kordan fargar og blomstring rundt i bedet blir, gjenstår å sjå.
Men detta var begynnelsen, so blir det å flytte litt rundt etterkvart ;)



Men kvifor var det ikkje ei rolig stund....
jau det har den enkle forklaringa at dei har holdt 
på å fjerne asfalt rett nedom huset i ettermiddag ;)


Men det var nok verdt bråket, 
for vegen mot sentrum har vore full av store hol.
No får vi ny flott asfalt å køyre på :)

Ha en flott kveld :)

tirsdag 18. mai 2010

Nyebedet mitt e klart for planting :)

Fikk meg nokre fine timar i hagen etter jobb i dag :)
Hadde spadd opp alt i nyebedet mitt,
men alle torvene låg der fulle av mold.

So i dag vart det torvristing til den store gullmedalje...
både auge, nase og munn fulle av mold fleire gongar ;)
En må lide for herligheta gitt ;)

Godt var det iallefall å få det unnagjort,
ganske tungt for ryggen å stå krumbøyd å riste tunge torver.
Men det går no ikkje an å bere vekk
og kaste so mykje fin mold heller ;)
Når det var gjort, var det klart for å sette kantstein i bedet.



 
Til og med rundt takrenneløpet har eg ordna med kantstein :)
Før eg grov opp der no stod avløpet rett nedi molda,
ett under at vatnet har rent vekk.
Men no har det vorte so fint atte det :)


Då står bedet klart planting :)
Litt små frøplantar har eg i karmbeda mine,
litt blir delt frå andre bed i hagen...

Litt ny blomstring er det også :)
Ein ny Aurikkel spratt heilt ut i dag :)


I mårgå trur eg nok at den lyse 'veldig fylte' også er heilt utsprotten :)

Auriklane mine er veldig flotte no :)



Småhjerte 'Dicentra formosa' har også sprotte ut.
Og den blomstrar heiiiiiiile sommaren,
til langt ut på høsten - ja til du er møkklei heile stauda ;)
Det er vel den stauda som blomstrar lengst.



Hagesildre 'Saxifraga x arendsii', både raud og kvit :)



Hagepute 'Aubrieta cultorum' har også so vidt begynt :)


Denne sådde eg for ett par år sidan,
no startar den med sine søte rosa klokker :)
'Cortusa matthioli'


Denne har eg også sådd :)
'Primula saxatilis'


Vårfloks 'Phlox subulata' veks seg i store puter :)
Flott om den heng utover en mur :)


So har eg denne ukjente.....

Lurte ei stund på om det kunne vere Lewisia,
men det trur eg ikkje det er, blada er nok litt for mjuke.
Fikk ett tips om Gudeblomst,
kanskje det er det, spennande uansett.

Fargen blir iallefall nyyydelig,
ser at den har en herlig lillafarge :)



Ha ei fin veke :)