fredag 31. juli 2009

ABC i ord og bilder # 22

Klart for Petunias ABC i ord og bilder nr 22 - bokstav V.

I ny blogg :)



Det er utrulig kor fort vekene går,
syns det blir færre og færre dagar mellom kvar gong ABC-innlegga skal postast :D

Vel, denne gongen har eg valgt meg Værhane - crocosmia x crocosmiiflora.
Den står oppført som staude mange plassar når den er i salg,
men egentlig så er det ein liten knoll.

Dette er ein haustblomstrande plante, frå september og utover.

Mange stader (kanskje dei fleste) er ikkje denne vinterherdig,
og må difor takast opp ut på seinhausten og overvintrast inne.
Då er det kanskje lettast å plante den i store potter som kan flyttast inn.

Men her hos meg er den absolutt vinterherdig.
Og sprer seg også godt :)
Litt fordelar må en ha når ein ikkje har skikkelige vintrar :)
Her hos meg kjem ikkje tempen so mykje under null,
og tele i bakken er ei sjeldenhet.

Men eg trur at sjøl om den må takast inn er den so nydelig utover hausten,
at den må vere en plante det er verdt å plante likevel.

Her har eg den i bukett.
Den er fin som snittblomster, sjøl når den har begynt å blomstre av.
Den mister berre dei blomstrane som er visne, og nye kjem lenger ute på akset.

Eg har også tatt inn heilt avblomstra, med berre frøstanden på
til pynt i vaser om vinteren.

Her har vi den i nærbilde mot strålande blå hausthimmel :)

Eg er heldig og har ett hav av denne langs en gammal steinmur i hagen min :)


Der den er herdig er det greit å la 'graset' stå på til tidlig på våren
og so klippe det ned - før den begynner å spire på nytt.

torsdag 30. juli 2009

Ny blogg i dag...

Pga at så mange har hatt problem med å komme inn på bloggen min,
lagar eg meg en ny hageblogg og håpar at alt ordnar seg her :)

tirsdag 28. juli 2009

Luking, plenslått og blomstring :)

Aller først litt bilder av 'nye' blomster i hagen.
I dag oppdaga eg at daglilja 'Sammy russell' hadde sprotte ut med 3 blomster :)

I fjor regna blomstringa vekk, får håpe at det ikkje skjer i år også.
Veret har vore ein einaste skuffelse siste 3 vekene.
Får håpe vi får litt meir sommar før høsten kjem.

So har den eine høstfloksen min starta blomstringa si :)
Huskar ikkje navnet på denne akkurat no.
Noke med 'blue...', må sjekke det.
Edit 29.juli-09: Navnet er 'Blue paradise'.


Stokkrosa har også starta blomstringa si.
Den er nydelig. Trudde den skulle bli svart,
men eg surra nok med småspirane i fjor.
Det var berre denne og ein til som overlevde i fjor.
Den andre blomstrar ikkje før neste år.
Kanskje den er svart :)

Eg har også sådd nye, har 4 fine småplantar :)

Alunrot foran Astilber :)

Ei anna Alunrot foran Hosta og Astilber.


Siste dagane har eg fått gjort mykje i hagen.
Mellom alle regnbygene.

Plenen fikk eg først gjort i dag.
Prøvde monge gongar rett før helga,
men kvar gong kom regnet meg i forkjøpet.

I dag rakk eg det før regnet kom :)
Måtte ta ett par bilder med nyklipt plen :)



Før helga fikk eg gravd opp to busker som ikkje var noke særlig å ha.
Ei stikkelsbærbusk,
som var meir dau enn levande.
Vi tok vare på den heilt til no, fordi det var nokre bær.
Men når fuglen rakk å ete dei før oss,
var ikkje buska noke å samle på.

Har også fjerna ei ripsbusk.
Har endå tre til, meir enn nok til at vi ikkje klarer å plukke alt.
Denne buska stod også i vegen både for beda mine og plenklippinga.
Derfor - gone!!


Hekken har også vorte stussa, med den sløvaste kantesaksa som finnes.
Kjøpte den på Rema for 69 kr for å klippe graskantar inn mot beda.
Men den ville ikkje bite gras.
Men sprø greiner på hekken var greit nok.
Altså var ikkje saksa verdt 69 kroner.
Finnes det en moral her - billig kan bli dyrt i lengda :D


I tillegg er alle beda mine grundig luka :)
Det har ikkje vore for mykje luking i sommar.
Den veka (for leeeenge sida) vi hadde sommarvarme var det for varmt.
Etter det har det regna alt for mykje i 3 veker,
og då er det ikkje luking eg kastar meg over når det er oppholdsver.

Men no er det iallefall tatt :)

Hadde besøk av sonen min i dag.
Han fikk sjå revebjella mi,
og lurte på om ikkje det var ett ugras??
Jau dei som veks vilt er vel det svara eg,
men denne har eg sådd sjøl - sånn hagevariant.

So spurte han 'klarer du å hindre at den sprer seg overalt med frø då'?
Hm, tenkte eg, guten har no fått med seg litt om hagestell :D


Det har ikkje vore berre haging i det siste.
Kapp Ahl har hatt salg.
Og eg har virkelig fått handla meg nye klede.
Likar ikkje å bruke pengar på sånt.

No har dei hatt 50% på allerede redusert pris.
Og eg fant mykje :D
3 bukser, 2 skjørt, 4 toppar, 1 tunika, 2 belter,
1 veske og litt klede til prinsesså mi
for litt over 700 kr - ordinærprisen var over 4000!! kr :D

Då likar EG å handle :)


So hadde Skoringen salg :)

50% den eine dagen
149 for desse sandalane :)


70% dagen etter,
149 for desse sandalane :D

Me like :)
Ny garderobe og nye sko for under 1000 kr :D

tirsdag 21. juli 2009

Hagevandring og blomstring...

I dag var veret so pass bra at det gikk and å gå ute utan å verte våt :)
Temperaturen var også ok :) - ca 18 grader.
Men bevares, eg ønsker meg langt bedre ver altså - det er tross alt sommar.

Men tatt i betraktning dei siste daganes øs pøse ver, var dagen i dag bra den :)

Eg har vore på fotorunde i hagen.

Her er ett bilde tatt rett ved inngangspartiet mitt.

Her har eg roser, på hell...
Stokkrose i startfasen...
Lavendel i full blomst...
Klematis i full blomst...
Solsikker i knupp...
Sommerfuglbusk i knupp...

Og ca 120 babyplantar :)
Og minst like mange uprikla babyplantar :)


Bak Hurdalsrosa mi kjem 5 flotte Solsikker,
dei sprett snart ut - mørk burgunder :)


Inne på terassen har klematisen min lurt seg til :)


I kassa sammen med ein klematis veks denne flotte lavendelen :)

Opp langs vegen har eg ein Astilbe'hekk'.

Største bedet på vestsida av huset.

Her veks denne revebjella 'strawberry foxglove'.

Og her trives også Astilbene mine godt :)

Timian i ei 'steinrøys' ved stubbebedet mitt.

Kvitbergknapp.

Gravbergknapp.


Denne geraniumen er heilt fantastisk flott.
Den er so rank og rett.
Det er min absolutte favoritt blandt høge nebb :)
Geranium pratense plenum violaceum heiter den.

Prestekragetua mi har begynt på blomstringa si :)

Og Kransveronikaen er i startgropa :)

Ein eller annan hjelm.


Og nokre kule frø av (eg trur noke av navnet er kaupferteppisch) -
det må selvfølgelig sjekkast opp.
Frøa er 1-1,5 cm i diameter med piggane.
Og dei sprer seg ved å følge klær, dyrepels og lignande.
Eg håpar egentlig den held seg der den er,
i utkanten av hagen.
Eg vil ikkje ha den inni beda mine, for den sprer seg fooort...


Ha ei god natt :)

søndag 19. juli 2009

Nye rosestiklingar - 16.juli.

Den 16.juli satte eg nye rosestiklingar.
Eg satte 7-8 sortar, tilsammen 13 stiklingar.

Rosene under her er dei rosene eg satte stiklingar av.
Dei er alle funnet i naboens hage.

Og alle er for meg navnløse.
Kanskje noken kan hjelpe meg med navn
ut frå desse bilda under her :)



Sist eg satte rosestiklingar var eg aldeles fersk,
og ødelagte sikkert mange av rein uvitenhet.
Då trudde eg at med en gong ett blad begynte å vokse på stiklingen,
hadde stiklingen fått rot :D

Og kva gjorde eg då,
jau tok den opp og skulle plante den om.

Ja, ja en lærer so lenge en lever.

Eg løfta også på plasten en del og mange stiklinga mugga.

Denne gongen har eg brukt ei sånn boks som eg har kjøpt nektarin i,
og satt stiklingane ytterst ved kanten.
Då kan eg sjå når røttene har kome.

So har eg fukta molda sånn passe
og satt heile boksa inni ein zip-lock pose.
Og då er det tett, og fuktigheta konstant.

Og sånn skal det få stå, i fred.
Og eg kan sjå gjennom posen om det skjer noke inni der :)

Spennande :D

Eg har minimalt, eller ingenting med blad på stiklingane,
håpar at det går bra likevel.

onsdag 8. juli 2009

Blomstring...... :)

No har vi hatt ett par dagar med litt ustabilt ruskever.
Ikkje noke nedbør, men kald sur vind og en del skyer.

Før det hadde vi ei periode med skikkelig sommarver.

Uansett ver, hagen blomstrar i kvar ein krok, og det er fantastisk å sjå.
Eg knipsar og knipsar,
men tida til å legge dei inn på pc og nett finn eg ikkje alltid.
Derfor blir det litt i rykk og napp.

I går kveld når eg skulle ha meg ei lita runde fant eg denne lissje pjusken i eine bedet mitt.
Han hadde nok vore på prøvetur og kræsjlanda litt.
Eg tok nokre bilder av han, og stakkaren var nok litt redd.
Etter ein liten halvtime på butikken gikk eg og kika til pjusken igjen,
og då låg han stiv på ryggen stakkaren.
So den hadde nok hatt et ganske ublidt møte med bakken.


Denne skjærsminen er naboen sin,
men kva gjer det når eg har stor glede av rik blomstring over muren min :)

Lychnis coronaria vart sådd i forfjor,
men blomstrar først i år.
Den er flott og treng ingen form for oppbinding :)

Iris og Ridderspore.
Riddersporane mine,
som alltid har vore so flotte er so godt som borte i år.
Det er so vidt det har kome opp bladverk og kun 2 blomsterspir har eg fått.
Skjønna ikkje kva som har skjedd.

Eg har samla litt frø kvart år, so eg har sådd og har mange nye småspirar allerede.
So neste år har eg forhåpentligvis meir blomstring.

Men på Irisane mine har eg fått full uttelling :).
Dei vart flytta i fjor og då blomstra berre en blå.

Steppesalvie foran kvit astilbe.

Ei ukjent rose sammen med en Geranium, enten oxonianum eller endressii.

Heuchera 'Chocolate Ruffles' foran ei raud Astilbe.

Det er frodigt rundt stubbebedet mitt.
Tenke seg til at når vi flytta hit var dette hageavfallsplassen...
Midt i glaninga frå ytterdøra...




Clematis 'warsawka nike'.
Denne har vokst oppetter ett gammalt epletre i hagen.
Der har blomstrane vorte delvis oppspist
etterkvart som dei har sprotte ut kvart år.

I fjor haust flytta eg den,
so no veks den i 'friluft' oppetter terasserekkverket og er kjempeflott.
Det var ingen stor flytteoperasjon, for den veks i ei stor trekasse.

I fjor sådde eg
Digitalis x mertonensis 'strawberry foxglove'.
Eg fikk tre flotte rosettar.
Den eine blomstrar no, nummer to er 'på vei',
og nummer tre ser ut til å vente til neste år.

Eg har allerede sådd nye frø også,
og småplantane veks fint :)
Den ukjente raude rosa sammen med
Corydalis elata, nellik og stjerneklokke.

Største bedet på vestsida.

Hm, på fredag MÅ eg få tid til å lage ett ABC-innlegg, for 3 veker.

Ha ein fortsatt flott sommar alle som måtte titte innom :)