fredag 30. april 2010

Artikkelen frå hagen min ligg digitalt på nettet :)

Jammen har Sunnmørsposten lagt ut 
'Hus & hage' avisa digitalt på nettet :)
Det var kjekt :)

So då er det mulig for alle som å sjå den :)

torsdag 29. april 2010

Eg er i Sunnmørsposten i dag :)))

Eg er i avisa i dag,
eit 'hus og hage'tillegg til Sunnmørsposten.

Ikkje mindre enn 2 sider har eg fått :)
Hadde besøk av journalisten for ca 3 veker sidan,
so eg har vore spent ei stund no :)

Var utrulig heldig med veret den dagen,
og to timar, der eg fikk prate om det eg likar aller mest, gikk fort :)
Ha ein fin dag :)

tirsdag 27. april 2010

Når det går frå å sprette ut til å blomstre... :)

Ja, sånn e de i hagen min no :)
Det har holdt på å sprette ut,
både den eine og den andre sorten...

Og plutselig so blomstrar det i hagen..
Det er ikkje berre eg som ser det,
med nærsyntblikket mitt :)

Sukk.... det er herlig ute no :)
I ettermiddag hadde eg med meg kaffekoppen og fotoapparatet,
på ei solskinnsrunde i hagen min, 
ei nydelig ettermiddagsstund :)

Resultat: full blomstring her på bloggen :)

Nyt synet :)
Aurikkeltue.


Hageprimulatue.
Ei til Hageprimulatue.
Ei tue med Kusymrer.
Primula Veris.
Kvit Kuleprimulaer.
Om du lurer på om du skal plante desse enkeltvis eller i tuer..
Ver aldri i tvil - fantastiske i store tuer :)
Blålilla kuleprimulaer.
Rosa og burguder kuleprimulaer.
Foreløbig små,
men dei veks.... so til neste år... :)
Alle mine Kuleprimulaer på ett brett :)
Hageskrinneblomst.
Lungeurt.
Tusenfryd.
Og so til slutt en nykommar i dag :)
Stor Kubjelle 'Pulsatilla vulgaris'

Denne stauda er eit kunstverk syns eg :)
Artig å fotografere :)



Ha ein strålande kveld :)

mandag 26. april 2010

Blåveisen min og en ny Aurikkel har sprotte ut :)

Ja, det er vel ikkje noke unikt at en Blåveis spretter ut no,
men for meg er det veldig spesielt :)
Eg fikk ei lita rot med ei veninne for to år sidan,
og i fjor kom det ikkje opp ett einaste blad.

Og i år har eg heller ikkje sett noke,
før en liten blomsterknopp kjem til syne 
(synnlig nesten berre for en nærsyntkikker).
Også nokre spede blad har komt opp etterkvart.

Og i dag er den iferd med å sprette ut :))))))
Gjett om eg gleder meg til neste år.....


Vanskelig å fokusere på den lissje rakkaren,
so her har eg 'fanga' den :)


Nydelig...... sukk.... :))

Ein Aurikkel til har sprotte ut hos meg...


Og den flottaste kuleprimulaen eg har sett blir stadig rundare :)


Vi har forresten hatt en fantastisk temperatur i dag,
oppi 13 grader midt på dagen.
Altså en herlig vårdag :)

Ha ein fin mandagskveld :)

fredag 23. april 2010

Både vinter og vår i dag....... men blomstrar gjer de :)

Atter en dag våkna vi til store snøfiller :((
Det varte litt utover formiddagen, 
men heldigvis kom sola etterkvart og snøen tina fort.

Litt kald vind har det vore, men det er berre å kle seg godt.
Vi har vore ute heilt til det var på tide å gå inn å legge lissje-piå :))

Det er ikkje berre i hagen vi har vore,
vi har også vore og øvd på å sykle :)
Ho har vorte kjempeflink,
no må det øvast på bremsing og å gå av sykkelen :)


Har også hatt ei fotorunde, selvfølgelig ;)

Kubjellene mine spretter snart ut :) 
Kubjelle - Pulsatilla vulgaris.

Hagen til piå mi er frodig og fin,
denne laga ho i fjor sommar :)

Litt ny blomstring i hagen har eg også :)

Hageskrinneblomst - Arabis caucasica.


En ny Kuleprimula har sprotte ut :)

Tusenfryd - Bellis perennis. 


So til slutt, eg har ei lita einerbusk som veks på ein bjørkestubbe.
Den har i år både frø, grøne bær og modne bær.
Det tek 3 sesongar frå einerbæret har frø til bæret er modent.

onsdag 21. april 2010

Årets første Aurikkel :) - og bjørka har fåt museøyre :))

So e det i gang Aurikkelshowet i hagen min :))))
Ikkje så lenge til fleire følger etter :)


Ett lite tillegg her kl 22:50:
Bjørka har no fått museøyre her,
so då er bjørka garantert grønn til 17.mai pyntinga i år også ;)


Snømannen i hagen står fortsatt,
men pittelitt framtung ;)


Ha en blomstrande kveld :)

tirsdag 20. april 2010

Vinteren er vekk som dugg for sola :))))

So va vinteren vekke igjen,
som dugg for sola :))))))

Har, som eg so ofte er :)),
vore på fotosafari i hagen min.
Det er so deilig på denne tida når spirar eg ønsker,
kjem fortare enn uønska spirar :)
Då består haginga mest av 
kaffedrikkinghaging, nytehaging og kosehaging :)
Og det gir iallefall meir energi enn det tar :)

Livet er herrrrlig :)

Men først skal eg vise kontrastene på berre 2 dagar,
og det er greit at de e sånn,
når det går frå det verre til de bedre :)

I dag, 20 april :))))


For 2 dagar sida, 18.april.....


I dag og i går har vi hatt strålande ver, 
og sola har gjort underverker :))

Her er resten av vinteren,
laga i går ettermiddag.


Fleire kuleprimulaer blomstrar no.
Eg har 1 kvit, 2 (eller3) ulike rosa/burgunder),
og 3 ulike blå-lilla.

Eg skal ha FLEIRE :))
Seint på sommaren får vi spørsmål feks på hagegal,
kva er din favorittblomster/staude.
Det er vanskelig å svare på då...

Men på våren når det er lite anna å nyte,
då kjem den - kuleprimulaen - og den er herlig :))
Det MÅ vere den BESTE :)))


Den mørkaste eg har, nyyydelig :)


Kuleprimula i store tuer, det er fint det :)


Primula 'veris' 


Herrrlig blomsterprakt :)


Eg har kika her, utan å vere på nært hold.
Har egentlig ikkje trudd at Blåveisen min har klart seg.
Planta den for 2 år sidan,
og i fjor såg eg ikkje noke av den.


Men sjå her, kva eg oppdaga i dag.
Gjett om eg vart glad :)


Endå meir blomstring :)
Lungeurt - Pulmonaria.


Småhjerte - Dicentra formosa.
Desse sprett ut snart og varer heile sommaren.
Ja, heilt til en blir dritlei av dei ;)


Rabarbraen er godt i gang :)


Silkepeonen min, Sarah bernardt :)

Og selvfølgelig kjem også en og annen plante en ikkje ønsker.
Som Skvallerkål....
Kanskje eg skal bruke den i salat no når den er ung og frisk :)
Denne veks heldigvis ikkje i nærheten av bed.


Nyt vårkvelden :)