mandag 31. august 2009

Nymalt salongbord og hyttekos :)

På tirsdagen reiste gubben på tur,
og han hadde knapt starta bilen før salongbordet mitt stod ute.
Det var klart for å overraske gubben.

Vi har lenge snakka om å pusse og male bordet, ett skap og div anna.
Og no har eg starta :)

Veret viste seg ikkje frå si beste side,
men eg rakk å pusse bordet ute :)

Men malinga måtte foregå inne, i stova :D
So det var ikkje fritt for at eg gikk i ei oljemalingsdøs nokre dagar ;)
Eg rakk å pusse, male grunning og 4 lag maling på topplata
og 2 strøk på beina før helga kom.
Det stod på spannet at det skulle gå 24 timar mellom kvart strøk,
men sånn tålmodighet er ikkje min store dyd :D
Det holdt lenge med 12....

Dette var mitt midlertidige salongbord :)

På fredag reiste eg på hytta i Syvde, sammen med ungane mine på 21 og 5 :)
Ei koselig helg med geni, master mind, snop, kokekaffi og fyring i ovnen :)

Veret var vel heller dårlig, men desto koseligare å vere inne :)
Frå lørdag til søndag låg også ei tantejente på 14 på hytta med oss.

Dårlig telefondekning på hytta, må vere heilt bort med vinduet.
So piå sitte på benken i godnatt telefon med pasen :)

Før vi reiste heim på søndag var vi på Utsikten fjellkro
og åt middag sammen med mormor og besten :)
Nydelig middag serverte dei :) - takk for mat besten ;)

Når vi kom heim hadde gubben allerede kome,
og sett det nymalte bordet :).
No får vi sjå når fortsettelsen følger ;)

lørdag 22. august 2009

Klessnor med paraply :)

Har noken sett ei klessnor med paraply før :D
Vel mi klessnor har det - hi hi.
Ett godt vern mot alt regnet for tida,
eller kanskje ett vern mot uv-strålar??

Gubben varmrøykte makrel hin dagen,
og det var ett grusomt regnver,
so då festa han øverste del av parasollen i klessnora :)
So satt han tørt i regnet.
Eg flira litt når eg kom heim frå jobb
og såg kordan han hadde rigga seg til.

Her ser dokke ei ny ladning ferdig.
Det er steikandes godt som pålegg :), med litt majones oppå.

Det er so grusomt med kveps no, overalt - "%#&#%&#!!
So i dag laga eg meg ei kvepsefelle. Men honning i botnen.
En del gikk i fella i dag, forhåpentligvis fleire i mårgå.

Då likar eg bedre biene som surrar rundt og gjer ein viktig jobb :)


Og edderkoppane, so lenge dei er på plassen sin :)

Stokkrosa mi har vorte vanvittig høg, iallefall 3 meter!! :)
Første året eg har stokkrose, so kanskje det er vanlig at dei blir so høge :)

Solsikkene har vorte omtrent som dei skal bli, 2 meter.
Men dei snur seg vekk, hm??
Håpar resten som ikkje har blomstra endå vil 'sjå' framover :)
Her står dei fint bak ei avblomstrar Hurdalsrose.

Ellers er veret mildt sagt skiftande no om dagane.
Grusomt varmt, regn, sol, vindstille, storm -
alt frå det eine øyeblikket til det andre.

Har fremdeles en del blomstring rundt om i hagen.
I gårsdagens ABC-innlegg i bloggen min,
posta eg en del av dei som blomstrar ute no.
Berre sjå der om du vil :)

Og so laga eg verdens beste fiskesuppe her om dagen :)
Eg lånte oppskrifta frå Lene i gutua sin blogg.
So forandra eg bittelitt på den.
Oppskrifta 'mi' ligg i matbloggen min.

Tusen takk for lån av oppskrift Lene :)

Abc i ord og bilder # 24&25 - blomstring i hagen i dag :)


Ny runde med ABC i ord og bilder.
Sjå meir om det på Petunia's ABC-blogg :)

Denne veka tek eg både X og Y.
Forrige veke rakk eg det rett og slett ikkje.

Kor eg har vridd haudet mitt for å få til desse to bokstavane
med stauder/blomster i hagen min - som eg sjøl har bilde av.

Og plutselig kom eg på det:
X-antall Yndige blomster i hagen min
som blomstrar akkurat i dag :)

Øverst: Solsikka mi: Ruby F1
Nede venstre: Hemerocallis 'sammy russell' - Daglilje.
Nede høgre: Helenium 'Moerheim beauty' - Praktsolbrud.

Oppe venstre: Anaphalis triplinervis - Sølvevigblomst.
Oppe høgre: Stokkrose, to-årig (2,5 meter høg!!)
Nede venstre: Liatris spicata - Akssøyleblomst.
Nede høgre: lavandulae - Lavendel.

Oppe venstre: Sjølsådd Blomkarse.
Oppe høgre: Crocosmia x crocosmiiflora - Værhane.
Nede venstre: Clematis 'warsawska nike' - Klematis.
Nede høgre: Clematis 'multi blue' - Klematis.


Oppe venstre: Phlox paniculata - Høstfloks,
foran en Veronica virginica 'Alba' - Kransveronika.
Oppe høgre: Malurt.
Nede venstre: Astilbe chinensis - Kinaspir (OBS!! Innvaderende)
Nede høgre: Astilbe simplicifolia 'Sprite' - Makinospir

Då er det berre å begynne å pønske på neste,
minst like vanskelige bokstav ;)

tirsdag 18. august 2009

Sjøakvarium, blomster og finever :)

I dag som i går starta dagen med skikkelig ruskever.
Men både i går og i dag fikk vi flott ver utover dagen.
I dag kom fineveret tidligare enn i går,
og det vart skikkelig varmt :)

I går var vi nedi fjøra og kosa oss,
leita etter krabber og andre sjødyr :)
Det er veldig kjekt å holde på med både for store og små :)

Piå mi ser ut over fjorden :)

Eg bloggar like godt den blå himmelen i dag,
den har vi sett alt for lite av i sommar ;)

Fjøreakvarium.
Vi fant tanglus, Sjøanemone, krabber og div skjell -
både med og uten 'innmat'.
Krabba nede i venstre hjørne spiser tanglus.

Ta en titt på Sjøakvariumet vårt :)



Når vi lager oss sjøakvarium,
tømmer vi det alltid ut i fjøra når vi er ferdige :)

Ellers fotograferte eg litt blomster i går, etter regnet.

Erteblomst.

Revebjelle.

Høstfloks.

Og dei kulaste frøa eg veit om.
Piå mi syns det er kjempegøy når vi kastar dei på kvarandre.
Då heng dei fast i kleda :)

I dag har eg fått gjort masse i hagen.
Fikk blandt anna en plantepakke frå Solfrid i dag,
tusen takk til deg Solfrid :)
De inneholdt 2 Alcea rugosa, som allerede har kome i jorda.

Eg har også fått planta revebjellene frå Lene i gutua,
samt ein Veronica eg fikk av henne :)

Før eg fikk planta Stokkrosene frå Solfrid måtte eg flytte på ein
Cephalaria gigantea som var litt feil plassert.
No står den og stokkrosa i nærheta av kvarandre.
Dei blir høge begge to, og eg trur dei har nesten samme farge.

Eg har også flytta på nokre Hosta so stod litt feil.

So har eg fått planta ut litt Anemone rivularis (Bekkesymrer),
Riddersporer og fleire revebjeller.

No er det natti natti :)

lørdag 15. august 2009

En herlig hagedag :) - masse blomstring.

Dagen i går starta med regn og rusk,
men på yr lovde dei finever frå litt ut på formiddagen.
Og eg håpa at det skulle slå til, og det gjorde det :)

Frå tolv-tida hadde vi flott hagingver :)
So då var det berre å komme seg ut og jobbe (kose seg).

Eg tok alle kantar rundt beda,
klipte vekk alt visna og avblomstra.

Sånn med første øyekast såg ikkje plengraset ut til å vere so høgt.
Men når eg begynte på kantstussinga,
såg eg at det hadde grodd godt mens vi var vekke.

Når eg slo plenen måtte eg stille klipparen høgt,
so plenen må nok klippast igjen om nokre dagar.

Det var so herlig når plenen var ferdig klipt,
alt ser so mykje 'ryddigare' ut då :)

Sånn er det foran inngangspartiet mitt.
Sommarfuglbuska har desverre gjort frå seg
den finaste blomstringa mens vi var på tur.

Og stokkrosa mi har vorte diger,
minst 2,5 meter høg no :)
Eg har sådd fleire stokkroser i år,
so neste år vil der vere fleire plantar ilag.

Nokre oversiktsbilder av hagen.
Til høgre: Daglilje 'Sammy russel' og Matrem.
Matremen står so fint langs trappa.
Har hørt at den skal vere toårig,
men eg kan ikkje forstå det for den har stått
på samme plassen dei tre somrane vi har bodd her.

Eg fikk planta Isop'ane piå mi fikk av Lene i Gutua.
Dei fikk plass i strikkekorga mi :)
Revebjellene har eg ikkje bestemt meg for plass endå.
Trur eg må flytte om på litt stauder først.

Akeleia til piå mi blir vel planta i mårgå -
so var det en til som eg ikkje huskar kva var
som heller ikkje er planta.
Må ha litt å gjere resten av helga også :)

Sukkerertplantane er kjempefine no,
og fulle av både ertebelga og blomster.
Dei er nydelige å knaske på :)

Men frilandstomatane mine må eg nok berre innsjå at
blir tomatfrie i år. Dei har nok etterkvart fått nokre blomster,
men med dette grusomme sommarveret vi har hatt
blir det nok kun med blomstringa.

Eg trur eg får vente med sånt til eg har drivhus eller egna planterom.

Epla på epletreet oppom huset har begynt å bli raude og fine.
Dei er kjempegode :)

Vi har også ett epletre nedom huset,
altså på vestsida der eg har beda mine.
Dei er absolutt ikkje etandes, og høgt heng dei og sure er dei.
Heilt til dei dett ned, og det har dei gjort no.

Eg følte at eg gikk på stein når eg klipte plen i dag - usj.
Og det største bedet er frå no og utover stadig fullt av epler :(

Det er ett gammalt tre, so det kunne sikkert vore fjerna.
Men det skjermar litt for innsyn,
og treet er no litt fint med den knudrete stammen sin.
Men akkurat på denne tida av året har eg lyst å fjerne det,
men det går over ;) - når epla er borte :)


Erteblomstane mine er ett sorgens kapittel.
Eg sådde nokre i ett bed, dei vart 20 cm - bom stopp.
Dei eg sådde i urna har nok vorte en del høgre,
men glisne og lite dekkande.
Eg strekte tråd i stativet sånn at dei lettare kunne klatre.
Det ville no dekke, tenkte eg, men neida.

Akssøyleblomsten og Frynsesøta har så smått begynt å blomstre.
men eg må sei at eg likar mykje bedre Kinasøta enn Frynsesøta.
Den gjer litt meir av seg både i form og farge.
Kanskje Frynsesøta blir bedre berre den blir litt større.

So har eg ei enslig Blomkarse i år,
den har sådd seg sjøl, i duken ved kjøkkenhagen.
Den står ikkje i mold idet heile tatt.


Ei Rosarugosa-rose som har spredd seg frå naboen,
den skal få blomstre frå seg før eg riv den vekk.

Ellers er Kransveronikaen min kjempefin i år,
trur den må vere ca 1,5 meter høg :)
Og tett og riktblomstrande.
Den rosa høstfloksen min blomstrar, den kvite blomstrar snart.

Prestekragane mine er digre :)
Nede til venstre kjem ein forsiktig Helenium 'Moerheim beauty'.
Den er liten endå - 3 blomster - nyplanta i fjor høst.
Gleder meg til den sprett ut :)

Nede til høgre har eg ei litt innvaderande Astilbe - A. Chinensis.
Den har fått plass langs muren der den berre kan bre seg.
For i bed vil den fort ta for mykje plass.

Oppe til venstre Sølvevigblomst - Anaphalis triplinervis.
Den er nydelig, og fin å tørke.
Men også den vil etterkvart kreve litt plass.

Nede til venstre er ei søt lita Astilbe, ikkje sikker på navnet no.
Den er ikkje meir enn ca 30 cm høg og har blankt mørkgrønt bladverk.
Blomserspira er lyst rosa, og ser litt sarte ut - nydelig.

Til høgre har C. 'multi blue' begynt å blomstre igjen.
Om ei lita stund begynner også C. 'Ville de Lyon' i samme potta :)

Sommarfuglbuska har som skrevet lenger oppe begynt å dabbe av.
Nede til venstre in Bergknapp - ukjent sort.

Til høgre C. 'warsawska nike'. Den har vore, og er nydelig i år.
Den har ett par år vokst oppetter det gamle epletreet nede i hagen,
og blomstane har vorte oppspist omtrent med det samme dei har sprotte ut.

I fjor høst flytta eg den, og det er eg jammen glad for no :)


Blir spennande å sjå om eg får nokre timar med oppholdsver
i dag også, treng litt meir tid til hagesysling :)

torsdag 13. august 2009

Heim kjære heim :), og ei nydelig solsikke.

Det var jammen godt å komme heim i kveld :)
Dagen i dag var laaang, og piå mi var lei heile veien.

Må aller først få vise kva som møtte oss når vi kom ut av bilen.
Den nydeligaste solsikka eg har sett.
Den er faktisk enda mørkare enn på bildet.
Navnet på skjønnheita er 'Ruby F1'. Og når eg ser på frøposen,
so ser eg at den er mykje finare i virkeligheta enn på bildet :D

Dette er den første av 7 solsikker som sprett ut.
Om dei rekk og bli store nok og sprette ut,
so kjem der fleire blomster på kvar stilk.

Absolutt å anbefale :)

Klokka hadde passert 12 før vi kom oss avgårde i dag,
og då låg ca 38 mil foran oss.
Piå mi hadde ikkje mykje lyst å køyre so langt,
so det vart en ganske laaang dag.

Tilsammen på ferieturen har vi kjørt 201 mil -
so ho er no egentlig tålmodig piå vår :)

Vi kom oss til Kvam og Mor's kro når vi tok første pause,
men det var no greit nok det - middagstid og god middag :)

Veret var flott inntil vi nærma oss Lom,
då var det ruskever resten av turen.

So stoppa vi hadde etter Kvam,
var mest tissepausar og
full fart å kjøpe pølse på en bensinstasjon.

Og då blir dagen lang for ei lita pie i baksetet.

Nokre situasjonsbilder frå turen i dag.
Bilda er tatt på vei ned frå Strynefjellet.



Når vi kom oss ned frå fjellet fikk vi oss ei stund bak denne luktsprederen,
og det kan vere forfriskande etter mange timar i bil ;)

Innimellom såg vi sola også,
men dei glimta varte ikkje lenge.

Kl halv åtte var bilen parkert heime :D
Når vi hadde tømt bilen, hadde eg meg ei lita runde i hagen.
Og eg såg at det blir nok litt å henge fingrane i, i mårgå.

Men eg hadde faktisk trudd at det var verre.
So etter en plenklipp blir det nok bra.

Piå mi fikk årets siste jordbær i kveld og eg kunne nyte sukkererter :)


I mårgå får det bli ei runde med fotoapparatet.
På yr lovar dei fint ver frå ca kl 10 i mårgå - me hope so :)

Hunderfossen og hos Lene i gutua :)

No reiser vi snart heim frå ferieturen vår.
Vi har vore to døgn på Mageli camping,
med tur til Hunderfossen :)

På Mageli camping har vi bodd på Elgbu,
ei to-roms tømmerhytte.

Etter ei lita omkøyring til Østerdalen,
kom vi fram til Mageli først når kvelden var komen.
Og veret var heller dårlig - med en del regn.

Men i går når vi skulle på Hunderfossen
var veret absolutt mykje bedre, sol og varme :)
Berre ett par regnbyger hadde vi.

Hunderfossen familiepark er en flott park for både store og små.

Vi var inne i trollet og såg på alle Ivo Caprino eventyra .

Vi var i eventyr-slottet og såg på alle eventyra der :)

Vi prøvde rafting, det var kjempegøy :)

Vi var oppe i Utsiktstårnet - litt høgt.....
men artig likevel :)

Det var teater på utendørsscene over fleire eventyr -
artig for både store og små :)

Inne i vokskabinettet var det fleire kjente figurar -
her har vi Astrid Lindgren.

En kjempekjekk dag som desverre gikk altfor fort.

Etter turen i parken reiste vi på besøk til Lene i gutua :)

Ett kjempekoselig besøk,
der vi fikk sjå den fine hagen til Lene,
og litt plantar vart det også på meg gitt :)
Piå mi fikk også ett par til hagen sin :)
(Skal skrive kva for noken, men no har eg ikkje tid)

Besøket vart nok altfor kort,
men neste gong har vi nok bedre tid :)

Vi fikk også helse på dei to husdyra dei har:
katten Mosse og kråka Egbert :)

No er vi snart klar for avreise nordover og heimatt.
Er spent på kva slags hage som ventar på meg,
etter nesten 14 dagar på tur.