tirsdag 29. juni 2010

Litt forskjellig - litt hage, litt fjelltur og litt blomstrande bjørk :)

Har vore litt fråverande i hagen siste dagane,
men ute har vi vore :)
Har vore i Syvde på familietreff, kjempekjekt :)

Masse ute, grilling og kos :)

I dag før vi for heim var vi på tur oppi en skogsvei
som besten te tausa mi held på å lage, 
og han e en kløppar med brøyten :))

Tausa mi hand i hand med mormora 
på vei te opp til besten med kaffe og kake :)

Delar av vegen.....



Grantre på kryss og tvers...


Besten e like flink å handtere brøyten,
som eg handterar ei hagespade :)


Ein kampestein i veikanten......


Mykje flott å sjå når ein er på tur,
også ferske hjortespor :)


Utsikt utover Syvdefjorden.


Heime på trappa venta skoa mine,
no har også Kvitmure - 'Potentilla rupestris' også sprotte ut.


Mest sansynlig en Geranium oxonianum.


Engstorkenebb - Geranium pratense, endå ukjent sort.


Jonsoksolbrud.


Etasjeprimula.


August primula.


Snø i hagen i juni er noke skit,
og sånn føles det når epletreet 'kastar' alle eplelomstane sine.
No er det kvitt overalt i dette bedet...... :(
Eg likar det ikkje sånn,
men om ei vekes tid er det vel over :)


Det er ikkje berre i hagen min det blomstrar,
det gjere også ett par bjørker i nabolaget.
Akkurat kor høge dei er veit eg ikkje,
men 10-15 meter er dei nok.
Og dei er fulle av Klematisblomster,
Clematis montana. Nyyydelige er dei.
Eg helde nesten på å køyre av vegen kvar somar 
når dei startar blomstringa si ;)
I dag måtte eg berre snike meg bort å ta litt bilder :)

Nyt synet :)





So seier eg god natt med en kveldshimmel frå Ulsteinvik :)

onsdag 16. juni 2010

Hagefotografering...... mykje nytt som skjer kvar dag :)

Sidan ryggen min ikkje er heilt i form for tida,
er det ikkje mykje fysisk arbeid eg får gjort i hagen.
Og det er litt frustrerande syns eg...
.. å måtte spørre andre om å gjere ting eg ser trengs.

Men fotografere får eg til,
og no har eg byttelånt kameraet med gubben.
Han har mitt kompaktkamera,
og eg har hans/vårt Canon speilreflekskamera :)

Har ikkje brukt det so masse,
men det åpnar for heilt anna type fotografering.
Feks har en ein heilt annen vidvinkel enn på mitt kamera.

Først å fremst ønsker mine blomstrande sko 
velkommen, nede på trappa :)


Av nebb som har vore/ er i blomst 
har eg vel blogga berre ett par stykke.
Her er fleire som har sprotte ut siste veka:

G. Johnsons blue, 14.juni


Oppe: G. himalayense
nede: G. himalayense 'birch double, 12. juni


G. (renardii) x stephanie 10. juni


G. cinereum var. subcaulescense 6. juni


G. sylvaticum - vill type 6. juni


I år har eg to variantar av Fjørekoll 'Armeria maritima'.
Den lysaste rosa er ein fjørekoll frå fjøra :)
Har prøvd før, men har ikkje fått dei til å overleve.
Men i fjor fikk eg med heile den djupe pælerota,
og no har det gått bra :)


No er det tid for Skyggesildreblomstring i hagen min :)
Dei er nydelige der dei vaiar i vinden, tett i tett :)


Eg har også ei variegert skyggesildre.
Den er lita endå, men kjempefin :)


Var ute på ei lita runde i hagen i går, skulle berre kike
om det var noke nytt.
Og jammen var det det :)
For der stod den, liten men aldeles nydelig -
min heilt nye Gjøksyre - Oxalis 'Ione hecker'.


Og like fasinerande var det når eg seinare på ettermiddagen
såg den når den hadde rulla inn blomstrane sine for kvelden ;)


Eg var så heldig å få denne med ElinG når dei var her
på hagelagsmøte for ei lita stund sida :)

På stubben tronar dei 5 bergfruene mine,
og speidar utover hagen :)
I fjor hadde den ingen blomster og i forfjor berre 1.
So det var stas når eg oppdaga 5 i år :)
dei trives tydeligvis godt på stubben min :)


I karmbedet veks rosene mine godt :)
Til høgre ei Hurdalsrose, ein stikling som eg fikk røter på i 2007.
Den er no full av knoppar (det var den også i fjor).
Til venstre står to Rosa gallica (trur eg), 
dei fikk eg røter på i 2005 eller 2006.
Nydelige fylte rosa roser :)

Og heilt til venstre i ega kasse veks 
ein Clematis 'warsawska nike' sammen med ein Lavendel :)


Beda i sørveggen og vestveggen har vorte til eit bed :)



Ein fargepalett av Vårfloks :)


Og til slutt ein Ramsløkblomst 'Allium ursinum'


Ha ei fortsatt fin veke :)

fredag 11. juni 2010

Nytt bed i bakken opp langs trappa :)

No har eg laga nytt bed opp langs trappa.
Har lenge tenkt at her må det gjerast noke.

Men no er det slutt på den litt rotete grasbakken,
som har vore grusom å slå me plenklipparen.


Vi fikk rive vekk masse krypmispel,
og anna rot som vaks der.
Men den einerbuska som vaks nederst i bakken
tok eg vare på, den blir søt med julelys :)

Eg begynte med friskt mot og grave på,
men måtte innsjå at dei ryggplagene eg hadde 
kjent på ei stund ikkje vart bedre av gravearbeidet :(
Men litt fikk eg gjort før eg måtte gi tapt...

Og når en ikkje får gjort noke sjøl,
er det kjekt med ei voksen flink son
som stiller opp for mammaen sin c",)
I frakk og kvite sko :)))))


Alle torvene vart gravd opp i passe små bitar,
sånn at eg kunne sitte og riste dei for mold :)


Med god berehjelp av stein fikk eg også fortsatt
med resten av bedbygginga :)
Var litt usikker på kordan eg skulle gjere det,
med det vart bygd i etasjer sidan det var so bratt.



5 etasjer vart det :)
Og her står bedet klart til planting.


Då var det å gå på jakt i hagen etter noke som kunne delast.
Og eg fant: Hostaer, astilber, Akeleier og diverse anna.
Vips so er bedet ferdig :), bada i sol.
Men det er berre ettermiddagssola som skin her, først i 2-3 tida.


Etter ei regnversnatt,
det var vel greit med litt vatnehjelp til ett nyplanta bed :)


Nederst i bedet er det planta litt innimellom steinane :)


Bedet sett frå sida....



Her har prøvd å plante litt for tidlig blomstring,
litt med farga bladverk og litt for seinare sommarblomstring


Ha ei fin helg folkens c",)