søndag 6. november 2011

Har laga meg fuglematar i dag :)

I dag har eg laga fuglematar til småfuglane.
vart veldig inspirert av høstbufeten som Hanne
i Hannes hage hadde laga.


Vel no hadde eg ikkje like flott fat som ho,
men når man tager vad man haver, so blir det
ett greit resultat til slutt. Vart no iallefall
fornøgde eg då. So er den plassert sånn at
eg kan sjå den frå kjøkkenglasset. 


Er veldig glad 
i å sitte å sjå på når småfuglane kosar seg i matfatet :)

Vel, som sagt hadde eg inga flott skål eg kunne
bruke til dette... men eg leita litt i kjellaren, og fant
no litt ymse som kunne brukast :)

Ett gammalt lokk til ei metallboks...
kjekt med alt en teke vare på gitt ;)))


En trommel.... ikkje veit eg kva den har vore brukt til ;)


Vel, eg saga litt av kantane, sånn at ingenting stakk
ut om kantane lit metall-lokket.


Eg spikra masse hull i lokket, sånn at vatn får
renne ut. So skrudde eg det fast til trommelen.
So festa eg trommelen godt med feste i jorda.
Eg plasserte fuglemataren midt i stubbe-bedet.


Greit å kunne bruke bedet til noke på denne 
tida også. So har eg utsikt hit frå kjøkkenglasset :)


Litt kamuflering med mose, for å skjule den stygge,
kvite plasten. 


 Då er det berre å fylle matfatet til småfuglane :)
Solsikkefrø, epler, meisebolle og bulkemispelbær.
Ett par grankvistar til pynt, og en liten kristorn på rot :)










Vart ikkje so verst dette, syns eg :)
Kjekt å kunne bruke det en har, og ikkje berre kjøpe nytt.


Fotorunde i hagen....

..... en solfylt og flott dag i dag, 
men regndråpane heng igjen etter natta :)
Vi hadde berre 10 grader i dag, men sola
varma godt. Og det var ingen problem å 
sitte ute og drikke kaffe og strikke i sola :)













Og litt besøk av småfuglane også :)


Og i meste innlegg får du sjå kva eg har
laga til småfuglane i dag :) Elska å sjå på
når småfuglane kosar seg i matfatet :)

torsdag 3. november 2011

Plutselig vår i november........

Plutselig våkna hagen, etter at den har ligget
i dvale 'heile sommaren' og hausten.......
Revebjella danner blomster, jordbæra blomstrar
og dannar bær, Auriklar i blomst og klematisen som  
nekta å blomstre i sommar har no knoppar.





Litt haustblomstring er her no også då :)


Og en liten roseknopp :)