mandag 28. desember 2009

Vinterstemning og julebukkar :)

 I går, på vei til venner for å ete middag knipsa eg dette fine vinterbildet,
Lyset bak skyene var litt vanskelig å få fram,
men litt viser det :)



Og berre for å skryte av middagen i går,
vi fikk servert nyyydelig reinsdyrsteik :)
Og eg sa som sant var:
'detta kunne fort bli en fin tradisjon' - hi hi!!

Vi har endelig fått vinter på våre trakter også :)
Var vel på en måte kvit jul på julafta også,
men berre 1 cm eller 2.
No er det rikelig, både til skigåing og aking :)

Må berre putte inn litt meir julestemning :)
Søte te-lysestakar vi fikk til jul.

 

Nissen på vei oppetter lyset :)

 

Og litt nostalgi :)
Denne er nyanskaffa hos systå mi,
og sånn må eg ha meg til neste jul.
I mine barndomsjuler stod ein sånn å plinga når lysa var tente :)

 

Laga ostekake til ett juleselskap.
I år pynta eg den litt ekstra :)
Før eg hadde på gelelokket
pynta eg 'ostemassa' med smelta sjokolade :)

 

 I dag har vi hadde middagsgjesta og kosa oss med kalkun, nam nam.

Etter middagen var dei 'minste' klart for å gå julebukk :)
Her er 4 søskenbarn klar for å synge og 'samle seg litt godteri' :)

 

Eg ønsker alle ei fortsatt fin romjul :)

torsdag 24. desember 2009

Eg ønsker alle ei riktig GOD JUL :)

Endelig Julafta :)



Velkommen inn og ta en titt.



Her er det pynta i kvar ein krok :)






 

 

 

 

 

Eg ønsker alle som er innom
ei riktig GOD JUL :)

lørdag 19. desember 2009

Julesnøen har kome :), og juletreet er hogt.

I går begynte det å snø - Jippi vi får kvit jul :)

Ett lite bilde i blåtimen :)



No i helga er vi på førjulsvisitt i Syvde,
i går kveld var vi 13 stk samla rundt bordet :)

I kveld står raspeball og saudehaud på menyen, nam nam :)
Rundt bordet då blir vi 12 stk.
Kjekt å vere samla so mange ilag.

I dag har vi vore oppi skogkanten her og funne oss juletre,
tusen takk besten :)

Ønsker alle ei fin adventshelg :)

søndag 13. desember 2009

Lussekattar, lys og juleraudt i stova :)

Her i heimen går det i jul og jul :)
Kvar dag henger eg eit nytt  raudt hjerte i vinduet.
På søndagar henger eg opp gullstjerner.



Kjøkkenbordet har piå mi okkupert :).


Her sitter ho og lagar julepynt og andre julete ting :)

Sidan det er 13 des. i dag og Luciadagen
hadde piå mi lyst å bake lussekattar.



Vi hadde ikkje safran eller gurkemeie,
so dei vart ikkje so gule at det gjorde noke -
men.... dei vart nyyydelige :)

Meininga var at i dag skulle eg få masse av jula inni heimen her,
og noke har eg også fått gjort.
Har fått på raude dukar, og fått på plass masse raude lys :)

No brenner eg Kongerøykelse
og har tent ca 20 raude lys rundt i stova.
Stemningsfullt og herlig :)









Grunnen til at eg ikkje fikk gjort så mykje som eg egentlig hadde tenkt,

Oppgava i dag 'stjal' masse av tida mi :),
måtte berre innom.... ;)
Fikk no til litt også.... :)

Men når innspurten gikk,
då krevde piå mi at eg ofra litt tid på henne óg,
før ho skulle til køys :)

Berre en ting å sei:
Magnar lagar utrulig flotte oppgaver :)
Gledar meg til mårgådagens oppgave :),
blir spennande å sjå kven som har laga den.

Ha ein fortsatt fin adventssøndag :)

Tusen takk for awardar :)

Eg har i desse travle førjulstider fått 3 awardar :)
Eg takkar for alle tre,
men akkurat no har eg ikkje tid til å gjere noke med dei.
Men eg setter pris på
at dokke der ut i Bloggverdenen huskar meg :)

Eg har fått denne av Red Hobbitt og Lisbeth.
Tusen takk begge to :)



So har eg fått denne av Berit.



Eg skal undersøke nærmare om en kan vere blodgiver her på øya.
Men eg trur eg må til Ålesund, og det blir litt tungvindt :)
Men det er ei god sak,
og eg skal etterkvart bringe stafettpinnen vidare :)
Tusen takk Berit.

Ønsker alle som tittar innom en fin adventssøndag :)

torsdag 10. desember 2009

Jippi, endelig er eg på nett igjen.

Tidlig tirsdag morgen vart vi nettlause,
fiberkabelen som gir oss nett vart kutta under riggtransport :(
I dag når eg kom frå jobb, hadde vi igjen nettilgang, JIPPI!!

Det er utrulig kor avhengige vi er av ditta nettet ;)
Iallefall når vi IKKJE har det.

Siste dagane har eg strikka litt,





 

og ellers pusla så smått  med litt juleting og tang.
Har ikkje baka så mykje siste dagane, bortsett frå nokre grovbrød.
Blir vel litt meir baking til helga,
so er det klart for litt pynting i heimen.

No er det berre 14 dagar igjen til jul folkens,
eg gledar meg :)

mandag 7. desember 2009

I går var det kinodag :)

I går var eg fleire timar på kino.

Førsta var eg og såg Julenatt i Blåfjell
sammen med lissjepiå mi og ei tantejente.
Filmen var både spennande, skummel, trist og glad.

Kom masse spørsmål underveis frå 5 åringen min.
For der var en nisse som forsvant og en nisse som døde.
Der var sinte nissar, redde nissar, triste nissar og glade nissar.

Absolutt en kjekk film å få med seg i førjulstida :)
Det var første gongen piå mi var på kino, og det gav meirsmak.

Seinare på kvelden var eg og systå mi på en annen storfilm :)
Nemlig Stieg Larssons siste film 'Luftslottet som sprengtes'.

Eg har sett både 'Menn som hater kvinner'
og 'Jenta som lekte med ilden' på kino før.

Og denne siste filmen var en like god kinoopplevelse,
som dei andre to filmane var. Fantastiske filmar, alle tre :)

Filmen varte i 2 1/2 time,
men ikkje en gong hadde eg behov for å sjå på klokka.
Ingen dødtid i filmen i det heile tatt :)

No har eg bytta ut einerkvistane på hjertet mitt
med kristorn med raude bær :)



Ha ei fortsatt fin adventstid folkens :)

lørdag 5. desember 2009

Leverpostei og grovbrød :)

Eg har ikkje lagt på latsida i dag heller eg ;)

Etter ei aldri so liten kaffekosestund i dag tidlig,
var det klart for å lage leverpostei :)

Her i huset MÅ vi ha leverpostei som pålegg til jul,
det har eg vokse opp med og sånn må det vere.
Mamma laga leverpostei til kvar jul i min oppvekst,
og en eller annen gang i tenåra begynte også eg å lage den.

Huskar ikkje heilt kva tid eg lærte det,
men jammen er eg glad for det i dag :)


Det er mykje 'grise'arbeid når en lagar denne leverposteien,
men det er verdt absolutt alt 'griseri' som følger med.
For dette er verdens beste leverpostei, heilt sikkert :)

Spekk blir skåre reint og i bitar,
lever blir rensa etter alle kunstens regler.



Eg kan ikkje forstå eg,
kordan noken klarer å få til å bruke levera
til noke som skal steikast i større og mindre bitar.
For når eg har rensa levera
er den gjennomobdusert for alt uhymskt som kan finnast i levera,
og då er det ikkje so mange heile bitar å finne - hi hi.

Alt blir leita fram og målt opp



før eg begynner å male opp lever, spekk og løk.
Og berre sjå, kaffekoppen står også klar :)

Litt rart for uansett kor grisete dette arbeidet er ,
so er høgre handa alltid rein,
so det er fullt mulig å drikke kaffe.
Noken som trur eg er avhengig ;)

Ett godt TIPS:
For at leverposteien skal sleppe forma lett
når den snus etter at den er steikt.
Kle forma med bakepapir,
først den eine vegen - so den andre vegen.



Og ett anna godt TIPS:
Legg kokeboka i en plastpose ;)



For nokre år sidan kjøpte eg meg ei god 'gammaldags' kvern,



og sånn må det malast på - då blir det passe grovt.
Eg maler alt to ganger.

I år ville lissjepiå mi vere med å sveive,
ho 'grein' litt på nasa av leverlukta, men ikkje mykje :)
Kanskje vil ho lære å lage leverpostei en gong :)

Leverposteien smakte fantastisk,
trur aldri den har smakt so godt, og det seier eg kvart år - hi hi.
Men den var steikandes god, noken som er misunnelige ;)


 
Ei fin mengde med pålegg i frysaren til jul,
30 porsjonar - minus ett par som må i kjøleskapet,
og ett par som systå mi skal få :)



Etter at leverposteien var ferdig steikt,
hadde eg klar ei steike med 4 grovbrød :)




Frysaren fylles opp til jul :)

Ellers er TVbenken ferdig mala og komen på plass :)



Ha en fortsatt fin kveld folkens :)

fredag 4. desember 2009

Ett par dagar med mykje baking :)

I går og i dag har eg virkelig fått gjort masse :)

Stemningsrapport fra dagens bakebord :)



Her er det ingen dødtid, ventar eg på eit brett i ovnen
blir det tid til litt strikking også- hi hi.
 
Har hatt ett par feriedagar igjen, og dei har blitt brukt mest til baking,
akkurat som planlagt :)

I går laga eg og piå mi Serinakaker og sjokoladestenger.



 

Serinakaker er lissjepiå og gubben sin favoritt,
Sjokoladestenger er eldstesonen sin favoritt :)

som er rekna som julemat her i huset :)



Deretter vart det ein porsjon med Havreflarn,
som eg likar veldig godt :)




Ut på dagen i dag sendte eg gubben til slakteren
for å kjøpe svinelever og spekk.
No ligg levera i vatn, klar til å bli til leverpostei i mårgå :)

So må eg vise eine adventskalendervinduet vårt :)
1 nytt hjerte kvar dag.



Henger også opp hjerter i kjøkkenevinduet :)
Stadig meir pynta fram mot jul.