Yeah, endelig kjenner eg at vårsevja stig i skrotten.
naboen har lenge pusla rundt i hagen sin,
men eg har glatt oversett ruskebeda mine....
Lurer litt på kvar eg befant meg i fjor haust,
det var iallefall ikkje i nærheita av beda mine.....
Eg brukar vanligvis å kutte alt gammalt og vissent
før vinteren kjem... men ikkje i fjor.....
Ja ja, då har dei vel fått visne ned på forskriftsmessig vis då ;)
En anna ting er at eg brukar å vere flink å klippe frøstandar,
sånn at eg ikkje fåt uhemma frøsåing rundt omkring...
Men eg gjorde ikkje det heller.........
La gå, det blir en spennande vår då :)
Vel, i dag vart eg altså treft av våren :)
og den første våronna har starta... det er masse å ta fatt i.
Under alt det gamle har det begynt å spire og gro, herrrlig :)
Eg fikk fjerna masse gammalt, og det ligg og flyt overalt på plenen,
men ka gjere vel det..... det er VÅR :)
(Jada eg veit at vi får mange snøfall endå,
men....... i mårgå er det 1 mars JIPPI)
Det er ei fantastisk tid dette, når alt begynner å spire på nytt,
od dagane blir stadig lengre og lysare :)
Og når eg ser årets første primula lyser mot meg,
ja då tenker eg at folk med vettet i behold burde bo
på Sunnmøre om våren og ha minst en Primula i hagen :)
Og her folkens... BILDER :)
Kaffekoppen er alltid med meg rundt i hagen.
Gjerne fleire på en dag ;)
Og sånn ser hagen ut........
Ein fin knopp på den kvite Julerosa mi <3
geranium x renardii 'Stephanie'
Kuleprimula
Stor kubjelle
Ha en strålande vår folkens :)
PS: Må tilføye her at ej he ikkje 1 mm tele i bakken her,
og det er både overraskande og fantastisk :)
PS: Må tilføye her at ej he ikkje 1 mm tele i bakken her,
og det er både overraskande og fantastisk :)