lørdag 1. mai 2010

10-12 grader nokre dagar og det har eksplosiv virkning i hagen :)

I dag har vi hatt ett forunderlig ver.....
... snø, sludd, hagl, regn, sol og masse vind.
Det har vore kaldt, mindre kaldt og varmt.

Eg har vore ute og kosa meg i hagen 
mellom alt veret vi har hatt :)
Eg er vanntett, men å vere ute i ruskever
er ikkje noke eg foretrekker om eg ikkje må.

I dag er det 1. mai og flaggdag av fleire grunnar.
Kva folk flaggar for veit ikkje eg,
men det er no både arbeidernes kampdag og konfirmasjon.

Flagget 'vårt' vaiande i vinden er FLOTT :)


Sjøl om det er arbeidernes frihetsdag,
er det ikkje alle som har tatt fri ;)


Eg har ikkje jobba i hagen i dag, 
men eg har no lagt skinnflat her og der og knipsa bilder :)
Sånn som eg brukar :)

Opp langs vegen blomstrar no 
Hageskrinneblomst - 'Arabis caucasica'.
Den blir etterfulgt av Vårfloks - 'Phlox subulata', 
og når den er ferdig med sitt blomsterflor
kjem til slutt 'Astilbe arendsii' oppå kanten som en hekk.


Bladliljene - 'Hosta' er også på vei opp.
Vi har hatt fleire dagar med rundt 10-12 grader no,
og det har gjort underverker.


Skogen har plutselig vorte grøn,
både bjørka og andre treslag.
Og det er so godt at vi er kvitt dei 
svarte kvistane og greinene for nokre måneder :) 
 Også plenen min har plutselig vorten lang og uryddig.
Eg likar ikkje når den ser so ustelt ut...

So den må klippast ved første anledning :)


Det ser ut til å bli stor avling av rips :)))
Då blir det ripsgele til sommaren, mmmmm det er godt det :)


I nabohagen er det aaaaltfor mykje skvallerkål i fri vekst.
Eg prøvar ut mykje for å stoppe den 
frå å komme inn i min hage.

Astilbe Arendsii og Montbretia crocosmia
har eit ganske tett rotnett,
so langs muren der dei veks kjem det ikkje 
skvallerkål gjennom til meg :)

Langs ein bit av muren har eg no planta 
Marikåpe og Rosestorkenebb - 'Geranium maccrorrhizum'
Marikåpa er av den ville sorten 
som eg har gravd opp frå ei grøft.
Rosestorkenebben har eg sådd sjøl, av fleire år gamle sjølsanka frø.
Sjøl gamle frø av den sorten har veldig god spireevne :)

I år blir det plukking av Skvallerkålblad,
sånn at Marikåpe og Rosestorkenebb får etablere seg godt.

Marikåpe med rosestorkenebb innimellom.


Rosestorkenebb.


I fjor prøvde eg å ta avleggere av to stk Geranium Cinereum.
Øverst Geranium cinereum var. subcaulescens
Nederst Geranium cinereum.
Var veldig usikker på kordan det ville gå,
for den er ikkje lett å dele.

Dei har stått i bedet oppi kvar si lissje potte i vinter,
og begge to har vorte flotte plantar.
Trudde at morplanta til G. c. var. subcaulescens
hadde tatt kvelden, men no kjeme der små blad nedi
den tilsynelatande døde planten :)


Eg delte min Menconopsis 'Lingholm' i fjor sommar.
Den stod heilt inntil veggen, tørt og i steikandes sol.
Den trivdes ikkje heilt med ei sånn plassering.
Eg gravde den opp og delte den i 7 plantar,
og planta den på ulike plassar i bedet.
Då får den litt vandrande skygge frå eit stort epletre :)

Huska ikke heilt kvar eg planta den,
men eg såg iallefall 3 som kom opp i dag :) JIPPI.


Blåveisen min,
den eine blomsten eg har fått i år er so nyyydelig :)))
Må få forbedra molda den står i, for etter tips
forstår eg at den ikkje trives i kompakt mold.
Men eg er litt redd for å skade røttene,
veit ikkje om dei er skjøre eller om dei tåler litt behandling.
Må uansett tilføre litt sand/grus og skjellsand,
so vil den nok vokse og bli stor og flott etterkvart :)


Og so til slutt litt tilfredsstillelse
av min lidenskap for å fotografere :)

Kuleprimula - 'Primula denticulata'.


'Primula veris'.


Stor kubjelle - 'Pulsatilla vulgaris'.


Ha ei flott mai-helg :)

5 kommentarer:

  1. Mange flotte bilder! Du er flink og har en stor hage skjønner jeg! :) Rips med vanijesaus..!! Mmmmm..!! Det er godt det! :) Jeg håper du lykkes med blåveisen! Skal bli spennende å se fremover.. Her har det vært både regn og sol.. God søndag til deg! :)

    SvarSlett
  2. Herlig artikkel i Sunnmørsposten! Bildene dine er vakre, særlig det av mørk rød kuleprimula med spennende himmel bak :)

    Endelig er mai her med lysegrønt slør :) SÅ deilig! Nå gjelder det å følge med, for med den milde vårluften vi nå har skjer det raskt i haven, jeg ser nye pspirer hver dag nå. Plutselig kom museører og det tyter opp både det ene og det andre sm jeg har vært bekymret for har gått ut.

    SvarSlett
  3. Blåveisrøttene er ganske sterke, så en omplanting går nok bra. :) Går det galt så gi meg et hint, jeg kan sende deg en tue herfra.

    SvarSlett
  4. Takk for kjekke kommentara. Då blir de flytting eller jordforbedring her smgj :) Høyres bra ut at ej he ei 'forsikring' i bakhand :) Tusen takk for den :)

    SvarSlett
  5. Ser at våren er før ute hos deg. Her blomstrer krokusen ennå, og kubjella titter så vidt opp av jorda.

    SvarSlett