søndag 6. juni 2010

Haging i sol og varme :)

Velkommen til meg :) 
Dette bjørkehjertet her hengt på døra mi ca ett år.
innimellom pyntar eg det -
no med blomster frå hagen min :)

Vi har hatt nokre flotte dagar i det siste,
med sol og god varme :)

So no skjer alt i rasande fart ute,
stadig noke nytt som sprett ut.
Og elles kan en sjå at stauder veks frå dag til dag :)

Har samla alle Auriklane min på ett 'brett'.
Nokre av dei tidligaste er i ferd me å takke for seg.


Og so nokre nye Primulaer siste dagane.
Har ikkje navn på alle,
men den nederste til høgre heiter: P. saxatilis.


Her om dagen fant eg denne lille hasseslnøtta
oppi 'barnehagebedet' mitt.
Om det er ei nøtt frå jul, eller kordan den har kome seg
dit veit ikkje eg....
Men spirt har den iallefall.
Den har fått seg ei potte med mold,
so får vi sjå kva som blir av den :)


I år kom eg veeeldig seint i gong med kjøkkenhagen min,
det vart liksom aldri heilt vår....
og plutselig var vi laaangt uti mai.
Men eg har fått sådd gulrot, sukkererter, reddik,
rødbetar og isbergsalat.


Reddikane har eg allerede tynna ut, 
for dei spirar og veks med rekordfart.
Både rødbetane og sukkererter og gulrot spirar bra :)
Isbergsalaten vart sådd for berre 2-3 dagar sidan, 
men allerede spirar nokre få, so det blir 'heimelaga' salat i år også :)

Og ja setteløk fant eg hin dagen, 
so det har eg putta i reder mellom gulrøttene.

Og seint men godt har eg sådd diverse anna også:
Tulipa tarda, Dryas x suendermannii (reinrose), Parochetus communis,
Anemone multiflora, en navnløs Heuchera og Asarina scandens.


I 2005 sette eg ned nokre greiner av Skjærsminbusk.
Dei fikk lett røtter, og sida har eg venta på at den skal blomstre.
Eg viste at det ville ta nokre år.

Og berre sjå,
i år har den massevis av små blomsterknoppar.
Kor eg gledar meg til den sprett ut :)
Den som ventar på noke godt ventar ikkje forgjeves :)


Gudeblomsten - dodecatheon har sprotte ut.
Eg syns den har ganske kule blomster,
nesten litt opp-ned blomster :)


Og fjørekollen startar på blomstringa si.


Litt bilder frå rundt om i hagen min :)


Spaniablåstjerne.




Den høge i bildet er ein Cephalaria gigantea,
kan bli 2-3 meter.
Blir veldig spennande. Sådde den i fjor.



Midt i bildet Primula waltonii.
Luktar himmelsk :)


Opp langs veien har Hageskrinneblomsten gitt seg.
No er det Vårfloksen sin tur.
Opp på kanten gjer Astilbene seg klar 
for si blomstring seinare i sommar :)


I dag begynte eg på ett bed opp langs trappa,
det får eg vel fortsette med i mårgå.

Ellers har eg planta litt langs muren mot naboen.
må prøve å stanse litt Skvallerkål.
So vil eg ha ein kant eg kan sleppe å klippe/rive,
greit å kunne klippe heilt inntil plantane som veks der.
Det fungerer fint med Astilber og Værhane.
Dei stansar Skvallerkål og det gjer ingenting 
om en 'høvlar' forbi med klipparen :)

På eit parti prøvar eg med Rosestorkenebb.
Det går nok også bra mot Skvallerkålen.
Der plukkar eg blad kvar dag sånn at 
Rosestorkenebba får etablere seg skikkelig :)


1 kommentar:

  1. Reddik og salat er yummi! :) Du verden for en vakker og stor hage du har, rene Botaniske hagen jo.. :) Og den Gudeblomsten var spesiell, og vakker! Ha fine sommerdager! Klem fra meg! :)

    SvarSlett