fredag 3. desember 2010

Ett skritt nærmare jula :)

 Endelig er sprossane til kjøkkenvinduet mitt på plass :)
Flinke sonen min har laga dei til meg,
etter ønske og beskrivlse/mål frå meg.
Siste dagane har det hengt til maling/tørking på kjøkkenet,
mellom benk/skap og kjøkkenvifta.....


Men i dag er det på plass, og eg kunne henge opp dei 
tre første hjerta i adventskalendaren min :)
Var/er veldig glad i skomakar Andersen :)


Til og med utafrå vart det fint :)

Eg hadde tenkt å male dei raude å ha dei oppe berre i juletida.
Men heldigvis for at dei vart malte kvite og kan vere i vinduet
året rundt. For det litt for store vinduet mitt vart plutselig mykje 
mindre og koseligare. Hylla i vinduet blir nok også malt kvit,
men det får vente til etter jul :)

Kosar meg no i førjulstida; høyrer masse julemusikk, 
eter (opp) julekaker, bakar litt og puslar med litt julegaver :)

Ha ei fin førjulstid alle sammen :)

1 kommentar:

  1. Koselig kjøkkenvindu du har fått deg...

    God adventhelg til deg!

    Randine

    SvarSlett