I dag har eg laga fuglematar til småfuglane.
vart veldig inspirert av høstbufeten som Hanne
i Hannes hage hadde laga.
Vel no hadde eg ikkje like flott fat som ho,
men når man tager vad man haver, so blir det
ett greit resultat til slutt. Vart no iallefall
fornøgde eg då. So er den plassert sånn at
eg kan sjå den frå kjøkkenglasset.
Er veldig glad
i å sitte å sjå på når småfuglane kosar seg i matfatet :)
Vel, som sagt hadde eg inga flott skål eg kunne
bruke til dette... men eg leita litt i kjellaren, og fant
no litt ymse som kunne brukast :)
Ett gammalt lokk til ei metallboks...
kjekt med alt en teke vare på gitt ;)))
En trommel.... ikkje veit eg kva den har vore brukt til ;)
Vel, eg saga litt av kantane, sånn at ingenting stakk
ut om kantane lit metall-lokket.
Eg spikra masse hull i lokket, sånn at vatn får
renne ut. So skrudde eg det fast til trommelen.
So festa eg trommelen godt med feste i jorda.
Eg plasserte fuglemataren midt i stubbe-bedet.
Greit å kunne bruke bedet til noke på denne
tida også. So har eg utsikt hit frå kjøkkenglasset :)
Litt kamuflering med mose, for å skjule den stygge,
kvite plasten.
Då er det berre å fylle matfatet til småfuglane :)
Solsikkefrø, epler, meisebolle og bulkemispelbær.
Ett par grankvistar til pynt, og en liten kristorn på rot :)
Vart ikkje so verst dette, syns eg :)
Kjekt å kunne bruke det en har, og ikkje berre kjøpe nytt.
Du har jammen meg fantasien i orden:) Det ble jo kjempeflott! Herlige bilder:) Ønsker deg en god uke med mange fugler på besøk hos deg:) Klem Ellen.
SvarSlettSå utrolig flott, også så kreativt. Helt nyydelig! Har du hatt mange gjester enda?
SvarSlettjeg har, som deg, full utsikt fra kjøkkenvinduet til fuglematstasjonene mine. Det er jo mye av gleden, å sitte å kikke på fuglene.
Dette ble bra, og veldig greit med trinn-for-trinn-bilder for oss litt mer trenevete. :)
SvarSlettTakker for koselige kommentara :) Eg laga den i går, Hanne... so då var ingen innom. Men i dag mens eg var på jobb, var den litt besøkt av kjøttmeisane :) Kjem nok fleire og fleire. Gler meg til helga, når eg er heime mens det er dagslys. Såg at du hadde ei lita skål med vatn oppi din Hanne, kanskje eg skal putte oppi ei skål? Eller finn dei vatn nok?
SvarSlettDu er kreativ, og flink med hendene dine! Kjempesmart ;)
SvarSlett