søndag 25. oktober 2009

Vaffelsteiking på bål :) :)

Jammen vart det ein tur nedi fjøra i kveld også :)
Bål brente vi også.


Men isteden for å spidde pølser,
steikte vi grove og gode vafler på bålet til kvelds.
Vi er so heldige at vi fikk ett vaffeljern
til bålbruk for ett par år sida.
Kjekt å steike vafler på bål.


Eg laga vaffelrøra heime,
og frakta den på ei brusflaske.



Det smakte nydelig med vafler med brunost :)



Det var so mørkt før vi tusla oppatt til huset,
at vi såg knapt en fot foran oss ;)



Håpar veret held seg, sånn at vi får fleire sånne kveldar :)


Bakemodus, knekkebrød og valnøttbrød.

 Vi har hatt nydelig ver i dag,
og gubben og piå har vore på fjelltur.

Eg var i bakemodus i dag, so då har det vorte
heimelaga knekkebrød og valnøttbrød her i heime :)

Vel bekomme :)



 

 Er det noken som vil prøve oppskriftene mine,
er det berre å besøke matbloggen min :)

Nokre rusleturar rundt i hagen
med kaffekoppen i handa har det også blitt tid til :)


lørdag 24. oktober 2009

Bål og pølse på spidd :)

I ettermiddag har vi kosa oss skikkelig.
Endelig har både ver og tid klaffa,
og vi har vore i fjøra og kosa oss.
Vi har brent bål og



spidda pølse,

 

en bedre kveldsmat kunne ikkje lissjepiå vår fått.




Vi var i fjøra ca tre timar,
og det var bekmørkt før vi tusla oss opp igjen.

Vi er så heldige at vi treng berre gå 2-3 minutt,
så er vi nede ved sjøen - eller heime igjen :)

Skulle egentlig legge til ett par filmsnuttar her,
men kan ikkje sjå noken plass å gjere det på, hm??
Får prøve å finne ut av det og legge inn film etterkvart.


torsdag 22. oktober 2009

Hjerte av bjørk.

Var ned i fjøra i bjørkeskogen og fant meg litt bjørkegreiner i ettermiddag.
Fikk lyst å lage litt pynt til ytterdøra mi.
Eg fant meg ei grein med V-form, med masse kvist.

So forma eg den som ett hjerte og pynta med einer.
Dagens ekstra pynt er en bukett med oktoberbergknapp.



Tenkte eg skulle pynte hjertet med forskjellige ting,
i dag vart det altså ein bukett :)

Ellers tok eg ett bilde utover fjorden når vi var der nede ved sjøen.
Har hatt ett fantastisk flott ver siste dagane, herlig altså :)



tirsdag 20. oktober 2009

MeMe blog Award :)

Eg har fått en MeMe Blog Award fra Eva Cathrin i 'Hagemor'.
Tusen takk til deg Eva Cathrin :)



Med denne Awarden følger ei utfordring.
Eg skal skrive sju ting om meg sjøl,
og sende Awarden videre til sju andre bloggarar.

 1. Eg er veldig glad i å lese.
2. Hage - absolutt hagegal :)
3. Eg er født i stjernetegnet væren.
4. Eg gledar meg til jul, er veldig julete :)
 5. Eg er mamma til 2, ei på 5 og en på 21.
6. Eg elskar å ta bilde av blomster og natur.
7. Eg likar veldig godt å hekle, sy og strikke.

Eg sender den vidare til:

søndag 18. oktober 2009

Kinasøta mi blandt gul, vissen haust.

Kinasøta mi er so nydelig om dagen.
Eg planta den i bedet den står no for ett par år sidan
og den var berre en brøkdel av den størrelsen den har i dag.


Den lyser skikkelig opp blandt alt det
gule og halvvisna den står blandt.
Eg har tatt småbitar av denne planten
og putta andre plassar i hagen.
Når eg ser kor flott den lyser opp no,
so skal eg heilt klart ha den endå fleire plassar.
Må berre huske på det til neste år, for i år gidd eg ikkje ;)

Ha ein fin søndag :)

tirsdag 13. oktober 2009

Kinasøta mi :)

I dag er det Kina-søta mi
som har vore objekt for kameraet mitt.
Kina-søta er nydelig både i farge og mønster og form :)
Kvar blomst er et kunstverk.
Den virkelig viser i bedet mitt no.
Og tua mi blir stadig støøre og flottare.
Og den er heldigvis veldig enkel
å formere og fordele rundt omkring.

Her kan Kina-søta nytast både nærsynt og som blomstertue :)





 

 





 

 
Ellers har eg og piå mi baka i ettermiddag.
I steden for å kjøpe nytt brød til kveldsmaten
baka vi grove rundstykker.

Rundstykker med raspa potet og gulrot i :)
Høyres litt sprøtt ut kanskje,
men rundstykka blir skikkelig saftige og gode.
Og når dei er ferdig stekte viser ingen spor etter gulrot.

So desse kan trygt serveres dei litt kresne også.
Piå mi var en ræsar med raspa :)
Og under utbakinga var ho veldig kreativ :)
Då vart det både hjerter, stjerner og andre kunstverk :)

Og kveldsmat i kveld:
Varme rundstykke med brunost og varm kakao, mmmmm :)

Her i matbloggen min finn du oppskrift
både til Grovbit og andre godsaker :)

Ha ein fin kveld :)


søndag 11. oktober 2009

Hagen i sol :) blomstring og oransje kveldshimmel :)

Sånn ser altså hagen min ut når sola skinner :)
Hadde berre tenkt meg ut og ta litt bilder i dag,
veret var fantastisk flott :)

Trudde egentlig hagesjela mi var heilt vasstrukken og død for i år,
men jammen satt ikkje eg plutselig der og luka ugras.
Og fikk mold under neglene :), det er jammen lenge sidan sist.

Fikk også samla litt frø frå erteblomstane mine og stokkrosa.





 På mi runde rundt oppdaga eg at klokkebuska mi
er i ferd med å blomstre - for 3. gong i år
Kven skulle tru at noken ville orke det,
etter ett sånt sommarver - hm, merkelig.

 No er det Kina-søtetid her i hagen.
Vart litt for sein med dette bildet her,
sola rakk å forsvinne og blomstrane let seg igjen.
Men uansett, dei er nydelige - lyser skikkelig opp.

 En yndig erteblomst.

 Nydelig kveldshimmel :)

 Utsikta mi gjennom stuevinduet i kveld :)


lørdag 10. oktober 2009

Frost i dag og blomster i alle regnbuens farger :)

I dag våkna vi til gnistrande sol og blå himmel,
og frost - og sommardekk på bilen!!

Det er frå å bli drukna i månedsvis til å fryse ihjel ;)
Og her er nok som kan fryse,
so mykje vatn som vi har hatt dettandes over oss.

Men frost er fint å feste til bilde.
So eg hadde meg ei runde med kameraet i dag tidlig :)

 Her er nokre av bilda :)

 Temperaturen var på minus 2 grader når eg stod opp.

 

 Eg var også på knipserunde i går ettermiddag.
Eg har faktisk mykje som blomstrar endå,
sjøl om eg ikkje har ork til å vere ute og nyte det.

Stokkrosa mi strekker seg mot himmelen.
Eg målte den for en måneds tid sidan,
då var den 310 cm lang :)
 Solsikkene mine blomstrar flott.
Eg har faktisk blomstrar i alle regnbuens farger :)

 

 

 

 

 


onsdag 7. oktober 2009

Bretting av frøposar.



No driv eg og brettar søte små frøposar, av matpapir.
Brukar matpapir for at dei skal bli minst mulig.

Eg har nemlig meldt meg på 'frøboksen'hagegal :)
Har aldri vore med på ditta før, so det blir spennande :)

Må begynne å leite gjennom dei frøa eg ha sanka og gjere dei klar.
Men eg har litt tid på meg, for eg var ett stykke ned på lista.

Frøposane eg brettar er kjempeenkle,
og tette for både små og store frø.