mandag 30. mai 2011

Dei fem finaste i slutten av mai :)

På oppfordring frå Hildeoghagen,
viser eg fram dei fem som er finast i hagen min akkurat no.
Er egentlig inne i ei 'ferdigmedeiperiode og 
begynnesnartpåeiannaperiode' i hagen min no.
Alle Auriklane mine har takka for seg for ei stund sida, 
og nebba mine er heilt i startgropa.

Men litt blomstring har eg :)

Syrinen min blomstrar flott no, iallefall i den øverste delen  :)

Eggeblomen (Ballblomen) min - 'trollius' er nydelig
saman med Duppsoleia 
Ranunculus aconitifolius 'flore plena'.

Praktlevisiaen min har blomstra lenge no. og fremdeles 
har den knoppar. Det er den tidligaste levisiaen min.
Lewisia tweedyii.

Det første nebbet mitt (nei det andre er det... 
Brunstorkenebb har blomstra ei stund), 
som blomstrar, er Geranium var. subcaulescens.
Nydelig farge, lyser godt opp det det står :)

So til slutt jordbærhagen min, den bærer med seg 
håp om sommar, sol, friske jordbær og varme :)

lørdag 21. mai 2011

Stadig meir blomstring, men litt for vått....

No e det vår for alvor, og plenen er allerede klipt fleire gongar :)
Rakk å klippe den i går rett før syndefloda på ny vart slept 
over oss. Og no ser det ut til at regnet skal vare og vare..... 
Ja ja, slepp no iallefall å vatne ;)))



Også i kjøkkenhagen er det liv :)
Jordbæra har massevis av blomster, so dette lovar godt :)
Dei har det godt under den kvite fiberduken.
Her i dette sure veret må en gjere det en kan
for å holde tempen oppe :)
Reddikane spirar for fullt, og når eg letta litt på fiberduken
såg eg at ei lita sukkerert hadde også lurt seg opp :)


No er auriklane på hell hos meg, 
og storkenebba står straks for tur :)
Gleder meg til det :)

Mens eg ventar på nebba, blomstrar no masse anna og...
Her er kvite duppar, Vårvortemelk og Eggeblom (Ballblom)


Prakthumleblom


Gudeblomst, ganske tøffe blomster...
litt opp-ned på en måte ;)


Primula waltonii, luktar nyyyydelig :)


Og so till slutt min aller mest fylte Aurikkel :)
Muligens den siste som sprett ut no i vår.

tirsdag 17. mai 2011

Ha ein strålande flott 17. mai :)


Ha ein strålande flott 17. mai :)
Flagget har eg for anledninga lagt foran
den flotte kveldshimmelen vi hadde i går kveld.

onsdag 11. mai 2011

Kjøkkenhagesådd og blomstring ♥

No går de fort for seg i hagen,
våren tar virkelig sjumilssteg for tida :)
Det skjer stadig noke nytt,
og det blir vanskelig å rekke å blogge alt ;))
So det blir sånn skippertakblogging,
og sånn er det kvart år :)
Når en har noke å blogge om,
er det tida som ikkje strekk til :)

Eg har fått ordna klar kjøkkenhagen..... og frøa er putta i jorda :)



I år vart det gulrot, sukkererter, reddik, gresskar og div salater.
Har ikkje sådd gresskar fordi eg likar det so veldig godt, 
men berre fordi et er artig å prøve noke nytt.
Frøa eg har sådd er frø eg tok ut av Halloweenlykta i fjor.
So har eg selvfølgelig jordbær'pallekarm'åkeren min :)

So skal eg så månedsjordbær... snart når eg berre hugsar på det ;))

På grensa mot naboen vekse dei seg store og flotte, 
Rosestorkenebba mine, som skal ta opp kampen med 
skvallerkålen som kjem stormande over til meg, frå naboen....


I epletreet veks, og trives, takløken min kjempegodt,
den har vorte mykje større sida i fjor :)


Og..... her står dei gamle skona mine, 
og speidar utover, dag og natt..... 
Ka dei har sett og hørt er det ingen so veit....


Hadde ei fotorunde i hagen i går i skumringa.....
Artig å ta bilde når dagslyset forsvinner også :)

Cortusa matthioli


Hagesildrer.




Lewisia tweedyii - Praktlevisia.



Trollius - Eggeblom (Ballblom) og Ranunculus aconitifolius 'flore plena' - kvite dupper.


Primula deorum.



Første nebbet ut i år er Geranium phaeum - Brunstorkenebb.



Auriklar: Nr 2 og 3 kjeme inna Davikja.




Primula saxatilis.


Vårfloks - phlox subulata.

mandag 2. mai 2011

Når det går frå å sprette ut, til å blomstre ♥

Det har plutselig gått frå å sprette ut,
til å blomstre i hagen min :)
Den varmen vi har hatt dei siste dagane,
har hatt ei eksplosiv virkning på hagen :)

Og det er herlige dagar, 
når blomstringa kan nytast i sol og varme :)

Årets første blomst i jordbæråkeren


Dagens Aurikkelblomstring :)



Blomstring








Kose dokke i hagen alle sammen