lørdag 21. mai 2011

Stadig meir blomstring, men litt for vått....

No e det vår for alvor, og plenen er allerede klipt fleire gongar :)
Rakk å klippe den i går rett før syndefloda på ny vart slept 
over oss. Og no ser det ut til at regnet skal vare og vare..... 
Ja ja, slepp no iallefall å vatne ;)))



Også i kjøkkenhagen er det liv :)
Jordbæra har massevis av blomster, so dette lovar godt :)
Dei har det godt under den kvite fiberduken.
Her i dette sure veret må en gjere det en kan
for å holde tempen oppe :)
Reddikane spirar for fullt, og når eg letta litt på fiberduken
såg eg at ei lita sukkerert hadde også lurt seg opp :)


No er auriklane på hell hos meg, 
og storkenebba står straks for tur :)
Gleder meg til det :)

Mens eg ventar på nebba, blomstrar no masse anna og...
Her er kvite duppar, Vårvortemelk og Eggeblom (Ballblom)


Prakthumleblom


Gudeblomst, ganske tøffe blomster...
litt opp-ned på en måte ;)


Primula waltonii, luktar nyyyydelig :)


Og so till slutt min aller mest fylte Aurikkel :)
Muligens den siste som sprett ut no i vår.

3 kommentarer:

  1. Så flott staudebed du har, eg skal igang med mitt første no. Har hatt masse stauder i eit midlertidig bed med masse ugras i, så det skal verte kjekt å få ordna det.

    Det har ikkje regna her vi bur, men det bles masse. Heldigvis vart det ikkje Dommedag igår heller så vi kan få mange fine dagar i hagen i månadane som kjem.

    SvarSlett
  2. Kjempe flott og frodig hage, Mariann. Det hjalp med regn, men nå er det nok, ja!
    Håper det kommer sol slik at blomstrer og hage tørker opp igjen, for jeg skulle ha klippet gresset snart jeg også. Ha en flott søndag.

    SvarSlett
  3. So flotte bed du har, stauder er verkeleg til stor glede om våren og føresommaren. Dei tåler regn og, men no er eg einig i at det er kome rikeleg, i tillegg til at vi har hatt sterk vind så det rekk.

    SvarSlett