onsdag 17. juni 2009

Såpebobler...

I går leika eg meg litt med å blåse såpebobler.
Samtidig prøvde eg å fotografere dei.

Passelig innvikla - å holde kameraet med eine handa,
holde såpeboblene med andre handa,
blåse, og so fange inn såpebobla med linsa :)

Men ett par bilder fikk eg til :)

Har fiksa litt på dei i Photoshop og i Photoscape.


tirsdag 16. juni 2009

Eg har delt min Meconopsis 'Lingholm'.

Kvelden har vore nydelig :)
So då vart det en hagekveld.

Eg har pusla litt rundt og luka litt smått ugras her og der.

So har eg delt og flytta min Meconopsis 'Lingholm'.
Eg var ikkje klar over at den kunne delast,
men las at det kunne den i ett innlegg på hagegal tidligare i kveld.

Den har stått i en vestvegg, heilt inntil huset.
Den har aldri vorte noke større,
men har årlig kome med en stilk som har gitt 2-3 blomster.

Den vart delt i 7 og planta litt rundt om i eit av dei større beda mine.
Der vil den få litt vandrande skygge iløpet av dagen frå ett stort epletre.
So blir der ikkje so knusktørt som det blir heilt inn ved husveggen.
Blir spennande å sjå kva som blir av desse no,
om alle 7 småplantane blir til større nye :)

Sådde Riddersporer, Rosestorkenebb og Revebjeller for ikkje so veldig lenge sida,
og alle tre sortane har spira :)
Rosestorkenebben har kome med berre 2 spirar endå, men der kjem nok fleire.
Dei andre har kome med massevis av spirar :)

Ellers er det rett før dei stiklingsformerte rosebuskene mine sprett ut :)
Fy flate kor eg gledar meg :D

Ha ein fortsatt fin sommarkveld folkens :)

søndag 14. juni 2009

En markblomsterbukett :)

I dag formiddag gikk vi en liten tur rett borti veien her.
På den korte turen plukka vi denne flotte markblomsterbuketten :)
Når du berre går fort med nasa rett fram,
eller kjøre i bil, ser en ikkje alt det flotte som veks i veikanten.
Denne buketten inneheld faktisk 11 ulike markblomster :)
.......
Tiriltunge, Tepperot, Enghumleblomst,
Erteblomst, Vikke, Hundekjeks, Sveve, Marikåpe,
Raudkløver, Forglemmegei og Prestekrage.

Geranium 'Ann folkard' har sprotte ut :)
Første blomst spratt ut 11.juni-09.
Dette er enten en Geranium endressii eller en Geranium oxonianum.
Første blomst spratt ut 12.juni-09.

onsdag 10. juni 2009

Storkenebba mine som blomstra 7.juni :)

Her er alle nebba mine som blomstra 7.juni.
De
i er fotografert sammen med ei krone,
for å vise størrelse på blad og blomster.

Geranium cinereum 'ballerina'.
Spratt ut med første blomst: 14.mai.

Geranium cinereum var. subcaulescense.
Spratt ut med første blomst: 17.mai.

Geranium himalayense.
Spratt ut med første blomst: ca 1.juni.

Geranium 'Johnsons blue'.
Spratt ut med første blomst: 25.mai.

Geranium sanguineum.
Spratt ut med første blomst: ca 1.juni.

Geranium sylvaticum.
Spratt ut med første blomst: 29.mai.

Geranium x 'Stephanie'.
Spratt ut med første blomst: 2.juni.

Geranium robertianum.
Spratt ut med første (og muligens siste) blomst: 7.juni.

Stankstorkenebb heiter denne, og ber navnet med rett -
når du rører den får du ei skikkelig skitlukt på fingrane :(

Den poppar opp her og der i hagen (heldigvis langt frå alle bed).
Og eg riv vekk.
Eg let den blomstre med en blomst no,
før eg reiv denne også vekk.
Planten har absolutt ingen prydverdi for meg, og blomstrane er bittesmå.

Eg har også ein Geranium Phaeum som har sprotte ut i år.
Men den hadde eg klipt ned før 7.juni.
De vaks so 'uveide' syns eg.
Er ikkje heilt sikker på om eg likar den,
men får no gi den en sjanse til :)

tirsdag 2. juni 2009

Pinsetur til Syvde med Kostarikjedagane og fjelltur.

Vi reiste til Syvde i pinsehelga.

Der hadde vi strålande sol og en herlig sommarvarme heile helga :)

Og det kom som bestilt, for i Syvde arrangerte dei Kostarikjedagane for første gong.

I 'gamle dagar' når mennene i bygda var på fiske, hadde dei ei attåtnæring i bygda. Dei laga kostar av bjørkeris, som dei reiste uti øyane og solgte. Og då vart Bygda på folkemunne kalla Kostarikjet av befolkninga uti øyå. Og Syvdingane gikk under navnet Syvdskostane :)

Det var allsidig underholdning heile helga.

Både lørdag og søndag kunne dei frammøtte nyte gratis frokost i sentrum, ein flott og koselig start på dagen :)

Ellers var det kunstmaling for barn,kunsten vart seinare utstilt i 'Kostateltet'.

Det var anna kunstutstilling, fjellturar, 'historiske' vandringar eit par stadar i bygda, lokale talent fikk utfolde seg på scena, sandvolleyballkampar, orgelkonsert i kirka......

Det var 'fjellløp' - 'Blåfelden rett opp', eit høgt og bratt fjell i Syvde. Løpet foregikk både i mosjonsklasse og som konkurranse. Det var nok ei utfordring i seg sjøl, og varmen gjorde det nok endå hardare. Vi som ikkje sprang kunne sjå frå målområdet på storskjerm i Kostateltet :)

Ellers var det kjekt å treffe folk ute i sommarvarmen :)

Ei helg med eit program for dei fleste :)

.......

På mandagen hadde vi oss en familietur opp i Nordalsfjella.

Dagen starta med litt gråver, men det la ingen dempar på turlysta. Alle gikk ivrig oppover, både store og små, vi var 9 stykker som gikk :)

Veret vart etterkvart ganske bra :)

Vi køyrde opp fjellvegen, som tok oss ett godt stykke opp i 'fjellheimen'.

Utsikta frå parkeringsplassen, utover Syvde.

Ei bru som vi måtte over.

Det var mykje flotte svaberg i elvane.

Vi ser nedover elva :)

Og vi ser oppover elva :)

Og ei anna elv, eller er det den same berre lenger opp tru??

Vi nærmar oss iallefall hytta :)

Over her so var det berre siste kneika opp til hytta.

Utedoen var kjempeflott :)

Legg merke til det bittelissje trekanta vinduet oppe på venstre side :)

På baksida ser du at ein del av veggen på utedoen er ein diger stein :)

Når vi kom opp på hytta kosa vi oss med pølser, kjeks og kaffe.

Vi kosa oss litt ute, og litt inne med yatzy :)

Når vi hadde vore ei stund på hytta gikk vi litt vidare oppover.

Her ser vi ned på hytta og utedoen :)

Og vi ser nedover elva :)

Når vi kom opp på Brandefjell (eller huskar eg navnet heilt feil no tru?) var vi himla høgt opp. Det var nok ikkje berre eg som fikk ett sug i magen då. Her står vi ca 700 meter 'høgt oppe' og ser ned på huset til mormor og besten, som vi var på besøk hos i pinsa :)

Og når vi gikk litt lenger ut 'på pynten' fikk vi ei fantastisk utsikt ut over Syvde :)

Utsikta 'tok pusten' frå meg :)

Når vi kom nedatt til hytta vart det meir kaffe og ein sjokoladebit på alle :)

Litt fotografering i gras og lyng vart det også.

Ein 'gullsopp'

Her ser vi litt ukjent lyng, blåbærkart, skogstjerne, fjellmarikåpe, tepperot, blærelyng, molteblomst, skrubbebærblomst, ein fiol (trur eg) og myrull.


Når vi kom nedatt, seint på ettermiddagen, var det klart for heimreis.

Ei kjempekoselig pinsehelg hadde vi :)

mandag 8. desember 2008

Lefsebaking jula 2008

Eg har ikkje begynt den store pyntinga endå,
men i kjøkkenvinduet mitt
kjem det opp eit hjerte kvar dag fram til julafta :)


I fjor baka eg tynnelefse for første gong, og eg syns det gikk veldig bra.
Var vel nesten verdensmester, når eg tenker meg om.
Hørte mange skrekkhistorier
om kor vanskelig det er å kjevle tynne nok lefser osv.
Men eg gikk (sammen med 5 andre) på med dødsforakt.
Vi hadde med oss ei bakstekjerring frå bygda her,
som har baka og solgt lefser i ein mannsalder.
Litt kyndig veiledning er det kjekt å få :)
.......
Eg mestra bakinga bra, fikk skryt for det :)
Og i fjor gikk også steiking, dynking og smøring bra.
.......
Og i år ville eg prøve åleine.
kanskje mest fordi vi ikkje fant ei helg
som passa å treffes til felles bakst.
Men dette hadde eg gjort før, so dette kunne eg.
.......
Vel, baksteunderlaget er viktg,
og mitt er bra - ein kraftig seglduk :),
klipt til og sydd av en lokal seglmaker.

Og kjevlinga gikk også kjempebra,
kanskje eg er eit naturtalent :D

Flott bakstepinne har eg og,
so dette bar heller ikkje på problem.


Lefsene vart tynne og ganske jevne i størrelse :)


Kjevling og steiking gikk som ein leik :)


Brent mjøl vart kosta av takka etterkvart



Og stabelen vart etterkvart fin, 26 lefser til slutt :)



Ein liten kaffetår vart det også undervegs i steikinga :)


Når eg var ferdig å steike var eg forundra over at golvet var so mjølfritt,
for det går ganske hardt for seg av mjølpakken under kjevling.
.......
Og svaret på det fikk eg når eg såg meg under beina :D
.......
Då kom eg på at eg hadde tenkt å ha på meg sko.... :)


OG SÅ BEGYNT MARERITTET....
.......
Lefsene var så sprø,
at dei falt i bitar berre eg såg på dei...
Eg huska ikkje det kvidder av kva eg hadde gjort i fjor.
.......
Eg prøvde forsiktig å dynke dei.....
eg trykte forsiktig på med ein tynn våt klut....
Eg prøvde å vri litt vatn over dei....
Alt var like mislykka....
.......
Eg ringte til mamma...
Gråten sat i halse då,
for mamma hadde egentlig ikkje noke godt råd i etterkant...
Men til neste år legg eg eit fuktig klede
mellom kvar 4-5 lefse mens eg steiker...
Og det har eg skrevet opp iboka.
.......
Den eine lefsa etter den andre gikk i bosset....
Eg prøvde mykje rart...
Til slutt prøvde eg å legge våte klede mellom kvar lese,
og lot dei ligge i 30-40 min.
Då begynte ting å gå min veg igjen.
.......
Etter nokre timar med fortvilelse og og mange håplause forsøk,
har eg no 15 av ialt 26 lefser i frysaren.
.......
Trist at so mykje gjekk til spille,
men eg har mange gode lefser vi kan nyte i jula tross alt.
.......
Og en ting er sikkert at en skal ikkje skryte på seg
at ein kan steike lefser før en har prøvd minst en gong aleine uten kyndig hjelp :)
.......
Neste år prøver eg på nytt....
Og tek med meg dei erfaringane eg gjorde i år... :)