tirsdag 16. juni 2009

Eg har delt min Meconopsis 'Lingholm'.

Kvelden har vore nydelig :)
So då vart det en hagekveld.

Eg har pusla litt rundt og luka litt smått ugras her og der.

So har eg delt og flytta min Meconopsis 'Lingholm'.
Eg var ikkje klar over at den kunne delast,
men las at det kunne den i ett innlegg på hagegal tidligare i kveld.

Den har stått i en vestvegg, heilt inntil huset.
Den har aldri vorte noke større,
men har årlig kome med en stilk som har gitt 2-3 blomster.

Den vart delt i 7 og planta litt rundt om i eit av dei større beda mine.
Der vil den få litt vandrande skygge iløpet av dagen frå ett stort epletre.
So blir der ikkje so knusktørt som det blir heilt inn ved husveggen.
Blir spennande å sjå kva som blir av desse no,
om alle 7 småplantane blir til større nye :)

Sådde Riddersporer, Rosestorkenebb og Revebjeller for ikkje so veldig lenge sida,
og alle tre sortane har spira :)
Rosestorkenebben har kome med berre 2 spirar endå, men der kjem nok fleire.
Dei andre har kome med massevis av spirar :)

Ellers er det rett før dei stiklingsformerte rosebuskene mine sprett ut :)
Fy flate kor eg gledar meg :D

Ha ein fortsatt fin sommarkveld folkens :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar