Klart for Petunias ABC i ord og bilder nr 22 - bokstav V.
I ny blogg :)
I ny blogg :)
Det er utrulig kor fort vekene går,
syns det blir færre og færre dagar mellom kvar gong ABC-innlegga skal postast :D
Vel, denne gongen har eg valgt meg Værhane - crocosmia x crocosmiiflora.
Den står oppført som staude mange plassar når den er i salg,
men egentlig så er det ein liten knoll.
Dette er ein haustblomstrande plante, frå september og utover.
Mange stader (kanskje dei fleste) er ikkje denne vinterherdig,
og må difor takast opp ut på seinhausten og overvintrast inne.
Då er det kanskje lettast å plante den i store potter som kan flyttast inn.
Men her hos meg er den absolutt vinterherdig.
Og sprer seg også godt :)
Litt fordelar må en ha når ein ikkje har skikkelige vintrar :)
Her hos meg kjem ikkje tempen so mykje under null,
og tele i bakken er ei sjeldenhet.
Men eg trur at sjøl om den må takast inn er den so nydelig utover hausten,
at den må vere en plante det er verdt å plante likevel.
Her har eg den i bukett.
Den er fin som snittblomster, sjøl når den har begynt å blomstre av.
Den mister berre dei blomstrane som er visne, og nye kjem lenger ute på akset.
Eg har også tatt inn heilt avblomstra, med berre frøstanden på
til pynt i vaser om vinteren.
Der den er herdig er det greit å la 'graset' stå på til tidlig på våren
og so klippe det ned - før den begynner å spire på nytt.