tirsdag 28. juli 2009

Luking, plenslått og blomstring :)

Aller først litt bilder av 'nye' blomster i hagen.
I dag oppdaga eg at daglilja 'Sammy russell' hadde sprotte ut med 3 blomster :)

I fjor regna blomstringa vekk, får håpe at det ikkje skjer i år også.
Veret har vore ein einaste skuffelse siste 3 vekene.
Får håpe vi får litt meir sommar før høsten kjem.

So har den eine høstfloksen min starta blomstringa si :)
Huskar ikkje navnet på denne akkurat no.
Noke med 'blue...', må sjekke det.
Edit 29.juli-09: Navnet er 'Blue paradise'.


Stokkrosa har også starta blomstringa si.
Den er nydelig. Trudde den skulle bli svart,
men eg surra nok med småspirane i fjor.
Det var berre denne og ein til som overlevde i fjor.
Den andre blomstrar ikkje før neste år.
Kanskje den er svart :)

Eg har også sådd nye, har 4 fine småplantar :)

Alunrot foran Astilber :)

Ei anna Alunrot foran Hosta og Astilber.


Siste dagane har eg fått gjort mykje i hagen.
Mellom alle regnbygene.

Plenen fikk eg først gjort i dag.
Prøvde monge gongar rett før helga,
men kvar gong kom regnet meg i forkjøpet.

I dag rakk eg det før regnet kom :)
Måtte ta ett par bilder med nyklipt plen :)



Før helga fikk eg gravd opp to busker som ikkje var noke særlig å ha.
Ei stikkelsbærbusk,
som var meir dau enn levande.
Vi tok vare på den heilt til no, fordi det var nokre bær.
Men når fuglen rakk å ete dei før oss,
var ikkje buska noke å samle på.

Har også fjerna ei ripsbusk.
Har endå tre til, meir enn nok til at vi ikkje klarer å plukke alt.
Denne buska stod også i vegen både for beda mine og plenklippinga.
Derfor - gone!!


Hekken har også vorte stussa, med den sløvaste kantesaksa som finnes.
Kjøpte den på Rema for 69 kr for å klippe graskantar inn mot beda.
Men den ville ikkje bite gras.
Men sprø greiner på hekken var greit nok.
Altså var ikkje saksa verdt 69 kroner.
Finnes det en moral her - billig kan bli dyrt i lengda :D


I tillegg er alle beda mine grundig luka :)
Det har ikkje vore for mykje luking i sommar.
Den veka (for leeeenge sida) vi hadde sommarvarme var det for varmt.
Etter det har det regna alt for mykje i 3 veker,
og då er det ikkje luking eg kastar meg over når det er oppholdsver.

Men no er det iallefall tatt :)

Hadde besøk av sonen min i dag.
Han fikk sjå revebjella mi,
og lurte på om ikkje det var ett ugras??
Jau dei som veks vilt er vel det svara eg,
men denne har eg sådd sjøl - sånn hagevariant.

So spurte han 'klarer du å hindre at den sprer seg overalt med frø då'?
Hm, tenkte eg, guten har no fått med seg litt om hagestell :D


Det har ikkje vore berre haging i det siste.
Kapp Ahl har hatt salg.
Og eg har virkelig fått handla meg nye klede.
Likar ikkje å bruke pengar på sånt.

No har dei hatt 50% på allerede redusert pris.
Og eg fant mykje :D
3 bukser, 2 skjørt, 4 toppar, 1 tunika, 2 belter,
1 veske og litt klede til prinsesså mi
for litt over 700 kr - ordinærprisen var over 4000!! kr :D

Då likar EG å handle :)


So hadde Skoringen salg :)

50% den eine dagen
149 for desse sandalane :)


70% dagen etter,
149 for desse sandalane :D

Me like :)
Ny garderobe og nye sko for under 1000 kr :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar