søndag 2. august 2009

Tur og naturrapport - blomster i høgfjellet :)

I går når vi stod opp låg hagen min bada i sommarsol :)
For første gang på lenge.
Og då var vi klar for å reise på ferie :)

Sommarfuglbuska mi begynner så vidt å sprette ut,
men den er nok også fin når vi kjem heim

Solsikkene står med store flotte knoppar,
heldigvis held dei også lenge :)

Turen i går gikk mot Tunhovd i Nore og Uvdal kommune, i Buskerud.
Ei lita fjellbygd ca 800 moh.

Men først køyrde vi gjennom masse flott natur :)

Her har vi Bøyabreen i Fjærland i Sogn.
Høgste punktet på denne breen er 1700 moh
og lavaste punktet er 300 moh.
Breen er veldig bratt og her går det masse isras.
Bøyabreen er en brearm av Jostedalsbreen.

Turen skulle gå over Aurland-Hol,
so då måtte vi køyre gjennom Lærdalstunnelen,
en tunnel som er 25 km laaang.
Altfor laaang, syns eg.
Inne i tunelen er det tre enorme 'hallar' eller kva en skal kalle dei
som er opplyste med blått lys.
Men etter 25 km inne i fjell,
er det godt å sjå tunnelåpninga igjen :)

Bildet til høgre er oppe på vidda mellom Aurland og Hol.
Rett før Geiteryggtunnelen.

Rett før Geiteryggtunnelen,
som ligg omtrent på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane
og Buskerud hadde vi oss ett stopp.
Vi såg snøen, og den måtte vi opp til og kjenne på :)

I skråningane oppover mot snøen fant vi masse blomster.
Øverst til venstre: Tyrihjelm - Aconitum septentrionale.
Øverst til høgre: Fjellmarikåpe - Alchemilla alpina.
Nederst til venstre: Stjernesildre - Saxiraga Stellaris.
Nederst til høgre: Brearve - Serastium cerastiodes.

Snøen låg mange plassar langs vegkanten.
Og det er lenge før blåbæra er modne,
sjøl om lyngen allerede har fått litt haustfarge her og der.

Og berre sjå, fottøyet var godt valgt for klatring i fjellet - hi hi.
Rart å holde snø i handa på denne tida av året.

På vei inn mot Tunhovd møtte vi Skippern i vegkanten.
Dette er laga av ein gammal, naturlig trestokk, og har stått her i alle år.

Her er ett litt uklart bilde,
men når eg for andre gang i mitt liv får sjå ein elg
må eg vise bildet eg fikk tatt.
Kanskje eg får sjå fleire,
Tunhovd ligg midt i elgens rike :)
Elgen står omtrent midt i bildet.

Naturen i Tunhovd er veldig spesiell,
skogbotnen er på mange plassar dekt med reinlav.
Så ein kan nesten tru det er kvitt av snø.

Og til slutt ett trolsk vatn rett før vi kom fram i går kveld,
etter en laaang dag i bil.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer m ny, flott blogg! Har trøbbel m mi maskin, så eg har ikkje sett det før. No er eg på nett igjen, så då stikk eg nok innom oftare :)

    SvarSlett
  2. Køyrde forbi huset ditt i går formiddag :) Såg at det var byggeaktivitet. Som du ser i innlegget her so skulle vi køyre ett stykke, so då kunne vi ikkje stoppe. Men eg SKAL ha meg ein tur på høsten. Litt spent på å sjå kordan dokke har fått det :)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med ny blogg, som er myyyye raskere å laste ned! Jeg hadde også problemer med den gamle bloggen din, så nå kommer jeg nok til å besøke den mye oftere! Og fine bilder fra turen din, jammen et variert land vi bor i, fra sommerbed i fullt flor, til snø! Håper da inderlig snøen lar vente på seg lenge enda! Du må ha en fin ferie!

    SvarSlett