lørdag 15. august 2009

En herlig hagedag :) - masse blomstring.

Dagen i går starta med regn og rusk,
men på yr lovde dei finever frå litt ut på formiddagen.
Og eg håpa at det skulle slå til, og det gjorde det :)

Frå tolv-tida hadde vi flott hagingver :)
So då var det berre å komme seg ut og jobbe (kose seg).

Eg tok alle kantar rundt beda,
klipte vekk alt visna og avblomstra.

Sånn med første øyekast såg ikkje plengraset ut til å vere so høgt.
Men når eg begynte på kantstussinga,
såg eg at det hadde grodd godt mens vi var vekke.

Når eg slo plenen måtte eg stille klipparen høgt,
so plenen må nok klippast igjen om nokre dagar.

Det var so herlig når plenen var ferdig klipt,
alt ser so mykje 'ryddigare' ut då :)

Sånn er det foran inngangspartiet mitt.
Sommarfuglbuska har desverre gjort frå seg
den finaste blomstringa mens vi var på tur.

Og stokkrosa mi har vorte diger,
minst 2,5 meter høg no :)
Eg har sådd fleire stokkroser i år,
so neste år vil der vere fleire plantar ilag.

Nokre oversiktsbilder av hagen.
Til høgre: Daglilje 'Sammy russel' og Matrem.
Matremen står so fint langs trappa.
Har hørt at den skal vere toårig,
men eg kan ikkje forstå det for den har stått
på samme plassen dei tre somrane vi har bodd her.

Eg fikk planta Isop'ane piå mi fikk av Lene i Gutua.
Dei fikk plass i strikkekorga mi :)
Revebjellene har eg ikkje bestemt meg for plass endå.
Trur eg må flytte om på litt stauder først.

Akeleia til piå mi blir vel planta i mårgå -
so var det en til som eg ikkje huskar kva var
som heller ikkje er planta.
Må ha litt å gjere resten av helga også :)

Sukkerertplantane er kjempefine no,
og fulle av både ertebelga og blomster.
Dei er nydelige å knaske på :)

Men frilandstomatane mine må eg nok berre innsjå at
blir tomatfrie i år. Dei har nok etterkvart fått nokre blomster,
men med dette grusomme sommarveret vi har hatt
blir det nok kun med blomstringa.

Eg trur eg får vente med sånt til eg har drivhus eller egna planterom.

Epla på epletreet oppom huset har begynt å bli raude og fine.
Dei er kjempegode :)

Vi har også ett epletre nedom huset,
altså på vestsida der eg har beda mine.
Dei er absolutt ikkje etandes, og høgt heng dei og sure er dei.
Heilt til dei dett ned, og det har dei gjort no.

Eg følte at eg gikk på stein når eg klipte plen i dag - usj.
Og det største bedet er frå no og utover stadig fullt av epler :(

Det er ett gammalt tre, so det kunne sikkert vore fjerna.
Men det skjermar litt for innsyn,
og treet er no litt fint med den knudrete stammen sin.
Men akkurat på denne tida av året har eg lyst å fjerne det,
men det går over ;) - når epla er borte :)


Erteblomstane mine er ett sorgens kapittel.
Eg sådde nokre i ett bed, dei vart 20 cm - bom stopp.
Dei eg sådde i urna har nok vorte en del høgre,
men glisne og lite dekkande.
Eg strekte tråd i stativet sånn at dei lettare kunne klatre.
Det ville no dekke, tenkte eg, men neida.

Akssøyleblomsten og Frynsesøta har så smått begynt å blomstre.
men eg må sei at eg likar mykje bedre Kinasøta enn Frynsesøta.
Den gjer litt meir av seg både i form og farge.
Kanskje Frynsesøta blir bedre berre den blir litt større.

So har eg ei enslig Blomkarse i år,
den har sådd seg sjøl, i duken ved kjøkkenhagen.
Den står ikkje i mold idet heile tatt.


Ei Rosarugosa-rose som har spredd seg frå naboen,
den skal få blomstre frå seg før eg riv den vekk.

Ellers er Kransveronikaen min kjempefin i år,
trur den må vere ca 1,5 meter høg :)
Og tett og riktblomstrande.
Den rosa høstfloksen min blomstrar, den kvite blomstrar snart.

Prestekragane mine er digre :)
Nede til venstre kjem ein forsiktig Helenium 'Moerheim beauty'.
Den er liten endå - 3 blomster - nyplanta i fjor høst.
Gleder meg til den sprett ut :)

Nede til høgre har eg ei litt innvaderande Astilbe - A. Chinensis.
Den har fått plass langs muren der den berre kan bre seg.
For i bed vil den fort ta for mykje plass.

Oppe til venstre Sølvevigblomst - Anaphalis triplinervis.
Den er nydelig, og fin å tørke.
Men også den vil etterkvart kreve litt plass.

Nede til venstre er ei søt lita Astilbe, ikkje sikker på navnet no.
Den er ikkje meir enn ca 30 cm høg og har blankt mørkgrønt bladverk.
Blomserspira er lyst rosa, og ser litt sarte ut - nydelig.

Til høgre har C. 'multi blue' begynt å blomstre igjen.
Om ei lita stund begynner også C. 'Ville de Lyon' i samme potta :)

Sommarfuglbuska har som skrevet lenger oppe begynt å dabbe av.
Nede til venstre in Bergknapp - ukjent sort.

Til høgre C. 'warsawska nike'. Den har vore, og er nydelig i år.
Den har ett par år vokst oppetter det gamle epletreet nede i hagen,
og blomstane har vorte oppspist omtrent med det samme dei har sprotte ut.

I fjor høst flytta eg den, og det er eg jammen glad for no :)


Blir spennande å sjå om eg får nokre timar med oppholdsver
i dag også, treng litt meir tid til hagesysling :)

9 kommentarer:

  1. Næmæn så mange flotte bilder Mariann, jammen skal jeg si det blomstrer hos deg. Og se der ja, der har isopen fått plass. Dersom den du ikke husker navnet på og det var en av de du fikk av meg er det sikkert Veronica 'Rosa Töne'.
    Ønsker dere tre en strålende helg!

    SvarSlett
  2. Det var den Veronicaen ja, kom på det no når eg las det :)

    SvarSlett
  3. Hei en kald morgen i august.
    Fann deg når eg satt og kjikka litt på google.
    Du har noen flotte bilder hos deg.
    Ser og at du värt på besök i Kongsvinger og andre plasser her runt.

    Eg bur her på Kongsvinger nå. Men flytta for snart 6 år sen fra Sykkylven.
    eg stikker gjerne inom flere ganger.
    Ha det gott.
    Synne.

    SvarSlett
  4. Koselig med besøk her, det er berre å stikke innom :)

    SvarSlett
  5. Ikke mye håp om hagevær her i dag. Det blåser og regner og jeg har startet varmepumpen og tent i ovnen.
    Derfor er det ekstra koselig å komme inn hit og nye det du har å vise frem:)

    SvarSlett
  6. Hyggelig å se så mange fine bilder fra hagen din! Matremen kjente jeg igjen, ja. Håper den er flerårig hos meg også, for maken til dekorativ og nusselig plante!

    SvarSlett
  7. Nydelige bilder av blomstene! Ha en fin uke!

    SvarSlett
  8. Så fin blogg du har fått og så mange fine bilder!!! Jeg sådde Matrem i fjor og synes den var så lekker at jeg sådde i år også. Det hadde kunne jeg bare ha spart meg, for den har spredd seg over hele hagen. Gjør den ikke det med deg?

    SvarSlett
  9. Eg har min Marem ved siden av trappa, med plen der det ikkje er steintrapp. Det er ett stykke til mold og bed. Eg har sett nokre få småplantar i grusen, men der holder eg på med jernriva innimellom - so det er ikkje nokre problem. Då skal eg altså aldri falle for fristelsen til å plante den i bed ;)

    SvarSlett