tirsdag 26. april 2011

Årets første plenklipp i dag :) og endå ein Aurikkel, ein fylt :)

Starten på dagen var sur og kald,
men ca kl 3 når eg kom heim frå jobb...
ja då kom sola, varmen og fineveret.
Då var saken klar, plenen skulle til pers ;)

Fram med klipparen og fylle på bensin.....
Skal ikkje skryte på meg at eg er veeeldig glad i å klippe plen,
men årets første klipp er det noke spesielt med :)
Og lukta av nyklipt gras, mmmmmm nydelig :)


Når det var unnagjort, tok eg litt kantklipp,
so vart beda luka......
So no er det berre velstand her i hagen :)



Etter endt økt var det kos med is og kaffe,
mens syn og lukt vart tatt inn for fullt :)

Og tenk, endå ein Aurikkel blomstrar i dag,
den første fylte Aurikkelen :)


So litt blomstrings-bilder og raudt bladverk.
Og ja, raudt bladverk det prydar og gir farge til ein vårhage :)



Hosta i forgrunnen, full fart på vei opp.
Og rett bak med rødlig bladverk, 
Mjødurt - Filipendula multijuga ‘palmata nana’.

3 kommentarer:

  1. Flink du er da! Her er det også snart dags for en plenklipp. Men her er litt mye mose, så det vokser veldig ujevnt =) Mykt å gå på, er det i alle fall! Den mjødurten din var nydelig! Jeg elsker flotte bladfarger og mønster!

    SvarSlett
  2. Heisan. Her vart plenen klipt til påske. Er heller ikkje min favoritt-aktivitet. Den fylte aurikkelen var veldig fin... får sååå lyst på fleire når eg ser sånt !! Ha det godt.

    SvarSlett
  3. Ja plenklipp får man ta som trim,så fine blomsterbed masse fine farger har det blitt alt.
    Kos deg med den fine aurikkelen den er helt nydelig, Marit.

    SvarSlett