mandag 25. april 2011

En flott hagedag :)

Dagen i dag starta med sol, og allerede før sola titta 
innom hagen var tempen oppe i 15 grader :)
Det var deilig å starte dagen med kaffe og frokost ute i sola :)

Og ute i hagen var eg/vi heile dagen :),
sjøl om sola takka for seg i 12-tida og
berre var innom på kortare eller lengre visittar etter det.
Bortsett frå litt masse vind innimellom,
var det en varm dag, 18-20 grader også etter at sola for :)

Eg fikk gjort masse hagearbeid i dag,
Eg fikk fjerna alle restar etter forrige års blomstring og vekst.
Alle bregner og Montbretia (Værhane) er klipt ned.
Montbretia er ikkje god å fjerne, det er so lett å prøve å rive den...
med det resultat at eg alltid har ei eller fleire flis i fingrane...
ja ja, i dag vart det berre to.......

I fjor satte eg ned småplantar av Astilber langs store delar 
av muren mot naboen. Når eg fikk rive vekk litt gras rundt 
der i dag, såg eg at mesteparten av plantane har klart seg.
Då blir etterkvart plenklippen litt enklare ut mot kantane. 
Då blir det berre å klippe inntill Astilbene.
Dette har eg gjort med stort hell andre plassar i hagen også :)

På ett område der Skvallerkålen frå nabotomta er litt 
påtrengande, har eg planta fleire sjølsådde rosestorkenebb.
Desse skal vistnok ha ett såpass robust rotnett,
at dei klarer å utkonkurrere røttene til Skvallerkålen.
Eg har ett par sesongar no plukka og plukka alle
Skvallerkålblada som har titta opp av jorda i dette området.
Rosestorkenebba ser ut til å vere flotte og robuste no,
so dei har nok fått godt etablerte røtter.
Men enn so lenge vil eg fortsette å plukke alle
blad av Skvallerkålen som viser seg.

Litt fotografering har det også blitt denne dagen,
alt nytt liv må forevigast :)
I dag har blant anna 2 av Kubjellene sprotte ut :)

Og skogen er grønn, det er herrrlig når bjørka
har sprotte ut :)


Kubjeller har sprotte ut :)



Ett par nye auriklar i dag.




Smågullkorg.



Litt oversiktsbilder av beda mine no i slutten av april:

To bed på vestsida i hagen....



Bedet langs sørveggen........


Bedet langs vestveggen .....

  
Opp langs trapp, på nordsida.......


Opp langs veien:
No er det hageskrinneblomsten som prydar.
Etterkvart vil Vårfloksen blomstre.....
Og seinare på sommaren er det ei rosa Astilbe sin tur :)


Mine 4 Lewisiaer:
Oppe tv: Ukjent akkurat no. Oppe th: L. tweedyii
Nede tv: L. cotyledon Nede th: L. brachycalyx


Skoa mine har so vidt begynt å spire :)


Tausa mi plukkar seg en liten bukett i hagen :)


Og.... hadde det ikkje vore 1. påskedag i dag,
då hadde eg garantert klipt plenen i dag :)
Det verste eg veit er når hagen er rydda og 
plenen er laaaang og uryddig ;))

1 kommentar:

  1. Så mange flotte Aurikler og primula du har i hagen! Kubjellene var flotte i fargen og grå Aurikkel har jeg aldri sett før.

    Ha en fortsatt flott dag!

    SvarSlett