tirsdag 23. juni 2009

Årets første blåbær og ei fin jonsokfeiring :)

I dag fant og plukka eg årets første blåbær.
Og dei fant eg 110 meter over havet :)

Eg vart mildt sagt overraska,
for vi har ikkje hatt det spesielt sommarlig i det siste.

Og det var ikkje berre 2-3 bær, men massevis :)
Det var nok til at ei horde med barn fikk ett par bær kvar,
og eg sjøl nokre fleire enn 2 :D
Dei var nydelige,
dei smaka SOMMAR :)

Ellers har vi hatt ei fin jonsokfeiring :)
Dagen starta med lav skodde og skoddeyr,
som varte utover dagen,
men på yr lovte dei bedring i veret og eg var optimistisk :)

Og sånn tidlig på ettermiddagen kom fineveret,
og kvelden i fjøra vart rett og slett flott :)

Vi hadde ett lite bål so vi fikk spidde pølse og marsmallows på.
Dei større båla såg vi på hos naboane og rett over fjorden.

Ellers laga vi selvfølgelig strandakvarium i dag også :)
Vi var 4 ivrige voksne og 2 minst like ivrige ungar,
som løfta på tang, tare og stein for å finne skattar i fjøra.

Vi hadde det so kjekt og veret var so deilig,
at det var vanskelig å ta kvelden :)

Og no skal vi vist få sommar minst ei veke framover -
eg gledar meg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar